Palestina-demonstrantar møtte finansministeren på UiO

Oljefondets investeringar i selskap som leverer tenester til Israel på den okkuperte Vestbreidda og i Gaza, var temaet finansminister Trygve Slagsvold Vedum brukte mest tid å svara på under besøket på UiO i dag. Akkurat som i fjor dukka det opp Palestina-demonstrantar. 

KLAR BODSKAP: Palestina-demonstrantane gjorde det klart overfor finansminister Trygve Slagsvold Vedum kva dei meinte om Oljefondets investeringar i selskap som kan ha vore involverte i brot på menneskerettar og folkeretten mellom anna i palestinske område. 

Foto: Eirik Dahl Viggen/LO-Media

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (SP) kom til Ragnar Frischs auditorium med eit stort smil to dagar etter at han hadde fått masse kritikk for å ha føreslått for lite pengar til mellom anna forsking og høgare utdanning i forslaget til statsbudsjett for 2025.

• Les også:

Statsbudsjettet 2025: Ber Noreg læra av kunnskaps- og forskingsatsinga i nabolanda våre

Han tok seg tid til å helsa og småprata med nokre av studentane som hadde sett seg ned for å høyra han fortelja om jobben som finansminister i samtale med førstelektor Øyvind Bratberg ved Institutt for statsvitskap. 

AVSLAPPA STATSRÅD: Finansminite seg på kateteret då han skulle svara på spørsmåla frå studentane på SV-ster Trygve Slagsvold Vedum setfakultetet i dag. (Foto: Martin Toft) 

Etter å ha fortalt smått og stort om politiske teoretikarar og inspirasjonskjelder som Stein Rokkan og Augustin og om kjærleikslivet på Blindern då han var student for 24 år sidan, kom dei harde og tøffe spørsmåla frå studentane. 

– Og derfor har Oljefondet investert veldig lite i våpen

I hovudsak handla dei om korleis Oljefondet kunna halda fram med investeringar i selskap som var svartelista av FN fordi dei driv forretningar mellom anna på den okkuperte Vestbreidda. Nokre av studentane lurte på om ikkje finansministeren var redd for at Noreg kunne bli medansvarleg for folkemord, så lenge Oljefondet ikkje trekte seg ut av desse selskapa.   

Finansministeren tok seg god tid til å svara på problema rundt investeringane til Oljefondet.  

– Kvart år legg eg fram ei  stortingsmelding  om Oljefondet. Me har strenge etiske standardar. Derfor har me strenge krav når det gjeld våpen. Og derfor har Oljefondet investert veldig lite i våpen. Den norske staten har kjøpt jagarfly frå den amerikanske våpenprodusenten Lockheed-Martin. Men Oljefondet kan ikkje investera i det selskapet på grunn av dei strenge etiske reglane. Om eit selskap er involvert i folkerettsbrot, kan ikkje Oljefondet vera involvert i det.  Heller ikkje i selskap som driv med tobakk, alkohol, porno eller med kol, understreka han. 

Og han gjentok kva som er hovudkravet frå regjeringa og Stortinget til Oljefondet. 

–  Oljefondet skal ikkje vera investor i selskap som bidrar til menneskerettsbrot eller folkerettsbrot, anten det er på Gaza, Vestbreidda eller andre stader i verda, slo han fast. 

 

VENTAR PÅ VEDUM: Studentane kom tidleg for å få sitjeplass i Ragnar Frischs auditorium under samtalen mellom finansminister Trygve Slagsvold Vedum og statsvitskapsprofessor Øyvind Bratberg.  (Foto: Martin Toft)

 

 

– Kan utelukka fleire selskap enn det har gjort

Så viste han til oppgåva til Etikkrådet til Oljefondet.

– I førre regjeringsperiode var det snakk om å leggja det ned. Heldigvis blei ikkje det gjort.  Deira jobb er nettopp å gå gjennom denne typen selskap. Innanfor det mandatet det har frå meg og frå Stortinget kan det utelukka fleire selskap enn det har gjort, presiserte han.

Slagsvold Vedum fortalde at Etikkrådet må gi melding til det aktuelle selskapet for å finna ut kva det meiner om at selskapet kan ha bidratt til menneskerettsbrot eller folkerettsbrot. Då får selskapet høve til å svara på det. 

– Om det kan dokumentera at det er feil, så skjer det ikkje noko meir. Men dersom det er bevist at selskapet er involvert i brot på menneskerettar og på folkeretten, ber Etikkrådet Oljefondet om å selja seg ut, forklarte han.

– For me skal ikkje som stat tena pengar på folkerettsbrot 

Slagsvold Vedum peika også på at det måtte gjerast på denne måten fordi det kunne vera svært ekstremt øydeleggjande for eit selskap å bli skulda for slike brot utan at det var tilfellet. 

– Først når alle aksjane er ute av eit selskap, blir det flagga offentleg av Etikkrådet at Oljefondet har trekt seg ut. For me skal ikkje som stat eller samfunn tena pengar på folkerettsbrot i  Gaza eller på Vestbreidda. Det er den klare haldninga både til regjeringa og Stortinget, la han til. 

– Viktig at sal ikkje går gjennom tredjepartar

Så kom han også inn på Noregs eksport av våpen til andre land. 

– Når det gjeld eksport av våpen, har me oppretta ei eiga eksportkontrolleining i Utanriksdepartementet. Den skal skaffa seg endå betre oversyn over kvar norske våpen blir brukte. Me skal ikkje selja våpen som blir brukte i krigsområder anten det skjer i Israel, Gaza eller i Beirut no, heldt han fast på.  Vedum meinte at regjeringa har eit kjempestrengt regime på det, og at den  vil skjerpa det og setja av endå meir ressursar til det.

– Og når det gjeld våpenindustrien er det viktig at sal ikkje går gjennom tredjepartar, understreka han. 

Trygve Slagsvold Vedum tykte det var viktig og bra at mange var urolege for situasjonen i Israel og Palestina. 

– Eg har vore på Gazastripa to gonger, og også i Gaza by. På Vestbreidda møtte eg den dåverande palestinske leiaren Yassir Arafat, rett før han døydde. Det som sjokkerte meg aller mest var eit møte med ei norsk gruppe som ikkje hadde noka  forståing for dei menneskelege lidingane, fortalde Vedum. 

– Noreg og Spania og nokre andre land har leia an

Etter hans oppfatning gjorde den norske regjeringa noko heilt rett då den anerkjente Palestina som ein eigen  stat. 

– Noreg og Spania og nokre andre land har leia an. No håpar me at USA og andre mektige land kan gjera noko meir for å få slutt på krigen,  sa han.

Og Vedum framheva også den skvisen som det palestinske folket er kome i i Midtausten. 

– Palestinarane blir brikker i spelet mellom stormaktene og mellom shia- og sunnimuslimar, konstaterte han. 

GEMYTTLEG: Det var ein gemyttleg tone i samtalen mellom finansminister Trygve Slagsvold Vedum og førstelektor i statsvitskap, Øyvind Bratberg. (Foto: Martin Toft) 

Til samtalepartnaren Øyvind Bratberg måtte han ut med dei tre viktigaste  tinga han syntest regjeringa, han og statsminister Jonas Gahr Støre leier, hadde oppnådd. 

– Me har gjort endå meir for barnefamiliane enn det me lova. Me har også klart å ta imot 80 000 ukrainarar, og me har fordelt dei i kommunar over heile landet. Og så har me kome med eit kraftig løft for Forsvaret, nettopp på grunn av Russlands invasjon av Ukraina. Det går bra for folk i heile landet, med høg tillit og stor tryggleik for alle. Uansett om du er son av ein skipsreiar eller av ein reinhaldar, vil du ha det same høvet til å studera,  slo han fast. 

Etter rundt ein time måtte han gå, og då møtte han ei gruppe med Palestina-demonstrantar i vestibylen i Eilert Sundts hus. Han tok seg tid til å høyra på dei og samtala med dei, før han måtte hasta av garde til ein ventande statsrådsbil. 

• Les meir om Trygve Slagsvold Vedum på UiO: 

Trygve Slagsvold Vedum på UiO: – Me må tenkja meir på dei neste generasjonane

• Les meir om etiske retningslinjer for innkjøp: 

UiO-styret vedtok oppdaterte retningslinjer for innkjøp

Ho fekk gjennomslag for å innskjerpa etiske retningslinjer ved innkjøp

UiO-styret delte seg, men sa nei til akademisk boikott av Israel

Akademisk boikott av Israel blir diskusjonssak i UiO-styret i mai

Professor advarer mot å gjøre UiO til politisk aktør

 Kristin Clemet opplevde seg overrumplet og satt i forlegenhet i UiO-styret

UiO-partner knyttes til Gaza-bombingen

UiO-styret ville ikkje ha akademisk boikott, men vil vurdera boikott av leverandørar

Uniforum 2014: Verdens største vaktselskap vant klagesak mot UiO

 

Emneord: Statsvitskap, Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Palestina, Israel Av Martin Toft
Publisert 9. okt. 2024 15:02 - Sist endra 9. okt. 2024 16:39

Aktivistene foran stortinget hadde med seg modeller av Qassam-raketter. Å skyte slike raketter inn i sivile områder er vel også brudd på folkeretten?

Peter Andreas Kristoffersen - 11. okt. 2024 14:02

Logg inn for å kommentere