Totalt 13 søkjarar ønskjer seg Ingar Myking sin gamle jobb. Ein av dei er På Høyden-redaktør Dag Hellesund, melder På Høyden. På den offentlege delen av søkjarlista til stillinga som kommunikasjonssjef ved UiB står det ni namn; tre kvinner og seks menn. Fleire av desse har kommunikasjons- eller mediebakgrunn.
– Spennande stilling
På Høyden-redaktør Dag Hellesund svarar gjerne på kvifor han har søkt jobben. – Det er ei spennande stilling der den som blir tilsett får leia ein viktig jobb for Universitetet i Bergen, konstaterer han.
Hellesund meiner han har gode føresetnader for å vurdera kva jobben går ut på.
– Eg har sett det på nært hald, og eg har difor mange oppfatningar om kva som kan gjerast i ei slik stilling, seier han.
På Høyden-redaktøren synest heller ikkje det gjer noko at det blir offentleg kjent at han er mellom søkjarane.
– Sidan me i i det journalistiske arbeidet vårt i På Høyden heile tida er på jakt etter søkjarlista til viktige stillingar som blir lyste ut i staten , synest eg det er viktig å spela med heilt opne kort når eg søkjar ei stilling. Då skal namnet vera offentleg. Ei slik prinisipiell haldning bør alle som søkjer jobb i staten ha, synest Dag Hellesund.
Vil ikkje verta intervjua
Ein av dei andre søkjarane er Lubna Jaffery (37). Ho er i dag kommunikasjonssjef i Tide. Tidlegare har ho mellom anna vore politisk rådgivar for Arbeiderpartiet og statssekretær i kulturdepartementet.
Marita Monsen (37) er i dag kommunikasjonssjef i Sammen, Studentsamskipnaden på Vestlandet. Det har ho vore i ti år.
Ingen av dei to kvinnene ønskjer å kommentera kvifor dei har søkt stillinga ved UiB.
Asle Haukaas (51) er òg kommunikasjonsdirektør i dag. Han jobbar i dag ved Veterinærinstituttet. Tidlegare har han hatt tilsvarande stillingar hos Noregs Forskingsråd og NHH. PÅ 1990-talet jobba han som redaktør og journalist ved UiB.
Dag Hellesund (44) har òg søkt stillinga. Han er ansvarleg redaktør for På Høyden og har bakgrunn frå mellom anna BA, Dagbladet og Dagsavisen.
Her er søkjarlista
Fire av søkjarane er unntekne offentlegheit.
1.Prodromos Zachariadis (47), Global Manager, Os
2. Francisco Lillo (31), Project manager, Lo barneches
3. Njål Richard Soleng (42), Samnanger
4. Olga Kölsch (36), Marketing Communications Coordinator, Bergen
5. Mannleg søkjer unntatt offentlegheit
6. Mannleg søkjer unntatt offentlegheit
7. Mannleg søkjer unntatt offentlegheit
8. Marita Monsen (37), Kommunikasjonssjef Studentsamskipnaden på Vestlandet, Bergen
9. Lubna Jaffery (37), Kommunikasjonssjef, Bergen
10. Dag Hellesund (44), Ansvarleg redaktør, Bergen
11. Asle Haukaas (51), kommunikasjonsdirektør, Bergen
12. Kvinneleg søkjer unntatt offentlegheit
13. Bjørn Humblen (60), Siviløkonom, Lindås
(Oppdatert kl. 13:38)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere