- Eit fritt og sjølvstendig universitet:

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1997

Lucy Smith på årsfesten:

-Universitetet må ta vare på den frie og sjølstendige stillinga det har. Difor kan det ikkje ta på seg meir oppdragsforsking enn i dag, sa rektor Lucy Smith i talen sin under årsfesten i Universitetets Aula tysdag. Der blei 13 forskarar frå Europa og USA utnemnde til æresdoktorar ved Universitetet i Oslo.

AV MARTIN TOFT

- Den frie forskinga ved universitetet kan bli truga, dersom statlege styresmakter står fast på kravet om at det må finansiera meir av drifta ved oppdragsforsking. Dette var ei av åtvaringane rektor Lucy Smith kom med til norske politikarar. Ho viste til at løyvingane til universiteta blei reduserte på statsbudsjettet for 1997, samtidig som det blei krevt at aktivitetsnivået skulle vera like høgt som før. Smith sette også ei grense for marknadstilpassinga til UiO.

IKKJE NOKO SERVICE-UNIVERSITET

- Universitetet i Oslo skal aldri bli noko service-universitet som tilbyd fem månader lange kurs tilpassa dei skiftande behova til marknaden. Me vil ikkje ha den same utviklinga som i Storbritannia der det går føre seg ei evaluering av universitet og forskarar på ein skala frå

0 til 5. Universitetet må og skal alltid vera ein fri akademisk institusjon, understreka Smith.

RESTAURERING AV SENTRUMSBYGNINGANE

Ho tok også til orde for at Regjeringa måtte løyva pengar til restaureringa av sentrumsbygningane til UiO, Universitetets Aula, Urbygningen og Domus Bibliotheca.

-Desse bygningane er ikkje berre viktige i universitetets historie, men også i norsk arkitekturhistorie. Difor burde Regjeringa også ta ansvaret for at restaureringa av desse bygningane held fram, avslutta rektor Lucy Smith framfor ein fullsett Aula med representantar både frå norske og utanlandske styresmakter til stades.

REGNVER, MUSIKK OG æRESDOKTORAR

Regnet hindra det tradisjonelle opptoget av universitetsleiinga, dekanane, Det akademiske kollegium og æresdoktorane frå Urbygningen til Universitetets Aula. Difor starta prosesjonen i år i trappa til Aulaen. Då dei kom inn i salen blei dei møtt med tonar frå Universitetets symfoniorkester som spela Johan Svendsens Festpolonaise. Årsfesten blei også ein demonstrasjon av dei kulturelle tradisjonane til universitetet etter som både Den norske Studentersangforening og Kvindelige Studenters Sangforening deltok med norske folketonar. Det gjorde i høg grad også den unge fiolinisten og kvedaren Arve Moen Bergset som fekk spontan applaus etter å ha framført stevet Såvi Åkeren etter Talleiv Røysland. Saman med Gunvor Skretting på klaver fekk han også vist at han er ein glimrande fiolinist i ein sonate for fiolin og klaver av Edvard Grieg.

Årsfesten blei avslutta med at Eva Østerberg heldt ein tale på vegne av dei 13 nyutnemnde æresdoktorane ved UiO, og heilt til slutt kom leiaren for Studentparlamentet, Jon Anders Henriksen med ei helsing frå studentane.

DIPLOM: Lucy Smith gir professor Jørgen Nørgaard diplomet som viser at han har blitt utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo. (Foto: Eva Simensen)

POMP OG PRAKT: Det var mykje pomp og prakt under årsfesten i Universitetets Aula. (Foto: Kirsten Faustino)

UTNEMNING: Dekan Lise Vislie ved Det utdanningsvitskaplige fakultet utnemner professor James Wertsch til æresdoktor ved Universitetet i Oslo. (Foto: Kirsten Faustino)

VERDSKJENT: Den verdskjente sosialantropologen Mary Douglas blei tysdag utnmemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo.(Foto: Kirsten Faustino)

Gullmedaljevinnerne

Seks av universitetets åtte fakulteter har nominert doktorander til Kongens gullmedalje, og de seks mottok hver sin gullmedalje på universitetets årsfelt i Aulaen tirsdag 2. september.

De seks gullmedaljevinnerne er:

Dr.polit. Tone Kvernbekk, for sitt doktorarbeide "In Search of the Nature of Educational theories",

Dr.scient Børge Holme, for "Structures in Reduced Magnetite. An investigation into Porous Iron Ammonia Synthesis Catalyst",

Dr.odont. Ståle Petter Lyngstadaas for "On the molecular Biology of Tooth Formation. Biomineralization, Structure and Genetics of Calcified Dental Issues",

Dr.polit. Halvard Vike for "Conquering the Unreal. Politics and Bureaucracy in a Norwegian Town",

Dr.med. Eric Camerer for "Aspects of the Cell Biology of the Tissue Factor Pathway of Blood Coagulation" og

Dr.art. Nils Axel Nissen for "Prince and Pauper: The Life and Literary Career of Bret Harte".

Det teologiske og Det juridiske fakultet hadde ikke nominert noen kandidat.

Formidlingsprisen utsatt

Prisen for god forskningsformidling ble ikke utdelt på årsfesten i år. I stedet vil den bli overrakt under åpningen av Forskningsdagene på Universitetsplassen fredag 19. september. Årsaken til utsettelsen er at juryen i juni var usikker på om universitetets fagmiljøer hadde vært godt nok orientert om prisen. Derfor ble fristen for å foreslå kandidater utsatt til 1. september.

- Dette gir fakultetene noe mer tid til å informere sine fagmiljøer, og oppmerksomheten rundt prisen kan bli større, sier informasjonsdirektør Hanne Dirdal.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1997
Publisert 4. sep. 1997 11:11 - Sist endra 1. sep. 2014 13:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere