Meiningslaust krav

Universitetet i Oslo er blitt saksøkt av to personar som meiner dei har krav på fast stilling etter stipendiatperioden. Dette er eit meiningslaust krav, og me forstår godt at UiO protesterer.

Personaldirektør Anita Sandberg seier til forskerforum.no at dersom den endelege dommen inneber at stipendiattida skal reknast med, vil dette få konsekvensar for alle universiteta. Ho peikar på at det også kan få andre fylgjer for universiteta. – Det vil seia at me ikkje kan lata ein stipendiat gå inn i eit vikariat eller få eit engasjement når stipendiatperioden er ferdig, seier Sandberg.Ho legg til at doktorgrad ikkje skal vera nok for å oppnå ei fast tilsetjing ved universitetet.

Me sluttar oss heilt til synspunktet til personaldirektør Anita Sandberg og universitetsleiinga i dette spørsmålet. Viss dei to saksøkjarane skulle få medhald, kan alle dei rundt 300 personane som årleg avsluttar doktorgraden sin krevja fast tilsetting, om dei har brukt fire år på avhandlinga si.

Då har dei også brukt eitt år lenger enn det ein kandidat eigentleg skal bruka på ein ph.d.-grad. Det ser ikkje så bra ut på CV-en. Og det burde i alle fall ikkje gi fordelar, som dei som klarer å bli ferdige på normert tid, ikkje får.

Resultatet vil bli at UiO vil ta opp langt færre ph.d.-kandidatar enn i dag. Dermed ville dei to saksøkjarane berre ha skaffa seg ris til eigen og andre sin bak, om dei skulle vinna fram.

Dei aktuelle saksøkjarane har gått rett frå fullført fireårig doktorgrad til nye mellombelse stillingar. Dei meiner, og dei får støtte frå Forskarforbundet, at dette gir dei rettar som tilsette.

Me meiner at både dei to saksøkjarane og Forskarforbundet er på ville vegar i denne saka, og kan vera i ferd med å gjera fireårsregelen til ein vits. Det vil gå hardt ut over alle andre som har hatt mellombelse stillingar i fire år utan å ha blitt sponsa av staten med ein doktorgrad.

Dei to saksøkjarane bør difor ikkje vinna fram med kravet sitt.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 18. aug. 2010 12:18 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14

Feilinformasjon fra Uniforum I en kommentar 19.8.2010 under overskriften "Meningslaust krav" bidrar Uniforum til å spre feilinformasjon om to stevninger mot Universitetet i Oslo. Universitetet stevnes for to tilfeller av det Forskerforbundet mener er brudd på stillingsvernreglene. Det er ikke riktig at søksmålene kun handler om at doktorgradskandidater oppnår rettigheter som fast tilsatt, såkalt sterkt stillingsvern, dersom de går inn i en midlertidig tilsetting etter fire år som stipendiat. Uenigheten handler om hvorvidt tjenestetiden som stipendiat skal telle med i den totale sammenhengende tjenestetiden eller ikke, samt om ulovlig midlertidig tilsetting. Videre hevder Uniforum at stipendiater oppnår sterkt stillingsvern dersom de bruker 4 år som stipendiat (noe som for øvrig er normal tilsettingsperiode for stipendiater i henhold til UiOs og KDs retningslinjer). Dette er ikke riktig. Stipendiater oppnår ikke sterkt stillingsvern uansett hvor lenge de måtte være tilsatt som stipendiat. Gjeldende rett medfører at doktorgradskandidater som tilbys midlertidig tilsetting umiddelbart etter en fireårig stipendiatperiode kan påberope seg sterkt stillingsvern. Forskerforbundet opptrer i slike saker som partsrepresentanter for våre medlemmer. Vi forholder oss til den til enhver tid gjeldende rett.

Til slutt vil vi hevde at det å definere alle UiOs ansatte stipendiater som ”sponsa av staten” faller på sin egen urimelighet.

Kristian Mollestad - 25. aug. 2010 16:41

Eg skal ikkje legge meg opp i sakas innhold, men du skal ha takk for å ta stipendiatane i forsvar når det gjeld normal tilsettingstid og den mildt sagt verdilada omtalen som «sponsa av staten», Kristian.

benjamil@uio.no - 3. sep. 2010 11:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere