Instituttleiar Eirinn Larsen: – Korttenkt å leggja ned Universitetets barnehage

– UiO-leiinga har undervurdert konsekvensane av forslaget om å leggja ned Universitetets barnehage. Det er også dårleg førebudd. Det meiner Eirinn Larsen, som er leiar for Institutt for arkeologi, konservering og historie på UiO.

Eirinn Larsen er leiar for Institutt for arkeologi, konservering og historie ved UiO

SAMLINGSPUNKT: Eirinn Larsen er leiar for Institutt for arkeologi, konservering og historie. Ho ser på Universitetets barnehage som eit viktig samlingspunkt for dei internasjonale tilsette på instituttet som har barn i barnehagen. 

Foto: Ola Gamst Sæther

For nesten to veker sidan fekk foreldra til barna i Universitetets barnehage beskjed på e-post om at UiO-leiinga ville føreslå å leggja ned barnehagen. Grunngjevinga var at det vil bli for dyrt å organisera den som eit aksjeselskap innanfor UnifRand AS, slik universitetsstyret vedtok i mai 2024. Administrasjonen hadde rekna ut at det ville gi UiO årlege utgifter på sju millionar kroner i tillegg til den økonomiske støtta til Blindern barnestuer på fire millionar kroner. Samtidig blir det peika på at barnehagedrift ikkje er ein del av kjerneverksemda til Universitetet i Oslo. 

– Leiinga har undervurdert konsekvensane

Forslaget har vekt både sinne, gråt og fortviling hos foreldra og dei tilsette i Universitetets barnehage. Historieprofessor Eirinn Larsen er leiar for Institutt for arkeologi, konservering og historie ved UiO. Ho føler med foreldra, fleire av dei er tilsette ved hennar institutt.

– UiO-leiinga har undervurdert konsekvensane av forslaget om å leggja ned Universitetets barnehage. Det er også dårleg førebudd, seier ho til Uniforum.

 – Eg håpar UiO-leiinga tenkjer seg godt om og endrar forslaget om å leggja ned barnehagen. Det er korttenkt, rett og slett, og me som jobbar i kunnskapssektoren veit betre, legg Eirinn Larsen til.

– Burde også tenkja på inntektssidene

Ho forstår at administrasjonen må snu på alle steinar for å spara pengar.

– 11 milliionar kroner er mykje pengar, men UiO burde også tenkja på inntektssidene. For fleire av foreldra til barna i Universitetets barnehage er internasjonale forskarar frå andre land og kontinent.

– Hos oss har me fem store prosjekt finansierte av Det europeiske forskingsrådet.(ERC).  Alle blir leia av fast tilsette  med ein internasjonal bakgrunn. Nokre av dei kom hit med småbarn. Me veit at barnehageplass i Universitetets barnehage er viktig i den internasjonale rekrutteringa til UiO, peikar ho på.

– Barnehageplassar viktigare enn høg lønn

Både på instituttet hennar og på fakultetet står dei eksterne inntektene for over ein fjerdedel av det samla budsjettet.

– Derfor er sikre barnehageplassar viktig. Det er eit velferdstiltak som gjer at dei vel UiO framfor andre universitet, slår ho fast. Me må hugsa at UiO ikkje kan konkurrera på lønn og ikkje alltid på prestisje heller. Men me har barnehagar for tilsette, trekkjer ho fram. 

Eirinn Larsen har sjølv budd i utlandet som forskar og veit kva som blir sett pris på.

– Då me budde i Berlin, fekk me også barnehageplass til jenta vår, slik at eg kunne utføra jobben min heime for Rokkan-sentertet ved Universitetet i Bergen under opphaldet. Som stipendiat budde eg i Italia, men då hadde me ikkje barn. Men eg såg kva som skjedde med dei som hadde. Kollegaene og spesielt dei med barn blei til «onklar» og «tanter» til barna til andre kollegaer. Så dei som kjem hit til UiO får også eit godt nettverk gjennom å ha barna i Universitetets barnehage, fortel ho.  

Eirin Larsen har sett at barn og foreldre omgår kvarandre også utanfor barnehagen og at dei gir nykomne tips om korleis ein skal bu og jobba i Noreg. 

– På den måten blir barnehagen også eit sosialt fellesskap og ei trygg hamn for dei internasjonale forskarane og familiane deira, slår ho fast.

– Måtte hatt ekstra tiltak utan barnehagen

For henne er det også fint å sjå at dei vitskaplege tilsette med internasjonal bakgrunn som ho er leiar for, klarer å få eit nettverk og slik føla seg heime i Oslo og på Universitetet i Oslo.

– Mange må bu fire ulike stader før dei får ein ordentleg stad å bu. Då blir Universitetets barnehage til eitt av av dei fast punkta i livet deira, slik ein av kollegaene mine ordla seg, fortel Eirinn Larsen.

– Følte seg dårlegare ivaretatt enn studentane

I 2009-2010 var Eirinn Larsen engasjert for å skriva ein del av historieverket som kom ut under 200-årsjubileet til UiO i 2011. Ho skreiv første del i band 7 «Jubileumshistorie nedenfra - UiO og nye studentgrupper.» Her behandla ho også endringar i student- og tilsettedemografien under 1950-og 1960-talet. Det resulterte i at UiO fekk sine første barnehagar for studentar og tilsette.  

– Frå 1967 til 1968 tykte dei universitetstilsette at dei blei tatt dårlegare vare på enn studentane. Barnehage i Villa Eika kom til. Seinare blei også Blindern barnestuer etablert i ei brakke på Nedre Blindern.

Eirinn Larsen reknar begge delar som ein viktig milestolpe. Spesielt var dette viktig for den pågåande kvinnefrigjeringa og likestillingskampen. 

Eirinn Larsen er leiar for Institutt for arkeologi, konservering og historie
ENDRING: – Den gongen var det eit krav frå unge fedrar og unge mødrer. I dag handlar ein barnehageplass i dei to barnehagane om rekruttering av internasjonale forskarar, har instituttleiar Eirinn Larsen notert seg. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Den gongen var barnehagar eit krav frå unge mødrer og fedrar og både studentar og tilsette la ned betydeleg dugnadsarbeid og mange timar i å få det til. I dag er dette framleis viktig, men internasjonaliseringsaspektet er kome til. I rekruttering av internasjonale forskarar og vitskaplege ekspertar, er det viktig å kunna tilby nettopp barnehageplass til barna deira, har ho notert seg.

Hald deg oppdatert! Motta Uniforums nyhendebrev

– HF har blitt eit internasjonalt fagfellesskap 

Dei siste 15 åra har det vore ei omfattande rekruttering av internasjonale forskarar på Institutt for arkeologi, konservering og historie, fortel Eirinn Larsen. 

– Det har vore ei total endring. Heile Det humanistiske fakultetet har blitt eit stort internasjonalt fagfellesskap. Me har derfor gjort ein stor innsats med integrering gjennom språkopplæring og oppfylging av ektefellane deira. I dette arbeidet har Universitetets barnehage og Blindern barnestuer hatt ein viktig plass, slår ho fast.

 

Les meir i Uniforum:

Debatt: – Vi kan ikke bare viske ut alt vi har bygget opp

Debatt: Arne Benjaminsen: Vi lytter til innspillene deres

Barnehagestyrar om mogleg nedlegging:– Det var eit brutalt sjokk

Debate: Universitetets barnehage - It is beyond me that a university would give up this asset

UiO-leiinga vil leggja ned Universitetets barnehage

Om barnehage som kan bli aksjeselskap

 

Emneord: Barnehage, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. okt. 2026 04:02

Logg inn for å kommentere