Frå diplomati til akademi

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1997

Førsteamanuensis Juan Pellicer:

Tyrefekting, diplomati og litteratur. Det har vore dei tre lidenskapane i livet til førsteamanuensis Juan Pellicer ved Klassisk og romansk institutt. Diplomatlivet avslutta han i 1981, då han gjekk av som Mexicos ambassadør i Noreg.

AV MARTIN TOFT

Det er ein svært hyggeleg mann som møter oss på eit heilt vanleg førsteamanuensiskontor ved Universitetet i Oslo. Han viser oss fleire bind med diktsamlingar av den meksikanske lyrikaren Carlos Pellicer.

- Denne mannen var onkelen min, og i dag blir han rekna som ein av Mexicos største lyrikarar. I år feirar dessutan heile Mexico hundreårsdagen for hans fødsel, fortel Juan Pellicer som om lag midt i livet fylgde i fotspora til onkelen sin og begynte å studera spansk og latinamerikansk litteratur ved UiO. Men den aller første lidenskapen til Juan Pellicer var tyrefekting.

TYREFEKTING

- Eg var seks år, då eg så smått begynte å tørrtrena på tyrefekting. Etter kvart blei det litt meir alvorleg, og eg begynte å driva med tyrefekting med spesialtrena oksar. Eg blei aldri profesjonell tyrefektar, men eg har vel til saman tatt livet av rundt 25 oksar, smiler Pellicer.

- Kva var det som gjorde at du blei så tidleg interessert i denne sporten?

-Faren min var president i styret for verdas største tyrefektararena, Plaza México i Mexico By. Dermed blei eg tidleg tatt med på tyrefekting og det blei straks ein lidenskap for meg. Det året eg fylte 26 år, døydde faren min, og eg overtok presidentvervet etter han, fortel Pellicer.

AMBASSADøR I NOREG

I 1968 blei han ferdig utdanna jurist og han fekk stipend for å dra til Storbritannia for å studera offentleg administrasjon i utviklingsland ved London School of Economics. Der trefte han også norskamerikanske Holly som seinare blei kona hans. Etter sju år i Det meksikanske utanriksdepartementet blei han i 1977 utnemnt til Mexicos ambassadør i Noreg.

-Det var eg sjølv som hadde sett Noreg på toppen av ynskjelista over dei land der eg kunne tenkja meg å vera ambassadør. Det var først og fremst av omsyn til kona mi som kom frå ein norsk familie i USA, og som tala norsk flytande. Dessutan hadde me to barn på seks og tre år som me meinte ville kunna få ein god og sunn oppvekst i dette landet.

- Kva minnest du med størst glede av det som skjedde i di ambassadørtid?

- Utan tvil underskrivinga av kulturavtalen mellom Noreg og Mexico i 1980. Dette var den første kulturavtalen Noreg skreiv under med eit land i Amerika, inkludert USA. Difor var eg svært nøgd, då eg kunne setja namnet mitt under denne avtalen saman med den dåverande norske utanriksministeren, Knut Frydenlund.

I 1981 var fireårsperioden som Mexicos ambassadør i Noreg ute, og Det meksikanske utanriksdepartementet hadde planar om å senda han som ambassadør til eit anna europeisk land. Men Juan Pellicer ville det annleis og hoppa av diplomatlivet.

VILLE BLI I NOREG

-Eigentleg passa det veldig dårleg å dra frå Noreg den gongen, for kona mi hadde enno ikkje avslutta hovudfaget sitt i spesialpedagogikk her i Oslo. Eg var også blitt svært trøytt og utsliten av byråkratiet både i Noreg og i Mexico. Det tradisjonelle diplomatlivet med representasjonar, middagar og mottakingar tiltalte meg ikkje lenger. Det var blitt altfor overfladisk for meg.

- Var det dei einaste grunnane til at du sette punktum for diplomatkarrieren?

- Vel, det var også politiske grunnar til det. Eg delte ikkje lenger den politiske linja til den meksikanske regjeringa og var svært kritisk til det autoritære politiske systemet i heimlandet mitt som også var sterkt krydra av korrupsjon. Det var nok også sterkt medverkande til at eg fann ut at eg ville bruka livet mitt til noko anna enn å gå i diplomatmiddagar.

STUDERTE SPANSK I NOREG

- Då begynte den nye akademiske karrieren din i Noreg?

-Ja, eg blei invitert av Romansk institutt til å halda førelesingar om Den meksikanske revolusjonen, og eg heldt fram med å jobba der som hjelpelærar. Men eg ville gjerne ha fast stilling ved instituttet, og då visste eg at det ikkje var nokon veg utanom den vanlege akademiske karrierevegen i Noreg. Difor begynte eg å studera spansk her ved universitetet og eg tok mellomfagseksamen i 1985, det same året som den yngste dottera vår kom til verda.

- Men enno var det langt igjen før du kunne rekna med å få fast stilling ved instituttet?

- Eg måtte sjølvsagt også ta hovudfag i spansk og så til slutt fekk eg også eit tre år langt doktorgradsstipend. I 1995 var eg endeleg ferdig med ei avhandling om ein roman av den meksikanske forfattaren Juan García Ponce, og nyttårsdag 1996 fekk eg endeleg fast stilling som førsteamanuensis her ved Klassisk og romansk institutt.

- Har du nokon gong angra på at du hoppa av diplomatkarrieren?

- Nei, slett ikkje. Eg er glad for at eg valde å bli her i landet, slik at eg kunne ha familien rundt meg heile tida, i staden for å få familielivet øydelagt ved å bli sendt frå land til land.

Diplomatlivet er jo også ein trist affære for ektefellen til diplomaten som ikkje kan driva med noko anna enn å halda gemalen med selskap og gå i selskap saman med ektemaken.

INDIANAROPPRøRET VEKTE OPP MEKSIKANARANE

- Kva tykkjer du om den politiske utviklinga i heimlandet ditt i dag?

- Det er svært spennande det som skjer i Mexico no, for det politiske systemet er i ferd med å endra seg med sjumilssteg. Og det vil eg gi indianaropprøret i delstaten Chiapas i Sør-Mexico æra for. Dette opprøret vekte det meksikanske folket opp av ein 65 år lang dvale og rydda vegen for demokratiseringa av det politiske systemet i landet. Dette opprøret sette også søkjelyset på det største problemet i det meksikanske samfunnet; forholdet mellom dei kvite meksikanarane og urfolket, indianarane. Kort fortalt konflikten mellom den vestorienterte kulturen og den indianske kulturen.

- Kva fylgjer har dette opprøret fått for andre meksikanarar?

- Dei har blitt merksame på at det finst 10 millionar indianarar blant dei 90 millionar meksikanarane og at ei ekte demokratisering av Mexico også inneber at dei får rett til å bruka sine eigne språk og dyrka sine eigne kulturtradisjonar. "Subcomandante" Marcos som leier indianaropprøret i Chiapas, er også ein vis og klok mann som går langt utanpå alle andre politikarar og intellektuelle i Mexico. Ja, etter mi meining er han den dyktigaste og flinkaste politikaren av alle i heimlandet mitt i dag. Eg trur også han snart vågar å stilla opp på offentlege møte i hovudstaden Mexico By, ja, kanskje allereie under den store indianarkonferansen der seinare i haust.

- Kva andre ting vil du trekkja fram av det som skjer i Mexico no?

- Då må eg sjølvsagt nemna sigeren til opposisjonspartiet PRD under ordførarvalet i verdas største by, Mexico By. Det skal bli interessant å sjå kva den tidlegare presidentkandidaten og guvernøren Cuauhtémoc Cárdenas klarer å få til som ordførar i denne byen. Han må utan tvil begynna å samarbeida med presidenten, og det kan bli ei stor utfordring både for han og for president Ernesto Zedillo.

DIKTATOREN I LATINAMERIKANSK LITTERATUR

I dag kombinerer Juan Pellicer interessa for politikk og litteratur ved å halda temaførelesingar om fenomenet diktatoren i Latin-Amerika og korleis han har blitt framstilt av latinamerikanske forfattarar som Alejo Carpentier frå Cuba og Gabriel García Márquez frå Colombia.

- Og kva gjer du på i fritida?

- Ja, om vinteren går eg masse på ski i Nordmarka. Det blir i alle fall ein tre timar lang tur kvar helg, sjølv om stilen nok avslører at eg ikkje er fødd med ski på beina. Og så går eg jo av og til på møte i Club Taurino som er foreininga for tyrefektarinteresserte nordmenn, smiler Juan Pellicer.

AMBASSADØR: Førsteamanuensis Juan Pellicer ved Klassisk og romansk institutt var tidlegare Mexicos ambassadør i Noreg. (Foto: Ståle Skogstad)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1997
Publisert 4. sep. 1997 11:11 - Sist endra 1. sep. 2014 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere