Ein levande institusjon i bronse

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1999


Han har vore vist ære og sett pris på eit utal gonger før. No er han også sett på sokkel, Erling Johansen, nestoren i norsk arkeologi. Det skjedde på Isegran på 80-årsdagen hans 24. november 1999.

byste av Johansen og sønn

AVDUKA BYSTEN: Sonen Øystein Johansen avduka bysten av faren som er laga av bilethoggar, professor Birthe Marie Løveid.

Tekst og foto: Alv Reidar Dale

Statsstipendiat, medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi, æresdoktor ved Universitetet i Bergen, riddar av St. Olavs Orden, har fått Nansen-belønninga - og styrar på Universitetet i Oslos arkeologiske stasjon på Isegran i over 25 år. Denne mannen er autodidakt, sjølvlærd, arkeolog!

Han var røyrleggjar, men fatta interesse for arkeologiske funn og melde seg til teneste på Historisk museum alt i 1944. Allereie same hausten hadde han sin første fagartikkel på prent i festskriftet til A.W. Brøgger, som sjølv sa om Johansen: - Det er få som kan bli betydelige arkeologer, og jeg er sikker på at Erling er en av dem.

Eit godt skussmål i starten, i tillegg til at arkeologen Guttorm Gjessing tok vel imot amatøren og gav han sjansen til å verta profesjonell arkeolog.

Han vart tilsett på Oldsaksamlinga ved Det historisk-filosofiske fakultet etter stortingsvedtak i 1951, og seier sjølv at han kjende seg velkomen som likemann mellom faglærde kollegaer på universitetet frå første stund.

Isegran hans livsverk

Mest kjend er jubilanten for å ha arbeidt fram og fått etablert Isegran, Universitetets arkeologiske stasjon i Fredrikstad, offisielt opna i 1972. Johansen er fødd og voks opp på Kråkerøy, ikkje langt ifrå Isegran, og hadde i årevis oppdaga, avdekka og granska ei rad rike og interessante arkeologiske funn i nærområdet.

Men han har ikkje vore nokon heimføding, for den ambisiøse arkeologen har leita funn radt frå Grønland i nordvest til langt aust og sør på kloden.

Hjartebarnet er likevel stasjonen på Isegran, der dei har 1000 gjestedøger i året: forskarar, studentar - arkeologisk, historisk, geologisk og geografisk interesserte og andre. Sjølv har han vore aktiv som føredragshaldar, kåsør og omvisar ved kurs, seminar og ekskursjonar til dags dato. I tillegg har han heile tida vore ein ivrig natur- og miljøvernar.

Ei æresvising

Og no vart han vel fortent unt å stå som byste i bronse på sokkel i stein ved sitt eige livsverk på Isegran. Sonen, Øystein Johansen, sjølv dr.philos. i arkeologi, avduka bysten, som er laga av bilethoggar, professor Birthe Marie Løveid. Tidlegare rådmann i Fredrikstad, Per Gullord frå komiteen opna og leia den høgtidlege hendinga, professor dr.philos. Anders Hagen, tidlegare kollega og ven, heldt tale og gjorde ære på nestoren i gode ord til den åndsfriske åttiåringen. Men den som må ærast mest for tiltaket, er Ingar Kilmork på rekneskapsseksjonen i ØPA, som tok initiativet til å få reist Erling Johansen eit verdig minne.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1999

Publisert 9. des. 1999 11:35 - Sist endra 1. sep. 2014 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere