Heile universitets-Noreg vil redda språksamlingane til UiO

Alle dei norske universiteta frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord ynskjer no å delta i arbeidet med å overta det faglege ansvaret for språksamlingane til Universitetet i Oslo. Frå før er det kjent at også Høgskulen i Volda er interessert.

REDNINGSAKSJON: Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i Ørsta leier gruppa som har sett i gang ein redningsaksjon for språksamlingane til UiO og for få losa i hamn band 12 av Norsk Ordbok.

Foto: Nynorsk kultursentrum

Det er Nynorsk kultursentrum i Ørsta som har starta ein redningsaksjon for språksamlingane ved Universitetet i Oslo og framtida for Norsk Ordbok og andre ordbokverk. Den inkluderer også jobben med å losa det siste bandet av Norsk Ordbok vel i hamn, så ordbokverket kan bli avslutta slik den opphavlege planen var.

No har talet på medlemar i gruppa som står bak aksjonen auka med tre lærestader etter at universiteta både i Kristiansand, Trondheim og Tromsø er blitt med. Frå før er universiteta i Stavanger, Bergen og Høgskulen i Volda med i gruppa, i tillegg til Det Norske Samlaget som er utgjevar av Norsk Ordbok.

– Har store språkfaglege miljø i ryggen

Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum leier gruppa og er svært nøgd med den akademiske tyngda ho har fått.

– Me har alle dei store språkfaglege miljøa i Noreg i ryggen og har for eiga rekning laga den utgreiinga som trongst. Det er svært viktig at miljøet er samsnakka i denne saka, men det er Nynorsk kultursentrum som svarar for dei råda me har gitt. No ventar me at UiO i løpet av denne månaden kjem med si endelege tilråding til kva som bør skje med språksamlingane, seier Ottar Grepstad til Uniforum. Han forklarar gjerne kvifor Nynorsk kultursentrum har engasjert seg så sterkt i å finna ein ny tilhaldsstad for språksamlingane og ein ordbokredaksjon.

– Det handlar om å ta godt vare på verdiane og kunnskapane frå det aller største humaniora-prosjektet i Noreg nokon gong, understrekar han.

Sidan 2002 er det brukt 130 millionar kroner på å bli ferdig med ordbokverket.

Stansar 5 cm før mål i Vasaloppet

– Det står berre att nokre månadsverk med korrektur og finpuss på det siste bandet. Til dette har Stortinget løyvt 3,7 millionar kroner, men dei pengane vil ikkje UiO ha. I staden har universitetet varsla at dei ikkje tar ansvaret for at band 12 blir ferdig. Det er som om ein langrennsløpar i Vasaloppet stansar 5 centimeter før mål og nektar å gå vidare.

– Me må klara å få prosjektet i mål, trass i at kompetansen er i ferd med å bli spreidd for alle vindar etter kvart som medarbeidarane har fått arbeid andre stader, seier han.

– Gledeleg interesse frå regjeringa

Håpet hans er at initiativet til Nynorsk kultursentrum og dei andre universiteta og Høgskulen i Volda får tilslutning i regjeringa. Seinare denne månaden møter kulturminister Torhild Widvey styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum for å ta opp denne saka.

 – Denne regjeringa har vist gledeleg interesse for prosjektet, medan den førre regjeringa ikkje tok noko initiativ for å sikra framtida etter at band 12 var ferdig. Det er ingen som tener pengar på slike store ordbokprosjekt, ikkje ein gong Oxford University Press, som gir ut nokre av dei mest brukte engelske ordbøkene. Språk er den viktigaste infrastrukturen i samfunnet, og difor treng denne saka ei god politisk løysing, understrekar Ottar Grepstad.

Så langt er det Universitetet i Bergen som har kome med det mest konkrete ynsket om å medverka i forhandlingar om overtaking av språksamlingane ved UiO.

Vilkåret er at det blir eit nasjonalt tiltak med øyremerkte midlar, som vil føra til ei utviding av dei økonomiske rammene til Det humanistiske fakultetet, anten det skjer lokalt ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) eller ved ei nasjonal omfordeling/reallokering av ressursar.

Det går fram av eit brev som instituttleiar Johan Myking har sendt til instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium på UiO.

Stiller spørsmål til kulturministeren

Venstreleiar Trine Skei Grande har tidlegare engasjert seg i denne saka. No har ho sendt inn eit skriftleg spørsmål til kulturminister Torhild Widvey om lagnaden til Norsk Ordbok. Ho spør kva kulturministeren vil gjera for at ferdigstillinga av Norsk Ordbok med brukarrettleiinga som høyrer til, skal gjerast mest mogleg effektiv, no som Universitetet i Oslo frå og med 1. mars ikkje fører vidare stillingar til å fullføra oppgåvene som er knytte til prosjektet.

Kulturminister Torhild Widvey gir i svaret sitt klart uttrykk for at det tolvte og siste bandet og brukarrettleiinga skal gjerast ferdige «med den samme høye kvalitet som resten av prosjektet.»

Kulturdepartementet er svært uroa

Samtidig viser ho til eit brev datert 27. februar, som Kulturdepartementet har send til Universitetet i Oslo. Uniforum har fått tilgang til brevet, og der går det fram at departementet er svært uroa over situasjonen til Norsk Ordbok.

I brevet står det at «signala frå universitetet om at det ikkje kan levera i tråd med dei føresetnadene som ligg til grunn for løyvinga, blir motteke med bekymring». Fungerande ekspedisjonssjef Kjell Myhren peikar i brevet på at UiO enno ikkje har orientert departementet om ein ny, endeleg sluttdato for avslutning av Norsk Ordbok. Kulturdepartementet ber difor prosjekteigaren UiO om snarast råd å koma med ein ny sluttdato, og seinast 13. mars.

Riset bak spegelen er den klare meldinga om at tilskotet for 2015 først blir betalt ut av Kulturdepartementet når «det har forsikringar om at prosjektet blir sluttført på tilfredsstillande måte», står det i brevet.

 

Emneord: Språk, Nynorsk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2015 09:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere