Tidlegare denne veka kunne Uniforum melda at universitetsdirektør Arne Benjaminsen i eit forslag til vedtak ber UiO-styret om ikkje å innføra akademisk boikott av Israel.
Samtidig blir det presisert at forskar-til-forskar-samarbeid kan halda fram som før. Då vil ikkje UiO-forskarar som samarbeider med israelske forskarar via Horisont Europa trengja å skrinleggja dette samarbeidet. Det kan gå sin gang, sjølv om UiO nett no ikkje vil inngå institusjonelle avtalar med universitet eller forskingsinstitutt i Israel. I sakspapira går det fram at UiO-forskarar samarbeider med israelske forskarar i sju prosjekt gjennom Horisont Europa. Denne saka som har fått tittelen Forskingsetikk og internasjonalt samarbeid (herunder akademisk boikott av Israel) skal behandlast saman med ei sak om berekraftig anskaffelsespraksis ved UiO.
Studentparlamentet har allereie vedtatt akademisk boikott av Israel, og deira synspunkt er også vedlagt sakspapira. Der oppfordrar dei UiO-styret til ikkje lenger å oppretthalda vedtaket frå 14. mai 2024, der eit knapt fleirtal av det dåverande styret gjekk imot akademisk boikott av Israel. Truleg blir dette den saka det blir mest diskusjon om i møtet på tysdag.
• Les også i Uniforum:
UiO-leiinga vil ikkje stansa samarbeidet med israelske forskarar i Horisont Europa
Husleiga kan koma på nesten 500 millionar i året
Når det gjeld forslaget til statsbudsjett for 2026 som blei lagt fram den 15. oktober, kommenterer universitetsdirektør Arne Benjaminsen løyvinga som skal dekkja husleiga UiO må betala til Statsbygg for Livsvitskapsbygningen.
Som Uniforum tidlegare har meldt får UiO tildelt 259.8 millionar til husleiga i 2026. I kommentaren frå universitetsdirektøren går det også fram at i tillegg til hovudtildelinga får UiO 78 millionar i ytterlegare kompensasjon fordi husleiga til Statsbygg på nærare 500 millionar for eit heilt år, ikkje kan dekkjast innanfor den tildelinga UiO får no.
I 2027 er planen at summen skal aukast til 389,7 millionar kroner, og så kjem dei 78 millionar kronene i tillegg. Til saman vil derfor UiO få 467,7 millionar kroner som skal dekkja framtidig husleige som vil liggja på rett over eller rett under 491 millionar kroner, står det i kommentaren frå universitetsdirektøren.
Han viser også til at UiO uavhengig av dette, vil ha utgifter på rundt 100 millionar kroner i året til forvaltnings-, drifts- og vedlikehaldskostnader for bygget. Den 31. oktober, altså tre dagar etter styremøtet, vil UiO få oppdaterte tal frå Statsbygg, står det.
• Les også i Uniforum:
Penger til Livsvitenskapsbygget i statsbudsjettet: – Gleder oss til å flytte inn
Meirforbruk er blitt mindreforbruk
UiO-styret har også fått verksemdsrapporten for UiO og alle einingane pr. 2.tertial på sitt bord. Også der tar universitetsdirektøren ein visitt innom Livsvitskapsbygningen. Han peikar på dei auka husleigekostnadane, men også dei store investeringsbehova i dei lokala som det blir flytta ut frå på Nedre Blindern.
Det er også auka kostnader for sjukehusareal som ikkje er kompenserte. Han understrekar at UiO ikkje er finansiert for ein slik auke i årlege husleigekostnader.
Då 2. tertial var over 1. september, hadde UiO eit samla mindreforbruk på 460 millionar kroner. Dermed ser det ut til at meirforbruket UiO hadde i åra 2023 og 2024 har jamna seg ut, går det fram av det universitetsdirektøren skriv.
På styremøtet skal også Eining for internrevisjon leggja fram halvårsrapporten sin.
Bak stengte dører skal UiO-styret ta stilling til ein klage på eit vedtak om oppseiing ved Universitetet i Oslo.
Dette er heile sakslista til møtet i universitetsstyret tysdag 28. oktober 2025:
Møte nr. 6/2025 i universitetsstyret
Møtet vil bli streamet
Tid og sted: – , Professorboligen , Karl Johansgate 47
Saker til behandling i lukket møte
V-sak 65-25 Godkjenning av dagsorden og habilitet
Forslag til vedtak:
Dagsorden og habilitet ble godkjent.
V-sak 66-25 Klage over vedtak om oppsigelse
Saksnr.: 2025/103264
Unntatt offentlighet etter offl § 13, jf. fvl. § 13
Saker til behandling i åpent møte
Ordinære saker
V-sak 67-25 Virksomhetsrapport per 2. tertial 2025
Saksnr.:
Forslag til vedtak: Styret tar virksomhetsrapporten for 2. tertial 2025 til etterretning.
Saksdokumenter:
Informasjonssaker
I-sak 29-25 Halvårsrapport 2025 Enhet for internrevisjon
Saksnr.: 2010/5245
Saksdokumenter:
Ordinære saker
V-sak 68-25 Bærekraftig anskaffelsespraksis ved UiO og Forskningsetikk og internasjonalt samarbeid (herunder akademisk boikott av Israel)
Saksnr.:
Forslag til vedtak:
- Universitetsstyret tar redegjørelsen om implementering av bærekraftig anskaffelsespraksis til orientering.
- Universitetsstyret tar redegjørelsen om forskningssamarbeid med israelske forskere til orientering.
- Universitet i Oslo innfører ikke akademisk boikott av Israel.
- Universitet i Oslo skal inntil videre ikke inngå nye overordnede institusjonelle samarbeidsavtaler med israelske universiteter.
Saksdokumenter:
V-sak 69 Signaturrett for universitetsdirektøren som daglig leder av UiOs administrasjon
Saksnr.:
Forslag til vedtak:
Universitetsdirektør/daglig leder Arne Benjaminsen gis signaturrett for Universitetet i Oslo.
Saksdokumenter:
Informasjonssaker
I-sak 30-25 Orientering om Forslag til statsbudsjett 2026
Saksnr.:
Saksdokumenter:
I-sak 31-25 Orienteringer fra universitetsdirektøren
Saksnr.: 2025/83519
Saksdokumenter:
Saker til behandling i lukket møte
Informasjonssaker
I-sak 32-25 Eventuelt
Ordinære saker
V-sak 70-25 Godkjenning av protokoll for inneværende møte
Forslag til vedtak:
Protokollen ble godkjent.
Logg inn for å kommentere