SV vil framleis ha vald dekan

72 prosent av dei røysteføre på SV-fakultetet stemde for å halda fram med vald dekan. Det viser oppteljinga frå fakultetsadministrasjonen.

ENGASJEMENT: Det var stort engasjement då SV-fakultetet arrangerte valmøte i forkant av den rådgjevande avrøysting om vald eller tilsett dekan 30. januar. Med ryggen til set, sitjande, vald dekan Fanny Duckert.

Foto: Ola Sæther

Medan det var fleirtal for vald dekan blant både dei vitskaplege tilsette og studentane, var det fleirtal for tilsett dekan blant dei teknisk-administrative tilsette ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Til saman stemde 26 prosent for å innføra ei ordning med tilsett dekan, medan 72 prosent framleis vil ha vald dekan.

288 stemmer

Til saman blei det gitt 288 stemmer under den elektroniske rådgjevande avrøystinga som heldt på i ei veke fram til sist fredag. 101 stemmer kom frå dei vitskaplege tilsette, 52 frå dei mellombels vitskapleg tilsette, 66 frå dei teknisk-administrative tilsette og 58 frå studentane.

– Ynskjer kvalitetssikring av rekrutteringa

Dagens valde dekan, Fanny Duckert har tidlegare gitt uttrykk for at ho ynskjer ei ordning med tilsett dekan.

– Korleis tolkar du tala frå den rådgjevande avrøystinga, dekan Fanny Duckert?

– Avrøystinga viser at det er ei fleirtal for vald dekan ved SV-fakultetet. Dette vil sjølvsagt fakultetsstyret ta til vitande. Det som blir viktig framover er korleis rekrutteringsprosessen kan kvalitetssikrast, slik at  me ikkje fører vidare dei problematiske utpeikingsprosessane som fakultetet har praktisert til no.

Stemmevekting

På UiO er det også vekting av stemmene. Det vil seia at stemmene frå dei vitskaplege, både faste og mellombels tilsette, tel 53 prosent, stemmene frå dei teknisk-administrative tilsette tel 22 prosent, medan studentstemmene tel 25 prosent.

To prosent valdeltaking blant studentane

Mellom dei vitskaplege tilsette låg valdeltakinga på 59 prosent av totalt 187 med stemmerett, blant dei mellombels vitskaplege 24 prosent av 234 med stemmerett, mellom teknisk-administrative tilsette 49 prosent av 127 med stemmerett. Hos studentane var valdeltakinga på berre 2 prosent. Det vil seia at berre 58 av dei 3213 med stemmerett stemde.

Det endelege svaret på om det framleis blir vald dekan eller om det likevel skal innførast ei ordning med tilsett dekan, får me den 26. februar. Då skal fakultetsstyret ved SV-fakultetet ta stilling til spørsmålet.

 

Emneord: Dekanvalg, Universitetspolitikk, SV-fakultetet Av Martin Toft
Publisert 10. feb. 2015 13:18 - Sist endra 11. feb. 2015 09:37

En liten korreksjon til siste avsnitt i artikkelen:

"Det endelege svaret på om det framleis blir vald dekan eller om det likevel skal innførast ei ordning med tilsett dekan, får me den 26. februar. Då skal fakultetsstyret ved SV-fakultetet ta stilling til spørsmålet."

I Reglement for tilsetting og valg av ledere ved fakulteter og institutter, § 1-2, heter det: 

"Dekan/prodekan og instituttleder/stedfortreder for instituttleder velges, dersom ikke Universitetsstyret selv - etter tilråding fra fakultet/instituttstyret/instituttrådet - bestemmer at det skal foretas tilsetting."

Fakultetsstyret ved SV kan med andre ord ikke fatte et vedtak som bryter med UiOs reglement. De kan derimot komme med en tilråding til Universitetsstyret om endret ordning. Men rektor Ole Petter Ottersen har gjort det klart at han har gått til valg på at det skal være valgt ledelse på sentralt nivå og på fakultetsnivå, og at han ikke har noen planer om å gå bort fra dette.

Kristian Mollestad - 11. feb. 2015 10:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere