Vurderer endringar i styringa av UiO

– Spørsmålet om vald eller tilsett rektor blir det nok umogleg å unngå, men hovudsaka skal vera dei utfordringane me får frå gruppene som ser på forsking, utdanning og det tverrfaglege samarbeidet og SAB-rapporten si tilråding om betre differensiering.

«FRITENKJARAR»: – Eg ser at det er naudsynt at gruppa skal setjast saman av representantar frå ulike partar, men eg ynskjer også «fritenkjarar», seier Arild Underdal, som er professor i statsvitskap og tidlegare UiO-rektor.

Foto: Ola Sæther

Det seier professor Arild Underdal som skal leia gruppa som skal sjå på dagens organisasjons- og avgjerdsstruktur ved UiO. Sjølv har han ikkje ei fastspikra haldning til vald eller tilsett leiing.

– Eg har sett både gode og dårlege døme både på vald og tilsett leiing på institutt-, fakultets- og institusjonsnivå. Eg har ikkje noko trygt empirisk grunnlag for å seia at det eine alternativet alltid er betre enn det andre, seier Arild Underdal til Uniforum etter at Universitetsstyret har diskutert mandatet til gruppa han skal leia.

Oppgåva er å sy saman trådane frå dei tre første gruppene som blei oppretta på styremøtet i januar. Som ei oppfylging av konklusjonane i rapporten frå det internasjonale strategiske rådet (SAB), leidd av Finlands tidlegare statsminister Esko Aho, vedtok Universitetsstyret å oppretta fire grupper som skulle sjå på forskjellige delar av universitetet og finna ut korleis UiO kan bli endå betre både på utdanning, forsking og tverrfagleg samarbeid.

Den fjerde gruppa, som tidlegare rektor Arild Underdal altså er leiar for, skal sjå nærare på korleis organisasjons- og avgjerdsstrukturen må endrast for at dei naudsynte endringane som dei tre første gruppene peikar på, kan gjennomførast.

– Konklusjonen til det internasjonale, strategiske rådet er ikkje eintydig for meir sentralisering eller for meir desentralisering, og difor blir det absolutt eit godt utgangspunkt for diskusjon. SABs viktigaste bodskap erbetre differensiering. Heller ikkje eg kjenner ei enkel oppskrift som vil verka godt på alle område av universitet, seier Arild Underdal til Uniforum.

 – Etableringa av SFF-ar aktualiserer nye modellar

Han viser til døme frå dei siste åra der det kan vera på sin plass med nye modellar å organisera delar av universitetet på.

– Det har ikkje minst aktualisert seg i samband med etableringa av senter for framifrå forsking, og som gruppa som ser på forsking vil ta opp. Kven er ansvarleg for at senteret får lokale og administrativ støtte? Skal det vera universitetet sentralt eller instituttet? Eit institutt har ikkje alle dei ressursane som skal til for å takla dette, slår han fast.

– For nokon er handlekraft meir sentralisering, for andre er det lokalt initiativ og handlingsrom, legg han til.

Det er også andre problemstillingar som Arild Underdal reknar med vil koma på bordet til gruppa han skal leia.

– Dersom gruppa som ser på utdanning konkluderer med at faglege omsyn tilseier at studieprogram bør leiast frå det fagmiljøet det spring utifrå, må me sjå på om styringsstrukturen, studieadministrasjonen og finansieringa er på plass, slik at det er mogleg å få til. Mange tiltak kan setjast i verk på instituttnivå, medan andre ikkje kan det. Difor må me gjera fleire ting samtidig for å få det til. Ikkje minst handlar det om økonomistyring og godskriving av undervisning, slår han fast.

Store satsingar må avgjerast sentralt

Under diskusjonen i Universitetsstyret kom han også med eit døme på kva satsingar som må skje sentralt og ikkje lokalt. – Bygginga og drifta av Livsvitskapssenteret er eit slikt døme. Ei slik forskings- og anleggssatsing må skje etter avgjerder tatt på sentralt nivå, understrekar han.

Arild Underdal legg ikkje skjul på at dette er eit oppdrag han gler seg til. – Ja, eg ser fram til å arbeida med denne gruppa. For meg er det positivt om dei andre medlemane har ulike erfaringar og ulike synspunkt, men det er viktig at dei også kan høyra på dei som har andre meiningar enn dei sjølve. Dei må ha gode idear. Eg ser at det er naudsynt at gruppa skal setjast saman av representantar frå ulike partar, men eg ynskjer også «fritenkjarar». I reint partssamansette utval er det ikkje uvanlegat medlemar kjem med ferdige svar utan at dei har registrert kva spørsmålet eigentleg var.

– SV-dekan Fanny Duckert er ein av dei som tar til orde for tilsett dekan og tilsett rektor ved UiO. Reknar du med at det er eit tema som vil koma opp i gruppa?

– Ja, det vil det. Men dei viktigaste sakene blir dei konkrete utfordringane som dei tre andre gruppene vil leggja fram for oss når dei er ferdige med sin del av arbeidet, og SAB sine prinsipielle vurderingar. Då vil me også bestemma kva tema me vil ha på dei opne høyringane me vil invitera til.

– Når trur du at de har det klart?

– Før sommarferien bør planen for temamøta vera på plass.

Den endelege samansetjinga av gruppa til Arild Underdal blir truleg klar i god tid før neste møte i Universitetsstyret den 5. mai.

Akademisk fridom må ha ei viktig rolle

I diskusjonen i Universitetsstyret var alle opptatt av at den akademiske fridomen måtte bli tatt godt vare på i dei forslaga som ville koma frå gruppa som Arild Underdal skal leia.

– Akademisk fridom må inn i denne diskusjonen. Og den må handla om meir enn det som går fram i hovudavtalen. I dag er det rein linjeleiing på universitetet, sa Kristian Gundersen, som er representant for dei vitskaplege tilsette.

Ekstern representant Idar Kreutzer var oppteken av å peika på grunnen til at mange godt kvalifiserte personar ikkje vil ha leiarstillingar på universitetet.

– Om det er for mykje kollektiv leiarskap, er det uinteressant for dei å vera leiarar. For meg er den føreslegne samansetjinga av arbeidsgruppa heilt ok, konstaterte han.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen tok opp hansken frå Kristian Gundersen.

– Akademisk fridom må stå heilt sentralt i diskusjonen om ny avgjerdsstruktur. Det er viktig for truverdet til eit universitet.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe lova også å fylgja opp ynsket om at både dei mellombels vitskaplege tilsette og studentane må bli representerte i denne gruppa.

Dette er dei fire arbeidsgruppene:

1. Utdanningskvalitet

Leiar: UV-dekan Berit Karseth. Mandat: Skal mellom anna vurdera korleis arbeidet med utdanningskvalitet har klare nok langsiktige mål og sjå på kva tradisjon ulike fagmiljø har for å dela erfaringane sine med kvarandre.

2. Forskingskvalitet

Leiar: Viserektor Knut Fægri. Mandat: Skal mellom anna vurdera måla for arbeidet med forskingskvalitet ved UiO.

3. Tverrfagleg samarbeid

Leiar: Viserektor Knut Fægri. Mandat: Skal mellom anna vurdera om det trengst meir presise mål for arbeidet med tverrfagleg samarbeid på UiO.

4. Konsekvensar for organisasjons- og avgjerdsstruktur på grunnlag av fagområda

Leiar: Arild Underdal. Framlegg til mandat: Skal mellom anna vurdera dagens rolle- og ansvarskart mot dei refleksjonane som den internasjonale rådgjevingsgruppa (SAB) gir på eit overordna nivå. Endeleg mandat blir vedtatt 5. mai.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Strategisk plan Av Martin Toft
Publisert 12. mars 2015 16:31 - Sist endra 12. mars 2015 16:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere