Ole Petter Ottersen: – UiO burde liggja blant verdas 15 beste

-- Dersom me tenkte oss at det fanst ei ideell rangering som spegla heile samfunnsoppdraget vårt, så burde UiO liggja blant dei 15 beste i verda på denne lista. Det seier rektor Ole Petter Ottersen i ein kommentar til at UiO er på 186.-plass i verda på Times Higher Educations universitetsrangering.

HØGE AMBISJONAR: - UiO burde ha vore mellom verdas 15 beste universitet, om det fanst ei ideel rangering som spegla heile samfunnsoppdraget vårt, meiner UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Foto: Ola Sæther

Med plasseringa som nummer 186 på verdsrangeringa til Times Higher Education er Universitetet i Oslo langt føre dei andre norske universiteta. UiO-rektoren meiner det bør siktast endå høgare:

– Me har høgare ambisjonar enn som så. Dersom me tenkte oss at det fanst ei ideell rangering som spegla heile samfunnsoppdraget vårt, så burde UiO liggja blant dei 15 beste i verda på denne lista. Verdas mest ressurssterke land burde halda seg med nokre av verdas beste universitet, synest Ole Petter Ottersen.  

– Har store metodeproblem

Sjølv om han er nøgd med resultatet, tar han som alltid resultatet med ei stor klype salt.

– Først er det viktig å understreka at rangeringane har store metodeproblem og at dei ikkje på nokon måte dekkjer det komplekse samfunnsoppdraget som eit moderne universitet har. Dette seier eg uansett om me går opp eller ned på listen understrekar han. Ottersen viser også til NIFU-rapporten som var svært kritisk til dei internasjonale universitetsrangeringane.

– Gjer det ikkje dårleg

– Den gjør det meir tydeleg enn nokon gong at rangeringane ikkje gir noko fullgodt kvalitetsmål for eit universitet. Men dersom me no for ein augneblink tenkjer oss at rangeringane gir eit rett bilete, så gjer med det slett ikkje dårleg.  – Å koma blant dei beste 200 vil seia at institusjonen er blant topp 1 % av verdas meir enn 20 000 universitet og høgare utdanningsinstitusjonar, konstaterer han.

– Vil universitetsleiinga gjera noko for at UiO skal gjera det endå betre på denne målinga?

– Me jobbar langsiktig med kvalitet på både forsking og studium. I den grad rangeringane speglar kvalitet, så vil dette langsiktige arbeidet føra til at me stig på listene. Dette skal aldri vera eit mål i seg sjølv, men eit resultat av kvalitetsarbeidet vårt, seier han.

– Vanskeleg å føreseia

– Korleis ser du på denne målinga samanlikna med dei andre  universitetsrangeringane?

– THE (Times Higher Education; red. merknad) legg stor vekt på omdømmeundersøkingar, noe som gjer den vanskeleg å føreseia.  Shanghai-rangeringa er forskingstung – den legg blant anna stor vekt på Nobelprisar og utmerkingar, noko som har gjort at me har kome høgt opp. Der er me nummer 16 blant dei  ikkje-engelskspråklege universiteta i verda, og nummer 69 totalt. Alle de tradisjonelle rangeringane er lineære, på den måten at dei tvingar ein kompleks og mangearta aktivitet inn i ein eindimensjonal skala, synest UiO-rektoren.

Lovprisar U-Multirank

På nytt brukar han høvet til å rosa favorittrangeringa si.  

– Den beste rangeringa så langt - og den me vel å vera med på å utvikla vidare - er U-Multirank. Den vektar ikkje dei forskjellige oppgåvene eit universitet har. Den er fleirdimensjonal, og kan vidareutviklast, slik at den kan brukast som eit strategisk verktøy for institusjonane sjølve. Den er også langt meir nyttig for søkjarar og studentar enn dei lineære rangeringane, meiner han.

– Burde vera best i Norden

– Korleis synest du UiO gjer det samanlikna med andre europeiske og nordiske universitet?
– Som nemnt: Dersom me tenkte oss at det fanst ei ideell rangering som spegla heile samfunnsoppdraget vårt, så burde UiO liggja blant dei 15 beste i verda på denne lista. Me burde vera klart best i Norden og blant dei fem beste i Europa. Verdas mest ressurssterke land burde halda seg med nokre av verdas beste universitet. Som samfunn har me store ressursar, men samtidig store utfordringar - ikkje minst når det gjeld den føreståande omstillinga av økonomien vår. Det er denne kombinasjonen av ressursar og utfordringar som naturleg skulle munna ut i ei storstilt satsing på universiteteta våre, meiner UiO-rektoren.

Emneord: Rangeringer, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2014 00:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere