Kva gjer UiO for å fyljga opp tilrådingane til Sannings- og forsoningskommisjonen? Det var temaet for panelsamtalen i Domus Bibliotheca på Samefolkets dag, den 6. februar.
Utfordringa gjekk til prorektor Åse Gornitzka ved UiO som stilte opp i ein paneldebatt saman med kvenskspråklege M.Seppola Simonsen, som tidlegare var masterstudent ved SUM, jussdekan Raghnild Hennum, instituttleiar for Institutt for statsvitskap Elin Haugsgjerd Allern og førsteamanuensis Helge Pedersen ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk ved Universitetet i Tromsø, campus Alta.
Panelsamtalen blei leia av SV-dekan Anne Julie Semb som også var medlem i Sannings og forsoningskommisjonen som la fram tilrådingane sine i mai 2023. Der sat ho saman med mellom andre Pia Lane som er kvensktalande professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium på UiO.
lite informasjon om kvensk
Semb gav ordet først til A. Seppola Simonsen som er kvensktalande, og som nettopp er ferdig med mastergraden på UiO. Ho tykte det var lite informasjon om kvensk på eit så gamalt og godt universitet som UiO.
– Det finst absolutt forskingspotensial. Eg var på jakt etter kvensk historie på UiO, og det einaste eg fann var ein tekst på teologi som handla om historisk protestantisme, fortalte Seppola Simonsen..
– Eg trur på krafta i høgare utdanning
Prorektor Åse Gornitzka måtte svara på kva UiO har tenkt å gjera med ansvaret for den indirekte medverknaden universitetet hadde for fornorskinga og den grove uretten både mot samar og andre norske minoritetar som til dømes det kvenske folket og skogfinnane på Austlandet.
– Eg trur på krafta i høgare utdanning. Den krafta flyttar stadig på seg. Dersom høgare utdanning hadde blitt oppfunne i dag, ville tema om både samisk og kvensk ha vore med. Universiteta er jo sanningssøkjande institusjonar, peika ho på.
Gornitzka brukte SV-dekan Anne Julie Semb som døme: Når du går inn i Sannings- og forsoningskommisjonen, så er det ein del av tradisjonen vår. Det same gjeld for måten problema rundt skjellettsamlinga på Anatomisk institutt på Det medinske fakultetet til slutt blei løyst på, understreka ho.
Ynskte nettverk av forskarar
I dag finst det eldsjeler blant forskarane som interesserer seg for samisk språk, rett og historie. Åse Gornitzka tykte det var viktig, men at samarbeidet mellom dei kunne bli endå nærare.
– Det bør etablerast eit nettverk av folk med ulike forskingsinteresser på dette området som kan koma saman. Dei er engasjerte og jobbar med ny tilnærming på dette området. Det er ikkje alltid eit vedtak er løysinga på dette, heller insentiv som får fram gåsehudkjensla vår, meinte ho.
Studentane vil ha samisk rett
Jussdekan Ragnhild Hennum peika på at ikkje absolutt alt er på stell i det juridiske fagmiljøet når det gjeld å ta vare på det samiske språket. Det meiner ho styresmaktene må ta ansvaret for.
– Straffelova er enno ikkje omsett til nordsamisk. Det er brot på både Språklova og Samelova. No har fakultetet i alle fall ambisjon om å laga ei juridisk ordliste på samiske språk, avslørte ho.
Samtidig var ho lei seg for at fakultetet ikkje lenger hadde emne i samisk rett.
– Studentane vil gjerne ha det. For dei har lese om retten til land. Det er ein viktig del av jussfortida vår. Snart håpar me å få det tilbake. Me underviser i både diskrimineringsrett og i eigedomsrett, peika ho på.
– Urfolkspolitikk er eit eige fagfelt
Elin Haugsgjerd Allern er instituttleiar på Institutt for statsvitskap. Heller ikkje på hennar fag er samisk og andre minoritetar godt synlege .
– Men urfolkspolitikk er eit eige fagfelt, sjølv om det ikkje er stort, konstaterte ho.
Haugsgjerd Allern peika på at på statsvitskap underviser dei i politisk representasjon i val.
– Når UIO skal styrkja utdanningspolitikken sin på dette området, er faget vårt blant dei relevante faga. Det er mykje fagleg autonomi på universitetet, men det er rom for å endra, understreka ho.
Det kvenske og samiske perspektivet er med i alle fag
På Universitetet i Tromsø er situasjonen ein heilt annan enn på Universitetet i Oslo. Det kunne førsteamanuensis Helge Pedersen ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk fortelja.
– Eg kjem sjølv frå Alta, ein by der folk brukar både kvensk, samisk og norsk. Samtidig kan samiske spørsmål også vera betente.
Då han blei beden om å halda eit innlegg på UiO på Samefolkets dag, bad han om å få oversendt UiOs strategi for samisk.
– Den var ikkje lett å få tak i, for den fanst ikkje. Derfor måtte eg leita opp ting hos min gode venn Google for å finna informasjon om dette, avslørte han.
For han er dette eit bilete på kor stor kontrasten er mellom UiO og UiT på dette området.
– Det kvenske og samiske perspektivet er med i strategien på alle fag ved Universitetet i Tromsø. Mangfaldsperspektivet og urfolk er alltid viktig, medan det ikkje er same fokus på det i Oslo. Dei tenkjer vel at det er noko som skjer der nord, medan me har andre typar mangfald me må ta oss av, resonnerte han.
– Me må ta ansvaret for den historiske børa
Jussdekan Ragnhild Hennum trekte også fram rolla Universitetet i Oslo hadde i oppbygginga av Noreg.
– Dette universitetet gjorde ein kjempejobb med å byggja opp det norske samfunnet. Det har vore mindre viktig for universitetet å ta ansvaret for den uretten dette samfunnet har gjort mot urfolk. Me må ta ansvaret for den historiske børa. For me utdanna jo alle embetsmennene. Det er noko som me må ta innover oss, syntest ho.
Urfolksperspektiv kan takast med i UiO:Demokrati
Elin Haugsgjerd Allern trudde at statsvitskap har emne om urfolk som studentar på lektorutdanninga også vil ha stor nytte av å ta.
– Det kan gjerast med få endringar, i alle fall på grunnivå, trudde ho.
Anne Julie Semb meinte det ville vera mogleg å leggja inn urfolksperspektiv i ei strategisk satsing som UiO:Demokrati.
– Den auka interessa for nordområda gjer at det kan bl aktuelt å ta med urfolksrettar i fleire fag, hadde ho trua på.
– Draumen min er å få kvenskundervisning ved UiO
Den nyleg uteksaminerte kvenske studenten M. Seppola Simonsen fortalde om kvifor ho var så opptatt av å gjera kvensk synleg.
– Eg tar det inn i faget mitt fordi eg er engasjert i det, for det er viktig at kvensk er synleg. Det er fint at både Samefolkets dag og Kvenfolkets dag blir markerte. Draumen min er å få kvenskundervisning ved UiO, og å få gateskilt på kvensk i tillegg til samisk og norsk i Tromsø, sa ho.
Etter panelsamtalen blei det opna for spørsmål og innlegg. Ei av dei som tok ordet var Kristin Bergtora Sandvik, professor ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi på UiO.
– UiO la ned samisk på slutten av 1990-talet. Eg er 49 år og den aller yngste professoren blant dei eldsjelene som er interesserte i samiske spørsmål. Det må setjast av ressursar til dette, og ein må ikkje tigga eldsjeler om å gjera dette, var ho overtydd om.
Les meir om Sannings- og forsoningskommisjonen i Uniforum:
Fosensaka: – Tilliten er i alle fall ikkje blitt betre
Sametingsråd: – Urett skjer også i dag
– Dei skulle bli norske og gløyma sitt eige språk og sin eigen kultur
Logg inn for å kommentere