Kristin Vinje: – Ikkje problem med målkrav til forsking

– Veterinærinstituttet har fått krav om at forskinga dei driv skal understøtta måla regjeringa har sett i Fiskeoppdrettsmeldinga. Slike saker er stadig aukande, sa SVs stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes i ein forskingspolitisk debatt i går. Høgres Kristin Vinje meinte dette var udramatisk.

KRITISKE: Fleire stortingspolitikarar var kritiske til at det blei stilt strengare målkrav til forskinga. F.v. Torgeir Knag Fylkesnes (SV), Marianne Aasen (Ap), Anne Tingelstad Wøien (SP), Iselin Nybø (V), Une Aina Bastholm (MDG), Kristin Vinje (H) og Lill Harriet Sandaune (FrP).

Foto: Ola Sæther

Det var på Forskarforbundets seminar i går, SVs stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes og Høgres stortingsrepresentant Kristin Vinje rauk i tottane på kvarandre når det gjaldt nye mål til relevans av forskinga. Temaet for debatten var kven som eig forskinga. Representantar for alle stortingspartia, bortsett frå KrF deltok i ordskiftet.

SVs Torgeir Knag Fylkesnes meinte altså at Veterinærinstituttet hadde fått klare pålegg om å understøtta måla i Fiskeoppdrettsmeldinga.

– Det heng saman med diskusjonen mellom fiskeriminister Per Sandberg og Havforskingsinstituttet og om flyttinga av iskanten, sa Knag Fylkesnes.

Høgres stortingsrepresentant Kristin Vinje tykte han ikkje trefte mål med kritikken sin. – Dette handlar om kva område me skal forska på.

– Vil ikkje det seia at forskinga skal understøtta næringspolitiske mål? spurde debattleiar Aslak Bonde.

– Det er ikkje noko nytt å setja mål for forskinga. Men me skal ikkje setja detaljerte mål. Difor ser eg ikkje noko stort problem med dette, svara Kristin Vinje.

– Forsking er i slekt med sanning

I innlegget sitt peika Torgeir Knag Fylkesnes også på skilnaden mellom forsking og politikk.

– Forsking er i slekt med sanning, medan politikk er i slekt med propaganda.  I politikken vil me difor alltid bruka forskingsresultat som støttar opp under eiga sanning, understreka han. Senterpartiets Anne Tingelstad Wøien peika på at det beste ville vera om politikarane ikkje berre las forskingsresultat som støtta deira eigne synspunkt. – Dei kan sjølvsagt trekkja fram forskingsrapportar som viser ditt og datt, men dei må også lesa andre rapportar som støttar opp om det motparten står for,  slo ho fast. 

– Mange sjølverklærte USA-ekspertar

Arbeidarpartiets Marianne Aasen var opptatt av å avkle dei som var sjølverklærte ekspertar.  – Det var utruleg mange USA-ekspertar før presidentvalet i USA.  Men det var mange av dei som ikkje kunne visa til at dei hadde doktoravhandling i USA-kunnskap. Den eine av dei som hadde det, gav oss i Stortinget ei nøktern og god forklaring på kva som ville skje under det amerikanske presidentvalet utan drastiske spådommar. Så sjekk om ekspertane har doktoravhandling i temaet som  dei uttaler seg i, var hennar oppfordring. 

Framstegspartiets stortingsrepresentant Lill Harriet Sandaune var også heilt klar på kor viktig det er med fri forsking. – Uavhengige forskarar er viktige premissleverandørar. Dei nyt stor respekt. Me må stilla krav til oppdragsgjevarar og sikra at forskarar har rett til sitt eige verk. Difor er sjølvstende og openheit svært viktig, slo ho fast. 

– Forskarar må stå fram med det dei veit

Venstres Iselin Nybø peika på at ikkje alle forskingsresultat samsvarte med dei politikarane håpa på:

– Mange trudde at forsking ville visa at fysisk aktivitet i skulen ville lønna seg for elevane.  Det er ikkje alltid det stemmer. Difor blir det motsetningar mellom politikarar og forskarar. Men dei forskarane som veit noko, har ansvaret for å stå fram med det dei kan, understreka ho.

Une Aina Bastholm frå Miljøpartiet Dei Grøne, brukte høvet til å forklara kvifor hennar parti hadde fått vind i segla. – Me har grunnlagt partiet vårt på grøne verdiar, verdiar som tidlegare blei underkjende i politikken.  Gode politikarar klarer å bruka forskinga på forskinga sine eigne premiss, minna ho forsamlinga om.

 – Må byggja på verdiar

Prorektor Ragnhild Hennum ved Universitetet i Oslo fekk også ordet og kom med ei kraftig oppfordring til panelet: 

–Det tok 50 år før DNA-molekylet blei oppdaga til forskarane fann ut kva det kunne brukast til. Difor er det viktig å støtta langsiktig forsking og ikkje berre programforsking. Og dessutan er det viktig at det byggjer politikken dykkar på verdiar, ikkje berre på forskingsresultat. Om de hadde gjort det, ville det ikkje ha blitt mykje politikk, sa ho.

Underskreiv «Forskerløftet»

Paneldebatten blei avslutta med at alle politikarane skreiv under på «Forskerløftet».  Der lovar dei mellom anna å forsvara den akademiske fridomen, både i Noreg og i andre land. Dessutan kom dei med lovnad om at dei alltid skulle sitera forskarane korrekt og gjengi forskingsresultata korrekt. 

SKREIV UNDER "FORSKERLØFTET": Stortingspolitikarane står saman bak "Forskerløftet." F.v. Marianne Aasen (Ap),Torgeir Knag Fylkesnes (SV),Anne Tingelstad Wøien (Sp), Iselin Nybø (V), Kristin Vinje (H), Petter Aaslestad (Forskarforbundet), Lill Harriet Sandaune (FrP) og Une Aina Bastholm (MDG) (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. nov. 2016 14:28 - Sist endra 16. nov. 2016 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere