Studentane treng eigne talerøyr!

– Når studentpolitikarar ved Universitetet i Tromsø går til frontalåtak på leiaren for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, for å  ha kunngjort leiarkandidaturet sitt i ei studentavis, er dei dermed med på å sabotera dagens studentdemokrati, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

STUDENTDEMOKRATI: Det er viktig å slå ring om dei lokale studentavisene for at studentdemokratiet skal overleva, skriv Uniforum-.redaktør Martin Toft. 

Foto: Ola Sæther

I mange tiår har norske studentar hatt sine eigne studentaviser som har spegla ulike politiske haldningar hos studentane. Om det ikkje hadde vore for desse studentavisene, hadde studentdemokratiet i dag vore heilt dødt og ikkje berre halvdødt.

Leiaren for Studentparlamentet ved UiO, Susanna Andora Biseth-Michelsen kunngjorde nyleg  leiarkandidaturet sitt i Norsk studentorganisasjon i Universitas, og ho grunngav det med at det er fordi det er den avisa studentane les. Det får leiar og nestleiar i Studentparlamentet i Tromsø, Daniel Hansen Masvik og Martine Tennholm til å skriva eit innlegg i Khrono der dei viser til at dei føretrekkjer å skriva i Khrono som dei reknar som ei avis for studentar i heile landet, medan Universitas er ei avis som berre studentar i Oslo les.

Dei har truleg rett i at det stort sett er studentar i Oslo som les Universitas. Men det er faktisk ingenting som hindrar studentpolitikarane ved Universitetet i Tromsø å bruka si eiga studentavis Midtnattsolposten  i staden for å vera avhengige av Khrono, som eigentleg er ei avis for heile universitets- og høgskulesektoren og ikkje spesielt for studentane.

Når studentpolitikarar ved Universitetet i Tromsø går til frontalåtak på leiaren for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, for å  ha kunngjort leiarkandidaturet sitt i ei studentavis, er dei dermed med på å sabotera dagens studentdemokrati. 

Ved Universitetet i Bergen har studentane også si eiga studentavis, Studvest, samtidig som Bergensutgåva av Khrono, På Høyden, no også prøver å bli ei studentavis i tillegg til å vera ei lokalavis for dei tilsette ved UiB.

Både studentpolitikarar og alle andre medieinteresserte studentar bør no slå ring rundt sine eigne studentdrivne aviser, før dei står igjen på bar bakke og må konkurrera med universitets- og høgskulerektorar og professorar og byråkratar om spalteplass i Khrono.

Det er ikkje bra for universitetsdemokratiet om ei universitetsavis prøver å bli den einaste universitetsavisa i Noreg

Ei studentavis skal vera driven av studentar og kanskje vera litt frekkare enn universitetsavisene. Samtidig er studentavisene også viktige for dei studentane som ser føre seg ein karriere i mediebransjen. Det er på mange måtar ein opplæringsstad for framtidas journalistar.

Det er ikkje bra for universitetsdemokratiet om ei universitetsavis prøver å bli den einaste universitetsavisa i Noreg. Det er heller ikkje bra om den same avisa med avleggjarar også prøver å ta over rolla som studentavisa for studentar i heile landet.

Studentpolitikarane både i Tromsø og i resten av landet bør difor ha ei felles interesse av at dei lokale studentavisene overlever. Om dei ikkje alltid likar det dei skriv, så er det fordi studentavisene og studentpolitikarane har ulike roller. Begge partar har felles interesse av eit best mogleg studentdemokrati og best moglege forhold for ytringsfridomen for studentar og alle andre på utdanningsinstitusjonane.

Nettopp derfor forstår me at leiar i Studentparlamentet ved UiO, Susanna Andora Biseth-Michelsen lanserte leiarkandidaturet sitt i Universitas. Ho har forstått at studentavisa er eit viktig organ for å nå studentane.

Uniforum vil oppfordra studentpolitikarane i Tromsø til å støtta opp om og slå ring om si eiga studentavis. Dess meir mediemangfald blant studentane, dess betre studentdemokrati.

Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 20. mars 2019 00:16 - Sist endra 20. mars 2019 00:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere