Ikkje nøgd med Cristin-svar frå kunnskapsministeren

Stortingsrepresentant Marianne Aasen (Ap)  synest ikkje kunnskapsministeren svarar godt nok på kvifor han ikkje vil ha ei evaluering av forskingsinformasjonssystemet Cristin.

BETRE SVAR: Stortingsrepresentant Marianne Aasen (Ap) etterlyser betre svar frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om kvifor Cristin ikkje kan evaluerast no. (Arkivfoto: Ola Sæther)

– Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen svarar ikkje på kvifor det er vanskelegare å setja i gang evaluering av forskingsinformasjonssystemet Cristin no enn etter innføringa

Dette er CRIStin:

Cristin er det nasjonale forskingsinformasjonssystemet Current Research Information System in Norway. Publikasjonsdatabasen Norsk vitskapsindeks (NVI) er ein del av CRIStin. Cristin blei etablert i desember 2010.

Formålet er å henta inn og stilla saman informasjon for forskingsinstitusjonane ut frå prinsippet om open tilgang for alle. CRIStin skal også dokumentera, presentera og gjera ope tilgjengeleg kvalitetssikra data om vitskapleg publisering i ein felles, nasjonal database, som grunnlag for finansieringssystema i universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka.

I dag er det 160 institusjonar innanfor universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren og i helsevesenet som brukar Cristin.

Cristin er eit samarbeidstiltak lagt under Kunnskapsdepartementet.

(Kjelde:Cristins nettsider)

av den nye plattforma, meiner stortingsrepresentant Marianne Aasen (Ap). Ho er også medlem i Stortingets  kyrkje-, utdannings- og forskingskomité.  – Ei evaluering av Cristin no vil neppe tilføra prosessen noko nytt, var kortversjonen av svaret han gav på spørsmålet frå Marianne Aasen.

Det var i byrjinga av januar at stortingsrepresentant Marianne Aasen (Ap) melde eit skriftleg spørsmål til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen for å høyra om han ville støtta kravet om å evaluera forskingsinformasjonssystemet Cristin. Det skjedde etter at styreleiar Vidar L. Haanes i Universitets- og høgskulerådet stod fram i Uniforum og uttrykte sterk misnøye med  informasjonssystemet.

UiO først ute med misnøye

I fjor haust var også universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe ved UiO på bana og konkretiserte kvifor forskarar og administrative tilsette ved UiO ikkje var nøgde med måten Cristin fungerte på. Ho viste mellom anna til at data var lite tilgjengelege for uttak. Det tykte Bjørneboe var uheldig, sidan det blir lagt så mykje arbeid i manuell registrering og kvalitetssikring av vitskaplege publikasjonar. Kritikken gjekk dessutan på at Cristin enno ikkje var lasta inn på ei ny og betre, teknologisk plattform, slik som det var blitt lova. 

Bad Kunnskapsdepartementet bestemma

Styreleiar Curt Rice i Cristin sende stafettpinnen vidare til eigaren, altså Kunnskapsdepartementet, og meinte at det var opp til dei å bestemma om det skulle setjast i gang evaluering av forskingsdatabasen, no fem år etter at den blei etablert. 

Kritikken av CRIStin:

13.oktober 2015: UiO uttrykkjer misnøye med at Cristin enno ikkje er på ny teknologisk plattform. Rapporterer om at data er lite tilgjengelege for uttak.

13. januar 2016: Styreleiar Vidar L. Haanes i Universitets- og høgskulerådet krev at det blir sett i verk ei evaluering av Cristin.

15. januar 2016: Stortingsrepresentant Marianne Aasen ber kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen svara på om han vil gå inn for evaluering av Cristin.

5. februar 2016: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen svarar at ei evaluering av Cristin no, neppe vil tilføra prosessen noko nytt.

(Kjelde:Uniforum)

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har no svart at han ser det ikkje som formålstenleg å setja i gang ei evaluering før etter at den nye plattforma Cristin 2.0 er tatt i bruk.   

– Må vita om det er nok pengar

Stortingsrepresentant Marianne Aasen er på ingen måte nøgd med svaret frå statsråden. 

– Stortinget har løyvt 25 millionar kroner i året til Cristin. Me må få eit klart svar på om denne summen er for liten, og om det er det som er grunnen til at forskingsinformasjonssystemet enno ikkje fungerer slik det skal. Då må me få vita det, slik at det kan vurderast om det er naudsynt å løyva meir pengar, seier Marianne Aasen til Uniforum.

Ho peikar på at historia viser at mange informasjons- og kommunikasjonsteknologiprosjekt blir langt dyrare enn det styresmaktene hadde

rekna med.

– Det er nok å peika på NAV og Forsvaret, seier ho. 

Vil stilla nye spørsmål til statsråden

Først og fremst er Marianne Aasen opptatt av at dei som brukar Cristin, er nøgde.

– Tenesta må vera til nytte for brukarane. Difor må dei vera tilfredse med dette forskingsinformasjonssystemet. Eg synest difor ikkje kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen gir eit godt nok svar på kvifor det er betre å setja i gang ei evaluering etter at systemet er blitt flytta til den nye plattforma og ikkje no, slår ho fast.

– Kva andre ting meiner du at du ikkje har fått svar på?

– Eg vil gjerne vita om leiinga for Cristin har bede om meir pengar og om prosjektet er godt nok finansiert. Stortinget har behov for å vita det, sjølv om me ikkje kan garantera at det fører til at det blir løyvt meir pengar til Cristin.

– Vil du nok eit spørsmål til statsråd Torbjørn Røe Isaksen?

– Ja, det kjem eg til å gjera.

– Lettare å løysa problem med meir pengar

Cristin-direktør Katrine Weisteen Bjerde trur ikkje meir pengar kan løysa alle dei utfordringane som forskingsinformasjonssystemet har. – Likevel er eg sikker på at om Stortinget gir oss ei ekstraløyving på inntil fem millionar kroner for 2016, vil moglegheitene for å løysa desse problema i alle fall auka svært mykje, seier ho til Uniforum.

Les andre saker om Cristin:

Torbjørn Røe Isaksen vil ikkje ha evaluering av Cristin enno 

Marianne Aasen spør kunnskapsministeren om Cristin

UHR krev evaluering av forskingsdatabasen Cristin

UiO misnøgd med forskingsdatabasen Cristin

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 8. feb. 2016 17:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere