Nettsatsing skal gjera Uniforum endå betre

Med godt samarbeid med lesarane våre både innanfor og utanfor Universitetet i Oslo, skal me klara målet om å halda fram med å vera Noregs beste og mest interessante universitetsavis, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

FARVEL TIL PAPIRET: Uniforum tar farvel med papiret og satsar alle ressursar på nettutgåva frå 2017. Me skal klara målet om å halda fram med å vera Noregs beste og mest interessante universitetsavis, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

Foto: Illustrasjon ved Martin Toft

Uniforum tar farvel med papiret og satsar alle ressursar på nettutgåva frå 2017. Det vedtok styret vårt mot ei stemme den 27. september. Avgjerda fører til at redaksjonen kan laga ei endå meir offensiv nettavis, som skal få med seg meir av store og mindre nyhendesaker frå heile universitetssamfunnet, både frå UiO og dei andre forskingsinstitusjonane i Noreg. Pengane som me sparer på trykking, vil me bruka til å styrkja redaksjonen og friska opp nettutgåva, teknisk og grafisk.

Nettavisa tar også mål av seg til å bli ein viktig debattarena på Universitetet i Oslo. Når Uniforum blir ei nettavis, vert det også langt lettare enn i dag å halda debatten levande frå dag til dag. I papiravisa kan det ta fleire veker frå eit debattinnlegg står på trykk, til det kjem eit svar. Det er ein av grunnane til at det kjem inn for få debattinnlegg i dag. Me vil difor ha endå meir kontakt med deg som brenn inne med synspunkt og meiningar om alt som har å gjera med arbeidsplassen vår, anten det er universitetspolitikk, arbeids- og studiemiljø, lønnsforhandlingar eller faglege spørsmål.

For oss er det difor svært viktig at alle lesarane våre held fram med å senda oss tips, lesarinnlegg og gode reportasjeidear. Oppfordringa vår til deg er at du må fylgja med i Uniforum på nett, koma med kommentarar og gjerne dela sakene på sosiale media. Lesarundersøkingar viser at Uniforum har høgt truverde og at lesarane stolar på at det som står i avisa er korrekt.

I 30 år har avisa stått på for å visa fram det store mangfaldet på Universitetet i Oslo, samtidig som avisa har vore ei vaktbikkje og passa til å peika på og fortelja om dei tinga som har vore kritikkverdige og kan bli betre på UiO. Avisa har også gjennom mange reportasjar vist kvifor Universitetet i Oslo er Noregs beste universitet, og vist fram banebrytande forsking og spennande, nye studium. Slik skal Uniforum halda fram med å vera identitetsskapande for tilsette ved UiO. Alle skal få vita noko nytt om arbeidsplassen og studiestaden sin gjennom å lesa avisa. 

Neste år er det rektorval, og i løpet av dei næraste månadene blir det klart kven som kjem til å stilla opp som kandidatar. Både rektorkandidatane og alle som er interesserte i universitetspolitikk, vil då ha Uniforum som ein unik debattarena der dei kan få fram synspunkta sine. Også diskusjonen  om framtida til humaniora og dei samfunnsvitskaplege faga vil me at du tar i Uniforum, både før og etter at regjeringa legg fram stortingsmeldinga om humaniora neste år.  Me kan lova ein god debattarena der alle synspunkt sjølvsagt får sleppa til, og der me håpar mange vil provosera fram svar frå meiningsmotstandarar.

I 2017 er det også stortingsval. Om forsking og utdanning skal bli eit tema i valkampen, er det viktig at heile universitetssamfunnet engasjerer seg. Ein god plass å begynna, er å ha eit lesarinnlegg i Uniforum. Det eg som ansvarleg redaktør kan lova, er at både UiO og universitets-Noreg vil få mykje igjen for å tipsa Uniforum og for å delta i debattane i avisa vår. Dei som er ivrige lesarar av papirutgåva vår i dag, oppfordrar med dette til å oppsøkja Uniforums nettavis: http://www.uniforum.uio.no/

Allereie i dag vil de finna fleire artiklar i nettavisa enn i papiravisa. Med godt samarbeid med lesarane våre både innanfor og utanfor Universitetet i Oslo, skal me klara målet om å halda fram med å vera Noregs beste og mest interessante universitetsavis.

Martin Toft

Ansvarleg redaktør for Uniforum

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Media, Uniforum nett no Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. okt. 2016 05:00

Flott med satsning på nett. Gjerne mer rapportering fra styremøtet, og enda bedre mobiltilpasset (responsiv) design. 

 

Lykke til! 

Arnt Maasø - 18. okt. 2016 17:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere