Skal skriva historia til norsk u-hjelp:

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1997

Senter for utvikling og miljø:

Senter for utvikling og miljø ved UiO har fått i oppdrag frå Utanriksdepartementet å skriva historia til norsk utviklingshjelp. Utanriksdepartementet har til saman løyvd 10 millionar kroner til dette prosjektet. Tre forskarar skal samarbeida om denne oppgåva som skal vera avslutta innan år 2002.

AV MARTIN TOFT

Senter for utvikling og miljø vann kontrakten om å skriva historia til norsk utviklingshjelp.

- Me la vekt på at dette forskingssenteret hadde eit godt fagleg miljø og kunne stilla med kontorplassar og andre viktige hjelpemiddel for dei forskarane som skal arbeida med prosjektet, opplyser historieprofessor Helge Pharo til Uniforum. Han sit i styringsgruppa som er fagleg ansvarleg for prosjektet. I denne styringsgruppa sit det representantar for kvart av dei historiske institutta ved universiteta i Noreg . Dessutan sit det ein representant for utviklingsforskingsmiljøet og ein representant frå Utanriksdepartementet i gruppa.

FERDIG I ÅR 2002

Prosjektet vil utgjera den tredje delen av historia om norsk utanrikspolitikk. Tidlegare har Institutt for forsvarsstudier skrive historia om norsk utanrikspolitikk og det held no på med historia om norsk tryggingspolitikk.

- Historia om norsk utviklingshjelp skal etter planen liggja føre i tre bind og vera klar til 50-årsjubileet for Keralaprosjektet i India som blir rekna som starten på norsk utviklingshjelp, fortel Pharo. Dette jubileet skal markerast i år 2002.

OPEN HALDNING

Helge Pharo vil gi honnør til Utanriksdepartementet fordi det stiller alt aktuelt arkivmateriale om norsk utanrikspolitikk heilt fram til i dag til fri disposisjon for forskarane.

-Det er ikkje ofte det skjer når det gjeld oppdragsforsking, seier Pharo som er imponert over denne opne haldninga til Utanriksdepartementet.

STOR OPPMUNTRING

Senterleiar ved Senter for utvikling og miljø, Desmond McNeill er godt nøgd med at dei har fått tildelt denne oppgåva.

-Det er ei stor oppmuntring og ein viktig stimulans for oss. Det er allereie fleire historikarar som arbeider hos oss, og me tar med glede imot fleire, seier McNeill. Han peikar også på at han sjølv og professor Kristi Anne Stølen begge har vore rådgjevarar i NORAD.

- Det viser at me har svært god kompetanse på dette området, avsluttar Desmond McNeill.

Forskarstillingane for det rundt fire år lange prosjektet blir lyste ut i løpet av hausten.

U-HJELSPHISTORIE. Desmond Mc Neill er godt nøgd med at Senter for utvikling og miljø skal skriva historia til norsk utviklingshjelp. (Foto: Ståle Skogstad)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1997
Publisert 4. sep. 1997 11:11 - Sist endra 1. sep. 2014 13:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere