Viser fram norsk solidaritetsarbeid med Spania

For 80 år sidan starta den tre år lange spanske borgarkrigen. I dag, måndag 10. oktober opnar ei utstilling i Galleri Sverdrup som viser den norske Spaniahjelpa i byane Oliva og Alcoi i Valencia-regionen.

SOLIDARITET MED SPANIA: Forfattar Dorte Skulstad (lengst til høgre) og professor Knut Aukrust står bak utstillinga om den norske Spania-hjelpa i Oliva og Alcoi under Den spanske borgarkrigen. Kirsten Berrum  (i midten) har designa utstillinga i Galleri Sverdrup.

Foto: Ola Sæther

Sommaren 1936 gjorde Francisco Franco eit mislykka kupp mot den lovleg valde regjeringa i Spania. Det blei starten på ein blodig borgarkrig som først tok slutt då Franco-styrkane med solid støtte frå Hitler-Tyskland og Mussolinis Italia klarte å få kontroll over heile landet i 1939.

– Tabu i Spania til 2007

Dei store lidingane blant barn og sivile førte til pengeinnsamlingar blant fagorganiserte og andre i Noreg til bygging av barneheimar og sjukehus i byane Oliva og Alcoi i Valencia-regionen.

– Heilt fram til 2007 var det tabu i Spania å snakka om både lidingane og solidaritetsarbeidet under Den spanske borgarkrigen. Men etter at den siste sosialdemokratiske regjeringa i Spania sette i gang «Minnegjenfinningsprosjektet» har desse historiene kome fram i lyset.  I byen Alcoi  lagde dei ei utstilling av måleria til den lokale kunstnaren Antoni Miró. Han brukar bilete frå sjukehuset som blei finansiert av norsk og svensk fagrørsle som inspirasjon for kunsten sin. Og i byen Oliva lagde dei ei utstilling med bilete frå barneheimane som blei bygt med pengar frå norske givarar, fortel Spania-ekspert og professor i kulturhistorie, Knut Aukrust. Saman med fagbokforfattar Dorte Skulstad såg han  utstillingane, og dei tok initiativet til å få begge desse utstillingane til Noreg. 

Finansiering frå LO

 – Etter ein samtale med ein kjenning i internasjonal avdeling i LO var finansieringa i mål. Så fekk me også tips om at Galleri Sverdrup på UiO var ledig. Då blei også Universitetsbiblioteket med på prosjektet saman med Institutt for kulturstudium og orientalske språk ved UiO, fortel Dorte Skulstad.  

Dei viser til at så mange som 200 frivillige drog til Spania som framandkrigarar for å støtta den republikanske sida mot Franco-styrkane.

– Frivillige drog frå Utøya til Spania

– Nokre av dei drog rett frå AUF-leiren på Utøya for å delta i borgarkrigen i Spania. Dei blei kalla både forrædarar og kommunistar i Noreg. Ein av dei som drog var Martin Schei. Under utstillinga blir det mellom anna vist ein dokumentarfilm om han, fortel Aukrust. 

To andre sentrale personar i det norske solidaritetsarbeidet i Spania, var Nini Haslund Gleditsch og mannen hennar Kristian Gleditsch.  – Ho var leiar for det internasjonale barnearbeidet og hadde kontor i Valencia, som blei hovudstaden til den republikanske regjeringa, då Madrid blei bomba av Franco-styrkane.  Mannen var sjef for sjukehuset i Alcoi og i leiinga for Spaniahjelpa, fortel Aukrust og Skulstad.

Eit av bileta på utstillinga viser ei lita, mørkhåra jente.

– Det er Chris, jenta som blei adoptert av Nini og Kristian Gleditsch, og som i dag heiter Chris Koch. Ho vil koma til utstillinga, fortel dei to begeistra.

Stort solidaritetsarbeid i Noreg

Også fagreferent José Maria Izquierdo frå Universitetsbiblioteket, som opphavleg kjem frå Valencia, har vore med på å få realisert utstillinga. Skulstad og  Aukrust meiner det er mykje å læra av dette solidaritetsarbeidet også i dag.

 – Nordmennene gav mellom 1 og 2 millionar kroner til dette hjelpearbeidet, i dag ville det ha svart til mellom 30 og 60 millionar kroner. Det står stor respekt av det med tanke på dei harde tidene folk opplevde i 1930-åra i Noreg.  Spesielt stort engasjement var det i Bergen, truleg fordi Noregs kommunistiske parti stod så sterkt der. Mange av dei som drog til Spania, reiste ned fordi dei meinte dei ville slå ned ei fascistisk og nazistisk bølgje som dei såg fødselen av både i Spania, Italia og Tyskland. Dei frykta at det kunne leia til noko verre, og det fekk dei jo rett i då Den andre verdskrigen tok til,  like etter at Den spanske borgarkrigen var over,  konstaterer Dorte Skulstad og Knut Aukrust. Dei har fått hjelp av grafisk designar Kirsten Berrum til å setja saman bitane i puslespelet som utgjer utstillinga.

Den opnar måndag 10. oktober kl. 17.00 i Galleri Sverdrup i Georg Sverdrups hus på Blindern. Same dag  klokka 15.00 blir det også eit eige seminar om emnet for alle interesserte. Les meir om seminaret og utstillinga.

 

Emneord: Internasjonalisering, Utstillinger Av Martin Toft
Publisert 10. okt. 2016 00:27 - Sist endra 11. okt. 2016 09:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere