Rådyra frå Botanisk hage er flytta til Tøyenparken

Begge rådyra i Botanisk hage er no flytta til Tøyenparken. Det opplyser Bymiljøetaten i Oslo kommune. Det eine rådyret blei flytta dit fredag kveld, medan det andre kom dit nokre dagar tidlegare. 

Rådyr

NY TUMLEPLASS: Rådyra i Botanisk hage skal flyttast til Ola Narr på hjørnet av Tøyenparken.  Dei to rådyra såg ut til å trivast godt då Uniforum tok bilete av dei i april i fjor. No er eitt av desse dyra flytta ut av Botanisk hage. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var for rundt ei veke sidan rådyrbukken i Botanisk hage blei fanga og transportert vidare til Ola Narr i Tøyenparken like ved Botanisk hage. Natt til fredag prøvde folk frå Bymiljøetaten i Oslo kommune å få utført den siste operasjonen med rådyrgeita, men då lykkast dei ikkje. Dei gjorde eit nytt forsøk på fredag kveld, og då klarte dei å få tak i dyret og transportera det til Ola Narr i Tøyenparken. Det får Uniforum opplyst hos Bymiljøetaten.

Populært turområde for hundeeigarar

Dermed blir det verken avliving eller flytting ut i Oslomarka for dei to dyra som har blitt ein uventa attraksjon i Botanisk hage det siste halvtanna året. Der har rådyra unngått hundar etter at dei blei forbode å ta med hundar inn i Botanisk hage frå mars 2025. Der det er planen at begge skal gå og beita no, er også kjent som eit populært utferdsområde for hundeeigarar. I ein del av parken er det også eit friområde der hundane ikkje treng vera i band. 

– Kan ikkje ha dei i Botanisk hage

Det var i april i fjor Uniforum først kunne fortelja om dei to nye attraksjonane i Botanisk hage. Dei blei likevel ikkje ynskt velkomne av leiar for Botanisk hage og professor ved Naturhistorisk museum Anneleen Kool.

– Me er i dialog med Bymiljøetaten for å finna ei løysing. Det er hyggelegast  om me slepp å drepa dei, men me kan ikkje ha dei i Botanisk hage, sa Anneleen Kool til Uniforum. 

Miljødirektoratet sa nei til flytting til dyrepark

I august i fjor kunne naturforvaltar og biolog Tea Turtumøygard i Oslo kommune melda at dei to rådyra i Botanisk hage var blitt tre. Rådyrgeita hadde nemleg fått kalv. Samtidig kom det også opp eit forslag om at alle rådyra kunne flyttast til Dyreparken i Kristiansand. Også det forslaget sa Miljødirektoratet nei til. Direktoratet viste til viltlova som har eit generelt forbod mot å halda ville dyr i fangenskap. 

Biolog Helene Axelsen i Kristiansand dyrepark hadde forståing for avslaget frå Miljødirektoratet. 

 – Det er jo i samsvar med regelverket, men i sjeldne tilfeller får ein unntak. Eg hadde tenkt at dette kunna vera eit slikt tilfelle fordi dei har vore i Botanisk hage så lenge og er vande til folk, sa Axelsen til Uniforum i august.

Tøyenparken
RÅDYRPLASS: No skal Ola Narr i hjørnet av Tøyenparken bli den nye tilhaldsstaden til rådyra som det siste året har halde til i Botanisk hage. (Foto: Martin Toft)

No har Bymiljøetaten altså lykkast med å flytta både  rådyrbukken og rådyrgeita frå Botanisk hage til Tøyenparken. . 

Når det gjeld kalven, så ser Bymiljøetaten det som sannsynleg at den er blitt tatt av andre dyr. 

– Som å ha ein saueflokk inne i ein matbutikk

Leiar for Botanisk hage, professor Anneleen Kool er svært glad for at rådyra no er ute av Botanisk hage. 

– Dette er veldig bra. Rådyra har vore her lenge og har gjort stor skade på plantesamlinga, seier Anneleen Kool til Uniforum. 

 For henne var det viktig å få rådyra ut av hagen.

– Ein botanisk hage er ein institusjon som har dokumenterte samlingar av levande plantar for formåla vitskapleg forsking, bevaring, utstilling og undervisning. Å ha rådyr inne i ein botanisk hage er som å ha ein saueflokk inne på ein matbutikk. Det ser kanskje idyllisk ut, men dei øydelegg ganske mykje.

– Kjem du til å sjå etter dei når du tar turen innom Tøyenparken?

– Eg ser alltid etter både plantar og dyr når eg tar turen innom Tøyenparken. Det er veldig mange urbane rådyr i Oslo og eg håpar at desse to held fram med å ha det bra. Det er fint at Oslo er ein veldig grøn by, synest Anneleen Kool. 

 

 

Les meir om rådyra i Botanisk hage:

Vil flytte rådyr i Botanisk hage til Kristiansand dyrepark, men får ikke lov
Vil flytte eller felle rådyr i Botanisk hage

(Saka blei korrigert og oppdatert kl. 16.46) 

Emneord: Botanisk hage, Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 16. feb. 2026 11:43 - Sist endra 16. feb. 2026 16:47

Rådyrbukken er nå tilbake i hagen. Han kom inn gjennom åpen port i sars' gate 10.03.2026.

Cecilie Midtøy - 13. mars 2026 10:21

Logg inn for å kommentere