Akademikarar i Noreg må protestera mot Donald Trumps innreiseforbod

Norske akademikarar må få med seg universitets- og høgskulerektorane og setja i gang ein internasjonal protest mot Donald Trumps innføring av innreiseforbod for personar frå sju muslimske land, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

MÅ PROTESTERA: Norske akademikarar må setja i gang ein aksjon for dei som er nekta innreise til USA, og i protest mot president Donald Trumps brot på flyktningekonvensjonen og menneskrettane, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Foto: Michael Vadon/Flickr

Den syriske språkforskaren Murhaf Fares frå Universitetet i Oslo må avlysa det fire månader lange opphaldet han skulle hatt ved Boulder University i deltstaten Colorado seinare i år, melder nrk. Årsaka er innreiseforbodet som USAs president Donald Trump har innført mot borgarar frå Syria og seks andre hovudsakleg muslimskdominerte land. Fares synest det er skremmande at USA no diskriminerer menneske ut frå religion, etnisitet og nasjonalitet.

Dermed skjer amerikanske styresmakter alle personar frå dei sju landa over ein kam.

Det var på fredag USAs president Donald Trump skreiv under på eit presidentdekret som gjorde det mogleg å nekta innreise til USA for personar frå dei sju landa Syria, Iran, Irak, Jemen, Sudan, Somalia og Libya. Konsekvensen er blitt at mange frå desse landa som har hatt lovleg opphald i USA, ikkje får koma inn igjen i det nye heimlandet sitt, dersom dei har vore på tur til utlandet. Det har mellom anna ramma ein irakar som har jobba ni år for amerikanske styresmakter, først i Irak og så i USA. Også iranskamerikanarar med lovleg opphald i USA har blitt stansa på den amerikanske grensa etter ein ferietur i Canada. Dermed skjer amerikanske styresmakter alle personar frå dei sju landa over ein kam.

Difor har heller ikkje protestane venta på seg. Først ute var den kanadiske statsministeren som bad flyktningar som blei nekta innreise til USA, om å dra til Canada i staden for. Seinare kom Frankrikes president Francois Hollande og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel på bana og kritiserte Donald Trumps innreiseforbod for personar frå sju bestemte land. Sundag kom også Noregs utanriksminister Børge Brende og statsminister Erna Solberg på bana, med hard kritikk av avgjerda til Donald Trump. Begge viste til at den krenkjer menneskerettane som seier at ingen person skal behandlast annleis enn andre på grunn av religiøs overtyding, nasjonalitet eller hudfarge. Også 12 nobelprisvinnarar i kjemi, fysikk og medisin og mange andre akademikarar har protestert mot Trumps politikk på dette området.

USA kan få færre venner og fleire fiendar om dei held fram på denne måten.

Norske akademikarar må no setja i gang ein aksjon til støtte for alle dei som er nekta innreise til USA, og i protest mot Donald Trumps brot på flyktningkonvensjonen og menneskerettane. Dei kan også få med seg norske universitets- og høgskulerektorar. Saman kan dei få med seg andre universitet i Europa og resten av verda i ein samla protest mot den framandfiendslege politikken som me ser konturane av i Donald Trumps første veke som USAs president. Kanskje han då vil forstå at han og den amerikanske regjeringa er på ville vegar i denne saka. USA kan få færre venner og fleire fiendar om dei held fram på denne måten. I valkampen var det det motsette som var Donald Trumps mantra. Han kan vel ikkje ha gløymt det så kort tid etter?

 

Emneord: USA, Menneskerettar Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 30. jan. 2017 10:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere