Meteoritt på avrusting

Ein meteoritt trefte Nord-Sverige for 800 000 år sidan. Ein 35 kilo tung bit av meteoritten blei kjøpt inn av Naturhistorisk museum i 2003. Uniforum var med då den for første gong skulle avrustast.

FINPUSSING: Meteorittekspert Morten Bilet finpussar steinen frå verdsrommet for at den skal bli fri for rust.

Foto: Ola Sæther

For 800 000 år sidan regna det meteorittar ned over det samiske området Muonionalusta i Nord-Sverige. I 1906 blei den første kjempesvære meteoritten funnen i ei myr i dette området. Seinare er det funne fleire, og den største vog over 1,2 tonn. Det er ein del av denne svære romsteinen som no er i meteorittsamlinga til Naturhistorisk museum.

Rustar lett

Sidan mesteparten av meteoritten er sett saman av jern, rustar den når den er i kontakt med oksygen. 

– Etter ein liten turné til opphavslandet Sverige var den både tørr og fin fordi den hadde lege så lenge i ei lufttett øskje. Difor tenkte eg at eg kunne be meteoritteksperten Morten Bilet om å koma hit for å fjerna rust frå meteoritten.  Han er ein fin samarbeidspartnar for oss, seier geolog Rune Selbekk

– Det gjer eg med glede. UiO og eg har mykje med kvarandre å gjera. seier Morten Bilet.   Han er imponert over meteorittsamlinga til Naturhistorisk museum, men han har også sjølv ei fin meteorittsamling.

– Etter nokre år vil det koma ein god del rust på enkelte meteorittar. Det skal me prøva å fjerna no ved hjelp av slipemiddel og stålbørste. Seinare skal den etsast med salpetersyre og etanol, det vil seia rein alkohol, fortel Bilet.

Meteorittløftet

Saman med Rune Selbekk lyftar han den 35 kilo tunge meteoritten opp på disken ved sida av ein stor utslagsvask.Så tar dei på seg eingongshanskar, før dei fyller salpetersyre og etanol i eit kar. Deretter penslar dei meteoritten med cocktailen av

 TUNGT LØFT: Geolog Rune Selbekk tok initiativet til at det blei fjerna rust frå meteoritten.(Foto: Ola Sæther)

alkohol og salpetersyre. Etter å ha beundra det flotte og unike mønsteret i meteoritten, legg dei meteoritten opp i eit nytt kar med bakepulver og vatn for å nøytralisera syra.

– Etter denne etsinga vil mønsteret i meteoritten koma klarare fram, før me flyttar den til meteorittsamlinga vår, fortel Selbekk.

Frå asteroidebeltet

– Dette er første gongen me har gjort dette ved Naturhistorisk museum, og sannsynlegvis ein av dei første gongene dette er blitt gjort i Noreg, legg han til. Forsiktig tar Morten Bilet ein vaskekost og prøver å koma til med vaskinga i alle krinkelkrokar i steinen.

– Det me veit om denne meteoritten er at den opphavleg kjem frå asteroidebeltet mellom Jupiter og Mars. Den er ein del av byggjematerialet i kjernen for ein planet. For meg er det fascinerande å tenkja på at det var ein meteoritt som trefte Yucatán-halvøya i Mexico for 65 millionar år sidan, og som truleg var den viktigaste årsaka til at dinosaurane forsvann, saman med vulkanutbrota i India. Det gjorde det også etter kvart mogleg for mennesket å bu her på jorda, seier han.

Etter femten minuttar har den kraftige cocktailen begynt å verka. – Sjå her korleis det opphavlege mønsteret i meteoritten kjem fram. Er det ikkje vakkert kanskje? utbryt Bilet. Det må me gi han rett i.

No vil Rune Selbekk gi endå fleire personar høve til å sjå det klare og unike mønsteret i meteoritten. 

– Eg vil setja opp ein ny monter til den saman med resten av den fine meteorittsamlinga vår, seier Selbekk.    

 

 

 

Emneord: Geologi, Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 14. apr. 2011 15:09 - Sist endra 14. apr. 2011 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere