Medan 300 fredelege Palestina-demonstrantar stod på plassen utanfor Lucy Smiths hus i ettermiddag, tok 50 andre aktivistar seg inn i Lucy Smiths hus. Flesteparten av dei satte seg ned langs veggen i første etasje, medan nokre av dei tok seg opp til toppleiinga i 9. etasje. Der utvikla det spontane besøket seg til handgemeng mellom nokre av aktivistane og mellom andre assisterande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen.
I hovudinngangen i Lucy Smiths hus møtte Uniforum like etterpå Jihad Al-Mahedi som både er med i Studentar for Palestina og representerer Solidaritetslista i Studentparlamentet. Han forsvarar aksjonen.
– I eitt og eit halvt år har studentrørsla på UiO kjempa for ein akademisk boikott av Israel på ein fredeleg måte. No har nokre av studentane valt å ta det neste steget, for UiO har nekta å høyra på studentane, seier han.
– Endar opp i uønska situasjonar
Uniforum intervjua han medan aksjonen gjekk føre seg.
– Både me i Studentar for Palestina, og alle som står der ute støttar aktivistane som har bestemt seg for å gjera dette. For når du går i eitt og eit halvt år og prøver å snakka med UiO-administrasjonen om å å ha ein dialog og finna ei løysing for dette, og det ikkje blir tatt imot i heile tatt, så endar me opp i slike uønska situasjonar, seier han.
– Korleis reagerer du på responsen frå UiO-leiinga?
– Den er uklar akkurat no. Kanskje dei ikkje er så glade, men det var dei som eskalerte dette ved ikkje å respektera stemmene til studentane. Det er dei som ikkje respekterte studentane ved å kalla dei for eit høglydt mindretal. Det er dei absolutt ikkje, og det kan du sjå her, og ved valet til Studentparlamentet.
Ein demonstrant fekk handa i klem
Uniforum har vore i kontakt med representantar for universitetsleiinga. I ein uttale frå kommunikasjonsdirektør Berit Kollberg Rossiné på vegner av UiO-leiinga står det fylgjande:
"Vi er opptatt av å tilrettelegge for demonstrasjoner og ytringer innenfor de rammer vi har avtalt med demonstrantene. I forbindelse med demonstrasjonen på Fredrikkeplassen (som UiO har gitt tillatelse til), var det flere demonstranter som tok seg inn i 1.etasje og i gangen ved heisene i 9.etasje. En demonstrant forsøkte å trenge seg inn i kontorlokalene 9.etasje der rektor og universitetsledelse holder til. Døren ble holdt igjen og en demonstrant fikk dessverre hånden i klem i denne situasjonen. Ass. direktør Johannes Falk Paulsen har beklaget dette til demonstranten", går det fram av meldinga UiO-leiinga har sendt til pressa.
Utanfor Lucy Smiths hus stod rundt 300 demonstrantar og ropte: "Akademisk boikott no": "Studentar seier nei til folkemord", "Boikott apartheid", "Boikott folkemord" og "Boikott Israel", Dei brukte også eit slagord på engelsk: "Justice now".
Demonstrantane lytta til ein appell frå Sondre Matthias Klungland, leiaren for Studentparlamententet. Han peika på at UiO var involvert i forskingssamarbeid med israelske insitutusjonar gjennom avtalar med tredjepartar som EUs forskingssatsing Horisont Europa. Det ynskte han at UiO måtte avslutta, noko alle dei frammøtte applauderte.
• Les meir om Palestina og akademisk boikott på UiO:
Demonstrerte for Israel-boikott: – Den akademiske friheten til enkeltforskere er ikke utsatt
Palestina-demonstrantar møtte finansministeren på UiO
UiO-styret vedtok oppdaterte retningslinjer for innkjøp
Ho fekk gjennomslag for å innskjerpa etiske retningslinjer ved innkjøp
UiO-styret delte seg, men sa nei til akademisk boikott av Israel
Akademisk boikott av Israel blir diskusjonssak i UiO-styret i mai
Professor advarer mot å gjøre UiO til politisk aktør
Kristin Clemet opplevde seg overrumplet og satt i forlegenhet i UiO-styret
UiO-partner knyttes til Gaza-bombingen
UiO-styret ville ikkje ha akademisk boikott, men vil vurdera boikott av leverandørar
Uniforum 2014: Verdens største vaktselskap vant klagesak mot UiO
Logg inn for å kommentere