Større rom for studentdemokratiet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1997

Villa Eika:

Den gamle brune villaen framfor administrasjonsbygningen har fått nytt liv som hovudkvarter for Studentparlamentet, SAIH og International Students' Union. Tidlegare har den vore både politimeisterbustad og universitetsbarnehage.

AV MARTIN TOFT

Både studentpolitikarar og universitetsleiinga spår og håpar at Villa Eika kan føra til oppgangstider for studentdemokratiet ved Universitetet i Oslo.

- Det gler mitt hjarte umåteleg at Studentparlamentet og dei andre studentorganisasjonane kan flytta inn i eit så flott hus . Eg håpar også at huset kan styrka studentdemokratiet ved universitetet. Det sa rektor Lucy Smith då ho sist måndag opna Villa Eika ved å klippa over silkesnora til festsalen. Leiaren for studentparlamentet Jon Anders Henriksen gir henne samtidig ein stor del av æra for at Villa Eika har blitt til studenthus. Han er også stolt over at studentpolitikarane ved universitetet har fått dei flottaste, luftigaste og kanskje også dei største kontora på heile Blindern.

UNIVERSITETET VISER RESPEKT

- Eg får ei kjensle av ærefrykt når me kan flytta inn i eit slikt flott hus, seier Jon Anders Henriksen til Uniforum. Han meiner at studentpolitikarane no vil få gode arbeidsforhold som automatisk også vil gi dei meir arbeidslyst. Samtidig synest han det er viktig med eit slikt bygg fordi det viser at universitetet har respekt for det som studentorganisasjonane driv med.

- Men det viktigaste er likevel at studentorganisasjonane med eit hovudkvarter godt synleg midt på

universitetsområdet på Blindern har blitt meir synlege enn nokon gong før, understrekar Henriksen. Tidlegare hadde studentorganisasjonane kontor i Administrasjonsbygningen.

STØRRE INTERESSE FOR STUDENTPOLITIKK

Han er overtydd om at dette vil føra til større interesse for å driva studentpolitikk blant studentane.

- Ja, allereide dei første dagane me har vore her har me merka at fleire studentar stikk ein tur inn i villaen for å sjå kva me driv på med. Mange av dei seier klart ifrå at dei har lyst til å delta i studentpolitikken, fortel Henriksen.

Direktør Kjetil Flatin i Studentsamskipnaden brukte svært store ord i gratulasjonstalen sin til studentane.

-Ja, når me ser kva tidlegare studentpolitikarar har drive det til seinare i livet, så vil eg våga å påstå at Villa Eika også kjem til å bli eit viktig bygg for Noreg.

I tillegg til alle dei nyinnflytta studentpolitikarane har også Villa Eika fått ein gratis leigebuar. Ei due har nemleg bygd reir i mønet på den gamle villaen frå 1890-åra.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1997
Publisert 22. aug. 1997 16:23 - Sist endra 1. sep. 2014 13:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere