Hans Rosling vil kjempa mot ebolaepidemien

Den svenske medisinprofessoren Hans Rosling avlyser alle avtalar og drar til Vest-Afrika for å hjelpa FN i kampen mot ebola. – Denne epidemien held på å vinna over oss, sa han i ein debatt med Melinda Gates på UiO i går.

HELSE OG UTDANNING:  – Gode helsetilbod og utdanning av kvinner er nøkkelfaktorar for å få folk ut av fattigdom,  er medisinprofessor Hans Rosling og Melinda Gates i Bill & Melinda Gates Foundation heilt einige om.

Foto: Martin Toft

Hans Rosling er ein av verdas beste forskingsformidlarar. Han er professor i internasjonal helse og æresdoktor ved Universitetet i Oslo. I eit møte med Melinda Gates, leiar for Bill & Melinda Gates Foundation, i Gamle festsal på UiO i går, kunngjorde han at han ser så alvorleg på trugsmålet frå ebola-epidemien at han sjølv drar til Liberia for å gjera ein innsats i kampen mot denne sjukdomen. – Det er viktig at me alle gjer alt me kan, for ebola-epidemien er i ferd med å ta innersvingen på oss, sa han. No vil han altså dra til Vest-Afrika på oppdrag for FN for å analysera kva tiltak som hjelper best mot epidemien. – Eg skal vera ein slags epidemiolog-detektiv og sitja saman med staben og sjå på tal og

Bill & Melinda Gates Foundation:

Blei danna av Microsoft-grunnleggjaren Bill Gates og kona hans Melinda i 2000.

Har hovudkontor i Seattle, Washington og blir kontrollert av ekteparet Gates og vennen deira, mangemilliardæren Warren Buffet.

Har investert mange millionar dollar i Global Fund i kampen mot malaria, hiv og Aids. I 2014 har det også gitt 340 millionar kroner til kampen mot ebola-epidemien.

Er verdas største private stifting,  og i 2013 hadde stiftinga verdiar for 38,3 milliardar dollar og 520 tilsette. (Kjelder: Wikipedia og Bill & Melinda Gates Foundation)

statistikk som kjem inn, og så finna ut kva åtgjerder som har best effekt, fortalde Hans Rosling til det svenske nyhendebyrået TT på tysdag.

 Då han fortalde forsamlinga i ein fullsett Gamle festsal om avgjerda si, fekk han spontan applaus. Så reiste Melinda Gates seg for han, og då reiste resten av publikum seg også. Tidlegare er det blitt kjent at Bill & Melinda Gates Foundation har gitt 340 millionar kroner til kampen mot ebola. Ein del av pengane vil gå til utvikling av medisinar mot ebola.

Gode helsetilbod og utdanning er nøkkelen

Møtet mellom Melinda Gates og Hans Rosling handla i hovudsak om kor viktig det var å syta for gode helsetilbod til kvinner og jenter og gi dei sjansen til å gå på både grunnskulen og vidaregåande skule. Hans Rosling la fram positive tal som illustrerte at verda går framover på begge desse områda. – I dag får 80 prosent av alle barn vaksiner

og i gjennomsnitt har alle kvinner på 25 år i verda sju år skulegang. Det er eitt år mindre enn menn på same alder, peika han på.

– Må få tilgang til prevensjon

For at familiar skal koma ut av fattigdomen både i Asia og Afrika, er det ein faktor som både Melinda Gates og Hans Rosling legg stor

Hans Rosling (1948-):

  • svensk lege og professor i internasjonal helse frå Karolinska institutet i Stockholm
  • kjent for foredraga sine om global utvikling i helsetilstand, økonomi og miljø gjennom kreativ bruk av visualisering av  statistikk.
  • var med på stiftinga av Leger utan grenser i Sverige i 1993
  • er grunnleggjar av stiftinga  «Gapminder Foundation» som har utvikla programvare for visualisering av statistikk frå ulike kjelder som kan samanlikna land over tid. Programvara blei selt til Google i 2009.
  • I 2014 blei han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo (Kjelde: Wikipedia)

vekt på. – Dei må få god tilgang til prevensjon både for menn og kvinner. Familiar som har to barn, har betre råd og gjer alt dei kan for å

få barna til å ta ei god utdanning, sa Melinda Gates. – Når fedrane er meir opptekne av å fortelja kva barna deira gjer enn kor mange barn dei har, er målet vårt oppnådd, understreka Hans Rosling.  Melinda Gates la til at det også var naudsynt å dela ut prevensjon til unge jenter. – Me må ta konsekvensen av at i nokre område gifter jenter seg svært tidleg. Om dei ikkje får barn med ein gong, kan dei halda fram med skulegangen sin, slo ho fast.

Kvinnene investerer i familien

Begge var også opptekne av kor viktig det er å oppmuntra kvinner til å bli entreprenørar .

– Dei pengane som kvinnene tener på det, vil heile familien tena på. Mennene brukar ofte slike inntekter på seg sjølve, meinte dei.

Dei syntest det var positivt at mange investorar frå store land, ikkje minst Kina, investerer pengar i

Afrika. – Når dei spør meg kva land dei bør investera i, svarar eg dei alltid at dei må gjera det i dei landa der talet på barn som døyr i løpet av oppveksten, er på veg nedover. Ja, eg vil seia til alle som er her at pensjonsfonda dykkar trygt kan investera i Afrika, sa Hans Rosling. Samtalen blei leidd av UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

 

 

 

 

FULLSET GAMLE FESTSAL: Melinda Gates talte til ein fullsett Gamle festsal i Urbygningen til Universitetet i Oslo i går. (Foto: Yngve Vogt, Apollon/UiO)

 

 

Emneord: Medisin, Afrika, Globalisering, Helse, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 16. okt. 2014 13:06 - Sist endra 17. okt. 2014 09:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere