Vurderer ulike alternativ for språksamlingane

Institutt for lingvistiske og nordiske studium vil finna fram til ei fagleg forsvarleg løysing for språksamlingane. Det opplyser instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen til Uniforum.

LOVAR PLAN: Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen har til vurdering fleire ulike alternativ for kva som skal skje med språksamlingane til Universitetet i Oslo.

Foto: UiO

Kristian Emil Kristoffersen er både styreleiar for Norsk Ordbok og instituttleiar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN). På førespurnad frå Uniforum viser han til at instituttet no er i ferd med å sy saman ein plan.

– ILN har gjennom dei siste tre månadene hatt møte med ulike institusjonar for å finne fram til ei fagleg forsvarleg løysing for språksamlingane. Basert på desse møta arbeider me med ei vurdering av ulike alternativ. Denne vurderinga vil bli sendt til KUD (Kulturdepartementet, red. merknad) om kort tid. Ut over det at vurderinga ikkje kjem til å seie noko om korleis det siste bandet i Norsk Ordbok kan sluttførast, ønskjer eg ikkje å gå inn på innhaldet i henne nå, svarar Kristian Emil Kristoffersen i ein e-post til Uniforum.

– Nynorsk kultursentrum har samla nesten alle dei akademiske språkmiljøa ved dei norske universiteta, inkludert Høgskulen i Volda og Det Norske Samlaget for å kunne ta det faglege ansvaret for ei vidareføring av språksamlingane og samtidig få sluttført band 12 på ein fagleg forsvarleg måte. Ein stor del av språksamlingane kan bli lokaliserte i tilknyting til Universitetet i Bergen så lenge det får status som eit nasjonalt tiltak som det fylgjer øyremerkte pengar med. Kva synest du om dette initiativet?

– Det er eit interessant initiativ.

– Hadde du rekna med at det var så stor interesse for språksamlingane og sluttarbeidet av Norsk Ordbok hos dei andre akademiske institusjonane?

– Dette er viktige ressursar, så det er naturleg at det har vore ei stor interesse for denne saka.

– Korleis trur du sjansen er for at Universitetet i Oslo likevel vil ta det faglege ansvaret for språksamlingane?

– Min jobb er å følgje opp vedtaket ILNs styre gjorde om at instituttet ikkje lenger skal ta ansvaret for språksamlingane. Ut over det har eg ingen kommentar til dette spørsmålet.

– Fleire personar i dei aktuelle språkmiljøa meiner at denne saka kunne ha blitt løyst på ein betre og meir ryddig måte om oppseiingane av dei tilsette i Norsk Ordbok hadde skjedd på eit seinare tidspunkt og om avviklinga av prosjektet hadde vore betre planlagt. Kva kommentar har du til det?

– Det har eg ingen kommentar til.

– Kva synest om rolla Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet har spelt i denne saka?

– Eg har opplevd dialogen med departementa som god.

– Stortinget har løyvd 3,3 millionar kroner som er øyremerkte til sluttføringa av Norsk Ordbok. I tillegg er det løyvd 400 000 kroner til utvikling av ei brukarrettleiing for Norsk Ordbok. Kvifor er det så vanskeleg å få gjennomført avslutninga av dette prosjektet og slik få brukt opp desse pengane, når staten allereie har brukt nær 130 millionar kroner for å få i hamn prosjektet?

 – Dette kan eg dessverre ikkje svare på, men viser til UiOs personaldirektør Irene Sandlie.

Uniforum fylgjer oppfordringa frå Kristian Emil Kristoffersen og tar kontakt med personaldirektør Irene Sandlie. Ho gir på vegner av prorektor Ragnhild Hennum dette svaret:

– UiO har mottatt varsel om søksmål og me ynskjer i denne situasjonen ikkje å uttala oss om saka.

 

Emneord: Språk, Nynorsk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2015 08:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere