Flyktning og UiO-tilsett: – Eg er sjokkert over Kissinger-invitasjon

– Eg er djupt såra og vonbroten over at UiO saman med Nobelinstituttet har invitert Henry Kissinger til å delta i ein debatt om verdsfreden i Universitetets aula. For meg er han ansvarleg for drap på millionar av menneske både i Latin-Amerika og i Asia, seier UiO-tilsett og tidlegare flyktning, James Sagaute.

PROTESTERER: UiO-tilsette James Sagaute og Raúl da Cunha måtte flykta frå militærdiktatur i Chile og Uruguay. No protesterer dei mot Oslo-besøket til Henry Kissinger, som dei held ansvarleg for kuppet i Chile og for å ha halde ei vernande hand over andre militærdiktatur i Latin-Amerika.

Foto: Martin Toft

Førstkomande sundag 11. desember møter USAs tidlegare utanriksminister Henry Kissinger og tidlegare tryggingsrådgjevar Zbigniew Brzezinsky kvarandre i Universitetets aula. Nobelinstituttet og Universitetet i Oslo har invitert dei to til å diskutera konsekvensane for verdsfreden etter det amerikanske presidentvalet. Tidlegare i haust stilte Latin-Amerika-ekspert Benedicte Bull seg kritisk til at UiO stod bak ein invitasjon til Henry Kissinger, som var ein av arkitektane bak militærkuppet i Chile i 1973.  

Overraska over at Henry Kissinger er invitert til UiO

Journalist og dokumentarfilmskapar Erling Borgen har også gått hardt ut mot invitasjonen.

Ikkje imponert over dei som protesterer

Direktør Olav Njølstad ved Nobelinstituttet har forsvart invitasjonen. – Eg blir ikkje veldig imponert over norske akademikarar som protesterer mot at Kissinger får uttala seg om viktige internasjonale spørsmål på norsk jord. Det biletet som desse kritikarane teiknar av innsatsen hans som politikar, blir dessutan altfor svart-kvitt. Kissinger har utvilsamt mykje å svara for når det gjeld USAs krigføring i Indokina, kuppet i Chile, med meir. Men me må ikkje gløyma at han også bidrog til å dempa spenningane i den kalde krigen, blant anna gjennom det kreative diplomatiet sitt overfor Kina og Sovjetunionen, sa Njølstad til Uniforum i november.

Måtte flykta frå Chile

No reagerer også UiO-tilsette med bakgrunn som flyktningar frå militærdiktatura i Latin-Amerika på besøket til Henry Kissinger.

James Sagaute kom til Noreg på 1970-talet som flyktning frå militærdiktaturet i Chile. I 1973 blei den demokratisk valde president Salvador Allende frå Sosialistpartiet styrta i eit blodig kupp leidd av general Augusto Pinochet. Dokument som er frigjevne frå CIA, viser at USA med dåverande tryggingsrådgjevar Henry Kissinger i brodden deltok aktivt i planlegginga av kuppet. Då blei det innført eit militærdiktatur som hadde makta heilt fram til folket sa klart nei til Pinochet i ei folkerøysting i 1989. Over 3000 personar blei drepne og over ein million chilenarar flykta utanlands i løpet av dei åra militærdiktaturet hadde makta i landet.

– Skuffa og lei meg

James Sagaute har jobba i Eigedomsavdelinga ved UiO i over 25 år. – Derfor er eg svært skuffa og lei meg over at arbeidsgjevaren min, Universitetet i Oslo saman med Nobelinstituttet inviterer arkitekten bak militærkuppet i Chile til å diskutera verdsfreden etter det amerikanske presidentvalet. For meg er han ein massemordar. Ikkje berre fordi han deltok i planlegginga av kuppet i heimlandet mitt og støtta opp om militærdiktatura i Latin-Amerika, men også for det ansvaret han har for offera etter krigane i Vietnam og i Kambodsja, fortel han.

– Støttar protestane mot besøket

Kollegaen til James Sagaute, Raul da Cunha kjem frå Uruguay. Også han måtte dra frå eit militærdiktatur, og også han arbeider i dag for Eigedomsavdelinga ved UiO. – Henry Kissinger var ein av støttespelarane til diktaturet i heimlandet mitt også. Sjølv deltok eg aktivt i motstanden mot regimet, og eg støttar sjølvsagt protestane mot at Henry Kissinger er invitert til å delta i ein samtale om fred i Universitetets aula, fortel han.

Han peikar på Henry Kissingers rolle som støttespelar for militærdiktaturet i Argentina, og korleis han var sentral i organiseringa av «Operasjon Condor», som handla om å ta livet av motstandarane til militærdiktatura. – Over 30 000 menneske blei drepne eller forsvann som eit resultat av den operasjonen. Difor er eg imot at han blir invitert til å delta i ein samtale på UiO, seier han.

– Uforståeleg at han går fri

James Sagaute viser fram ei teikning av Henry Kissinger inne i ei fengselscelle. – Dette var ei teikning som me brukte i demonstrasjonane mot militærkuppet i Chile og mot støttespelarane til Pinochet på 1970-talet. For meg er det uforståeleg at han går fri, og ikkje har måtta møta opp i ein internasjonal straffedomstol for å svara for brotsverka sine, på same måten som leiarar frå det tidlegare Jugoslavia og Rwanda har måtta gjera. Det kan ikkje eksistera ei lov for dei som representerer ei supermakt og ei anna lov for dei som har vore leiarar for små land. Drap på sivile er drap på sivile uansett kvar det skjer og kven som står bak, meiner han.

Organiserer demonstrasjon mot Kissinger

James Sagaute og Raul da Cunha støttar difor kampanjen som Latin-Amerikagruppene i Noreg har sett i gang mot besøket til Henry Kissinger. – Både LAG-Bergen og LAG-Oslo har meldt Henry Kissinger til politiet for å ha stått bak drap på mellom tre og fire millionar menneske frå den tida han var tryggingsrådgjevar og utanriksminister i USA, fortel dei.

Latin-Amerikagruppene i Noreg vil også organisera ein demonstrasjon på Universitetsplassen samtidig som Henry Kissinger og Zbigniew Brzezinsky deltar i ein samtale i Universitetets aula. – Der skal eg sjølvsagt delta, seier James Sagaute. – Om eg ikkje hadde vore bortreist, ville eg ha gjort det same, fortel Raúl da Cunha.

– Skal vera ekstremt høgt under taket

Det er Nobelinstituttet som saman med Universitetet i Oslo står bak arrangementet i Universitetets aula. I ein kommentar til Uniforum peikar UiO-rektor Ole Petter Ottersen på at det er Nobelinstituttet som har bestemt kven som skal delta i denne samtalen om verdsfreden i Universitetets aula.

– Avgjerda om kven som skulle inviterast, er det Nobelinstituttet som står for, og det er også Nobelinstituttet som står for programmet. Så spørsmål om dette må rettast til dei. Når det er sagt, er det mi meining at det på eit universitet skal vera ekstremt høgt under taket, med ein fri talarstol. Føresetnaden er at den frie talarstolen vert kopla til sjansen for samtale og debatt, understrekar Ole Petter Ottersen. Han synest også temaet dei to amerikanske veteranpolitikarane skal diskutera, er svært relevant.

– Slik eg forstår opplegget skal Brzezinski og Kissinger delta i ein samtale om kva konsekvensar presidentskiftet i USA vil kunna få for internasjonal fred og tryggleik. Dette er eit høgaktuelt tema. Sjølvsagt står alle fritt til å ytra seg og protestera mot at nettopp desse to er inviterte, seier Ottersen til Uniforum.

 

Emneord: USA, Menneskerettar, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 8. des. 2016 11:32 - Sist endra 8. des. 2016 11:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere