Overraska over at Henry Kissinger er invitert til UiO

– Eg er overraska over at UiO og Nobelinstituttet har invitert Henry Kissinger til å diskutera verdsfreden etter det amerikanske presidentvalet. Det seier UiO-professor Benedicte Bull. Ho viser til Kissingers rolle i  militærkuppet i Chile og i krigane i Indokina. Nobelinstituttet forsvarar invitasjonen.

TVILSAME HANDLINGAR: – Eg synest det er viktig å opna UiO for alle slags stemmer. Men Henry Kissinger har stått bak mange tvilsame handlingar både i Latin-Amerika og ikkje minst i Indokina som indirekte har kosta hundretusenvis av liv, fortel professor Benedicte Bull som leier Nettverk for Latin-Amerikaforsking ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Den 11. desember skal den tidlegare amerikanske utanriksministeren og tryggingsrådgjevaren Henry Kissinger delta i ein samtale med ein annan tidlegare tryggingsrådgjevar, Zbigniew Brzezinsky i Universitetets aula. Nobelinstituttet og Universitetet i Oslo har invitert dei til å diskutera verdsfreden etter det amerikanske presidentvalet.  Professor Benedicte Bull er leiar for Nettverk for Latin-Amerikaforsking ved UiO, og ho er forundra over at UiO har invitert Henry Kissinger til å delta i ein slik samtale.

 – Ein av arkitektane bak militærkuppet i Chile

– Det finst mange klare bevis på at han var ein av arkitektane bak militærkuppet mot den lovleg valde presidenten Salvador Allende i Chile i 1973.  Saman med sine medsamansvorne i Chile la han forholda til rette for eit kupp etter først å ha prøvd å hindra den lovleg valde presidenten å innta presidentembetet. Medan dei som samarbeidde med Henry Kissinger om kuppet er stilte for retten og dømde, har ikkje det han gjorde den gongen fått fylgjer for han. Samtidig som USAs tidlegare president Jimmy Carter saman med tryggingsrådgjevar Zbigniew Brzezinsky prøvde å setja i verk tiltak mot overgrepa til militærdiktaturet i Argentina, gjekk Henry Kissinger på fotballkamp med diktatoren Jorge Videla og gjorde det han kunne for å hindra det, fortel Benedicte Bull.

Det var ein av grunnane til at ho blei svært overraska då ho fekk vita at Henry Kissinger i regi av UiO og Nobelinstituttet skulle delta i ein samtale om verdsfreden etter det amerikanske presidentvalet.

– Har stått bak tvilsame handlingar

– Eg synest det er viktig å opna UiO for alle slags stemmer. Men Henry Kissinger har stått bak mange tvilsame handlingar både i Latin-Amerika og ikkje minst i Indokina som indirekte har kosta hundretusenvis av liv, fortel ho.

– Eg stiller spørsmål ved om kvifor han er invitert til å halda foredrag i Nobel fredsprisforum, ettersom fredsprisen til han er den mest kritiserte i historia, og heilt klart ein stor feil. Dei som tykkjer han burde vore stilt for krigsrett, legg vekt på det han gjorde  i Indokina. Han  gav personleg ordre om å bomba Kambodsja utan å venta på ei avgjerd frå Kongressen. Mange peikar på at han med den bombinga tvang prins Sihanouk til å forlata landet, og la grunnen for at redselsregimet til Pol Pot seinare kunne ta makta i Kambodsja, seier ho.

Mange historikarar meiner også at han var ansvarleg for at Vietnamkrigen blei forlengja med fleire år.

– Dei viser til at han overtalte Sør-Vietnams president til å nekta å skriva under det utkastet til fredsavtale mellom Sør-Vietnam og Nord-Vietnam som dei hadde forhandla fram i Paris. Då hadde Kissinger kviskra Sør-Vietnams president i øyra at han ville få meir økonomisk og militær støtte om Richard Nixon vant presidentvalet mot George McGovern i 1972. Det ville bli lettare om det ikkje blei noko fredsavtale i Vietnam. Nixon vann presidentvalet og krigen blei forlengja med tre år, fortel ho.

– Må opna for frynsete aktørar

USA-ekspert Ole Moen er kjent for å vera kritisk til mange delar av det amerikanske samfunnet og til amerikansk politikk. Men han synest det er uproblematisk at UiO og Nobelinstituttet inviterer han til Universitetets aula. –Det finn eg å vera greitt nok. Han er Nobelprisvinnar, om omstridt, og universitetet bør vera så pass ope for ytringar og frynsete aktørar, synest professor emeritus Ole Moen.

– Dei kjenner amerikansk politikk frå innsida

Direktør Olav Njølstad i Nobelinstituttet forsvarar avgjerda om å invitera både Henry Kissinger og Zbigniew Brzezinsky til Universitetets aula for å diskutera verdsfreden etter det amerikanske presidentvalet.

– Både Brzezinski og Kissinger har unike føresetnader til å diskutera det temaet dei er blitt inviterte til Oslo for å snakka om, nemleg «The United States and world peace after the presidential election». Dei er to av vår tids fremste akademiske ekspertar på amerikansk utanrikspolitikk og internasjonal politikk. Bøkene deira blir lesne med stor interesse over heile verda. Begge har dessutan vore politiske avgjerdstakarar på høgaste nivå og kjenner amerikansk politikk frå innsida.

– Korleis reagerer du på kritikken mot at de inviterer ein person som indirekte har mange liv på samvitet gjennom krigane i Indokina og militærkuppa i Latin-Amerika?

– Me har invitert Kissinger i eigenskap av akademikar med framifrå innsikt i amerikansk og internasjonal politikk. Dette har vore profesjonen hans i meir enn seksti år. Eg blir ikkje veldig imponert over norske akademikarar som protesterer mot at Kissinger får uttala seg om viktige internasjonale spørsmål på norsk jord. Det biletet som desse kritikarane teiknar av innsatsen hans som politikar, blir dessutan altfor svart-kvitt. Kissinger har utvilsamt mykje å svara for når det gjeld USAs krigføring i Indokina, kuppet i Chile, med meir. Men me må ikkje gløyma at han også bidrog til å dempa spenningane i den kalde krigen, blant anna gjennom det kreative diplomatiet sitt overfor Kina og Sovjetunionen. Han forhandla også fram den første kjernefysiske våpenkontrollavtalen, SALT 1, og den viktige AMB-avtalen i 1972. Sidan 2007 har han markert seg som ein talsmann for «Global Zero», altså visjonen om ei verd utan kjernevåpen.

– Vil det bli mogleg å stilla kritiske spørsmål til han om desse sakene frå fortida hans også under debattmøtet i Aulaen?

– Nei. Kissinger og Brzezinski er inviterte til å halda foredrag og delta i ein diskusjon om internasjonal fred og tryggleik etter presidentvalet i USA.

– Reknar du med at det blir protestar?

– Det har eg inga formeining om. Eg må vedgå at eg er langt meir spent på kva Brzezinski og Kissinger vil ha å seia om temaet for møtet, enn om nokon måtte ynskja å protestera mot at dei er inviterte.

– Vil spørja om han er lei seg

Alfredo Zamudio kom til Noreg som 16-åring i 1976 saman med faren sin som var politisk flyktning frå Chile. I dag er Zamudio leiar av Nansen Fredssenter på Lillehammer. Han reagerer ikkje negativt på at Henry Kissinger er invitert til å snakka om verdsfreden etter presidentvalet i USA. – Det er ein viktig del av eit demokratisk og ope samfunn å koma i dialog med motparten. Men når han er i Oslo vil eg gjerne at han let guten som var 12 år då han opplevde kuppet i Chile, få stilla han eit spørsmål.  Er du lei deg for dei personane som blei drepne, og den torturen som mange av foreldra våre blei påførte av våre landsmenn som eit resultat av verdsbiletet under Den kalde krigen? Den vesle guten på 12 år må få svar på dette spørsmålet frå ein gammal mann på 93 år og få svar på kvifor dei gjorde det dei gjorde og om han angrar på det i dag.

– Faren din var ein av som dei som måtte flykta frå Chile på grunn av undertrykkinga til diktatoren Augusto Pinochet. Korleis reagerte han på det Pinochet hadde gjort?

– Han var aldri ute etter hemn og var imot at han skulle få dødsstraff. For han var det viktig at Pinochet sjølv og alle andre fekk høyra  heile sanninga om det han hadde gjort under militærdiktaturet, seier Alfredo Zamudio til Uniforum.

(Me gjer for ordens skuld merksam på at Benedicte Bull er vararepresentant i styret for Uniforum)

 

 

 

 

Emneord: Statsvitenskap, USA, Historie, Latin-Amerika, Asia Av Martin Toft
Publisert 10. nov. 2016 05:00 - Sist endra 10. nov. 2016 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere