Fredrik Barth er død

Noregs mest berømte antropolog, professor emeritus Fredrik Barth døydde natt til i går, 87 år gammal, melder Universitetet i Oslo.

VERDSBERØMT: Fredrik Barth var berømt som antropolog både i Noreg og utlandet. Natt til 24. januar døydde han, 87 år gammal.

Foto: Ola Sæther

Fredrik Barth døydde heime natt til i går, 24, januar, får ntb opplyst hos Universitetet i Oslo. Fredrik Barth var professor emeritus både ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og ved Harvard-universitetet i Boston. Han var ein av Noregs mest siterte samfunnsforskarar internasjonalt, ifylgje Wikipedia.  Han tok doktorgraden sin ved Cambridge-universitetet. Ved Universitetet i Bergen bygde han opp faget sosialantropologi. Han kom til Universitetet i Oslo i 1974 der han blei utnemnt til styrar for Etnografisk museum og professor i etnografi. I 1985 blei han statsstipendiat. Han var gift med Unni Wikan som er professor i sosialantropologi ved UiO.

Fredrik Barth har drive feltstudiar både i Iran, Irak, Bhutan, Oman og i Pakistan. 

(Kjelder: Wikipedia og Store norske leksikon)

Emneord: Sosialantropologi, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. jan. 2016 21:52 - Sist endra 26. jan. 2016 00:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere