Førskomande tysdag skal universitetsstyret på nytt behandla spørsmålet om akademisk boikott av Israel. Det er i ei styresak om forskingsetikk og internasjonalt samarbeid spørsmålet om ein mogleg akademisk boikott av Israel, på nytt kjem opp.
Sju prosjekt
I saksdokumenta kjem det fram at forskarar ved UiO deltar i sju prosjekt finansierte av Horisont Europa, der også israelske forskarar deltar.
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen understrekar i saksdokumentet at dette er konkret forsking. Derfor vert det vurdert som forskar-til-forskar-samarbeid. Slike prosjekt er bygde på forskarane sine forskingsidear, prosjektsøknader og samarbeidsrelasjonar, heiter det i notatet til universitetsstyret.
Det vert også peika på at den akademiske fridomen handlar om moglege forskingstema, val av samarbeidspartnarar, forskingsmetodar, undervisningsopplegg og publisering med meir. Under denne definisjonen kjem også samarbeidsprosjekt via Horisont Europa, står det i saksdokumenta universitetsstyret får på bordet tysdag 28. oktober.
Vil ikkje inngå institusjonelle avtalar
Sjølv har ikkje UiO nokon institusjonelle avtalar med israelske universitet, understrekar universitetsdirektør Arne Benjaminsen i notatet til UiO-styret. Det blir vist til tidlegare rektor Svein Stølen, som i mai 2025 sa at det akkurat då ikkje var planar om å inngå slike avtalar. Dagens rektorat, stiller seg bak dette, vert det understreka i styrepapira.
Tidlegare har forkjemparar for Palestina på UiO kravd at UiO skal avslutta alt forskingssamarbeid med Israel også gjennom Horisont Europa. Dei har ikkje definert dette samarbeidet som forskar-til forskar-samarbeid, slik UiO no gjer.
UiO har kjøpt tenester frå fire israelske selskap
I saksdokumenta vert det også opplyst om at UiO har kjøpt tenester frå fire israelske selskap frå 1. januar 2024 og fram til 30 september 2025. I 2024 utgjorde det ein samla sum på 159 654 kroner, medan det i 2025 så langt har kome på 58 541 kroner. Det gjeld selskap innanfor medisinsk forsking, bioteknologi og ekspertise på europeisk forskingsfinansiering. Eitt av dei har hovudkvarter i Jerusalem, dei andre held til i Tel Aviv. UiO har ingen indikasjonar på at dei opererer i okkuperte område, leverer produkt til militære formål eller har produksjonsanlegg i busetnader på okkuperte område, står det i eit vedlegg til saka som universitetsstyret skal handsama.
Studentparlamentet oppfordrar til akademisk boikott
I eit brev til universitetsstyret viser Studentparlamentet ved UiO til korleis det ikkje lenger finst akademisk fridom i Gaza. Biblioteka er øydelagde, laboratoria jamna med jorda og førelesingssalar ligg i ruinar.
Samtidig held israelske universitet fram som normalt. Dei trekkjer fram at det derfor er bombinga, okkupasjonen og det som FN-organ kallar folkemord, som trugar den akademiske fridomen. Eit universitet som verkeleg står for fri forsking, må sjå si rolle, står det i brevet frå Studentparlamentet.
Derfor oppfordrar Studentparlamentet universitetsstyret om ikkje å oppretthalda vedtaket frå 14. mai 2024, men denne gongen gå inn for ein institusjonell akademisk boikott av Israel.
Brevet fra Studenparlamentet er vedlagt sakspapira til styremøtet 28. oktober.
• Les også: UiO-styret delte seg, men sa nei til akademisk boikott av Israel
Dette er heile saka om akademisk boikott til møtet i Universitetsstyret tysdag 28. oktober 2025.
Mot bruk av akademisk boikott som politisk verkemiddel
UiO viser i saka til eit vedtak frå 2012 som stadfestar at UiO er imot bruk av akademisk boikott som eit politisk verkemiddel. UiO skal også arbeida for at vitskaplege nettverk kan nyttast på ein positiv måte der diplomatiske kanalar er brotne ned.
Eit konkret døme som blir trekt fram, er reaksjonen etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022. Den gongen bestemte norske styresmakter at alt institusjonelt samarbeid med russiske akademiske styresmakter skulle stansast. Det blei likevel ikkje definert som ein akademisk boikott, og forskar-til-forskar-samarbeidet kunne halda fram.
Når det gjeld apartheidstyret i Sør-Afrika, var det også ein diskusjon om å innføra akademisk boikott. Noreg vedtok i 1987 Lov om økonomisk boikott av Sør-Afrika for å bekjempe apartheid. Men universitetsdirektøren understrekar at dette ikkje var ein kulturell og akademisk boikott, sjølv om det var mange som kjempa for å få det innført.
Denne gongen handlar det altså om akademisk boikott av Israel, slik som også var tilfellet då saka var oppe i universitetsstyret 14. mai 2024.
No blir universitetsstyret bede om å ta stilling til fylgjande forslag til vedtak frå universitetsdirektøren, og no handlar det også om berekraftig anskaffelsespraksis i tillegg til spørsmålet om akademisk boikott av Israel:
• Universitetsstyret tar omtalen om implementering av berekraftig anskaffelsespraksis til orientering.
• Universitetsstyret tar omtalen om forskingssamarbeid med israelske forskarar til orientering.
• Universitetet i Oslo innfører ikkje akademisk boikott av Israel.
• Universitetet i Oslo skal inntil vidare ikkje inngå nye overordna institusjonelle samarbeidsavtalar med israelske universitet.
Les heile sakslista til møtet i universitetsstyret 28.oktober
• Les meir om akademisk boikott i Uniforum:
Studenter demonstrerte mot Kongsberg Gruppen på Blindern
Ny Palestina-demonstrasjon i dag: UiO skjerpar tryggleiken i administrasjonsbygningen
UiO-ledelsen lovte å ikke inngå institusjonelle avtaler med israelske universiteter nå
Palestina-demonstrasjon enda i handgemeng med assisterande universitetsdirektør
Studenter for Palestina: – Vi tror UiO vil høre på oss
UiO-styret delte seg, men sa nei til akademisk boikott av Israel
Bibliotekssystemet Oria er vel i praksis eit israelsk selskap og eg tippar at dersom ein fylgjer pengestraumen så får ein svaret: https://www.bokogbibliotek.no/aktuelt/hvor-israelsk-er-ex-libris-usikkerhet-om-nasjonaliteten-til-sentralt-biblioteksystem/211210
Logg inn for å kommentere