Tar Ida med til Japan

Fossilet Ida skal synast fram på ei utstilling om evolusjonen på  Naturhistorisk museum i Tokyo. – Eg gler meg,  seier Idas «far» Jørn Hurum.

TIL JAPAN: Jørn Hurum tar neste månad med seg apefossilet Ida til ei evolusjonsutstilling i Tokyo. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Primaten Ida er det mest berømte fossilet på Naturhistorisk museum ved UIO. Om kort tid forlet ho Tøyen med kurs for Japan. Frå 1. juli til 15. oktober skal ho stillast ut på ei utstilling om evolusjonen  i National Museum of Nature i Tokyo.

– Dette blir gøy, seier paleontologiprofessor Jørn Hurum, som var den som først gjorde primatfossilet Ida kjent  for verda i 2009.

Eitt av fleire innlånte objekt

– Ida blir ein del av mange objekt som museet låner inn frå heile verda for å laga ei utstilling om evolusjonen. Utstillinga skal også vidare til andre byar i Japan og vil vara ut

Fakta om Ida:

- er verdas eldste komplette apeskjelett, og er truleg rundt 47 millionar år gammal.

- ho blei kjøpt av museet i 2007 og vist fram for verda i 2009.

- Ida blei funne på 1970-talet, i eit tidlegare oljeskiferbrot  med namnet Messel i nærleiken av Frankfurt.

(Kjelde: Naturhistorisk museum, UiO)

2016.  Men den originale Ida får dei berre ha fram til og med oktober.  Deretter må dei klara seg med ei avstøyping av Ida, fortel Jørn Hurum.

Ida-boka på japansk

National Museum of Nature er ikkje åleine om å arrangera denne utstillinga. Også det japanske kringkastingsselskapet NHK, er sentral som organisator av denne evolusjonsutstillinga.

– For oss er det sjølvsagt ekstra stor stas at boka om Ida blir gitt ut på japansk samtidig med opninga av utstillinga, fortel Jørn Hurum.  Han har ikkje vore i Japan før, og tar med seg kona og dottera, som Ida er kalla opp etter.

Seinhaustes er Ida tilbake i Naturhistorisk museum på Tøyen. I januar skal ho bli hovudattraksjonen på utstillinga om evolusjonen i Naturhistorisk museum. Då opnar utstillinga "Livets historie" og då vil Ida få selskap av dei nyinnkjøpte fossila frå Messel.

 

 

 

Emneord: Naturhistorisk museum, Internasjonalisering, Japan Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2015 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere