Vil integrera funksjonshemma elevar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1997

Palestinske professorar samarbeider med Institutt for spesialpedagogikk:

- Me vil gi funksjonshemma elevar sjansen til å føra eit så normalt liv som mogleg. Difor vil me integrera desse elevane i dei vanlege skuleklassane. Det seier dekanus Ali Habayeb ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved An-Najah-universitetet i Nablus i Dei sjølvstyrte palestinske områda.

AV MARTIN TOFT

Dette universitetet har inngått ein samarbeidsavtale med Institutt for spesialpedagogikk ved UiO som legg spesiell vekt på integrering av funksjonshemma. Både studentar og lærarar ved Institutt for spesialpedagogikk har fleire gonger vore ved dette universitetet i Nablus i samband med prosjektet.. Og i slutten av førre månad kom dekan Ali Habayeb og instituttleiar Maher Abu Zant ved Institutt for sosiologi på besøk til førsteamanuensane Siri Wormnæs og Liv Randi Opdal ved Institutt for spesialpedagogikk.

UNIVERSITETET STENGT

- Bombeattentatet på marknadsplassen i Jerusalem tidlegare i sommar førte til at alle vegane til og frå Nablus blei stengde. Dermed kunne ikkje fleirtalet av studentane og lærarane koma til universitetet, og difor såg me oss nøydde til å halda det stengt i ein periode. Det seier Maher Abu Zant som også understrekar at arbeidet med integrering av funksjonshemma elevar i skulen er nært knytt til den politiske situasjonen i området.

- Mange av barna og ungdommane i Dei sjølvstyrte palestinske områda blei funksjonshemma fordi dei blei skadde av kuler frå israelske soldatar under det palestinske opprøret intifadaen, seier Abu Zant.

FUNKSJONSHEMMA BARN OG UNGDOMMAR

I dag reknar ein med at rundt 20 000 palestinske barn og ungdommar frå 0 til 14 år er funksjonshemma. Undersøkingar har vist at truleg så mange som fire av ti av desse ikkje går på skulen. Dette vil dei palestinske skulestyresmaktene no prøva å endra, fortel Habayeb.

- I samarbeid med Institutt for spesialpedagogikk har me organisert fleire kurs for lærarar for å læra dei opp i metodar for korleis dei kan integrera funksjonshemma elevar i vanlege klassar. Mange av lærarane har sjølv kome med gode og kreative idear til korleis dette kan gjerast, trass i at den økonomiske situasjonen gjer det umogleg for oss å kjøpa inn det same utstyret som blir brukt i norske skular, forklarar Habayeb som er svært nøgd med dei råda og den hjelpa dei har fått frå Siri Wormnæs og Liv Randi Opdal.

FYLGJE AV OSLO-AVTALEN

Avtalen mellom An-Najah-universitetet i Nablus og Institutt for spesialpedagogikk er ei direkte fylgje av Oslo-avtalen. Men også før denne fredsavtalen var underskriven, hadde Siri Wormnæs vore i kontakt med dei palestinske leiarane.

- Eg arbeidde ved ein palestinsk institusjon i Egypt på slutten av 80-talet, og der oppmoda dei meg til å setja i gong prosjekt for integrering av funksjonshemma barn på Vestbreidda. Etter at Oslo-avtalen hadde blitt underteikna nokre år etter, oppfordra Utanriksdepartementet universitetet til å inngå samarbeidsavtalar med universitet i dei palestinske områda, og då var dette prosjektet eit av fleire som fekk økonomisk støtte frå NORAD, opplyser Wormnæs til Uniforum.

STUDENTUTVEKSLING

Sidan samarbeidsavtalen blei underteikna i fjor, har tre norske hovudfagsstudentar vore på feltarbeid i Dei sjølvstyrte palestinske områda. Etter kvart håpar instituttet også å kunna ta imot palestinske studentar som kan ta masterstudiet ved Institutt for spesialpedagogikk..

- Men førebels har dette stranda på at søkjarane har hatt for dårlege engelskkunnskapar, seier Siri Wormnæs.

PALESTINSK BESØK. Dekan Dr. Ali Habayeb ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved An-Najah-universitetet i Nablus og leiar for institutt for sosiologi ved det same universitetet, Dr. Maher Abu Zant samarbeider med Liv Randi Opdahl (t.v). og Siri Wormnæs (t.h) ved Institutt for spesialpedagogikk om integrering av funksjonshemma elevar. (Foto: Ståle Skogstad)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1997
Publisert 4. sep. 1997 11:11 - Sist endra 1. sep. 2014 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere