Sametingsråd: – Urett skjer også i dag

Sametingsråd Mikkel Eskil Mikkelsen kom inn på vindmøllene på Fosen på eit seminar om Sannings- og forsoningskommisjonens rapport  i går. – For urett er ikkje noko som berre skjer i historisk perspektiv, men også i dag, sa han. Kommisjonsmedlem Anne Julie Semb trudde på forsoning.

VIKTIG: – Historisk urett er viktig å inkludera i den forteljinga og i den oppfylginga me skal gjera, sa sametingsråd Mikkel Eskil Mikkelsen om Sannings- og forsoningskommisjonens rapport.   

Foto: Martin Toft

No er det gått fem månader sidan Sannings- og forsoningskommisjonen la fram rapporten sin i Stortinget. Universitets- og høgskulerådet arrangerte tysdag denne veka eit seminar på UiO om korleis kommisjonen sine forslag best kan fylgjast opp innanfor høgare utdanning og forsking.

• Les meir i Uniforum: – Dei skulle bli norske og gløyma sitt eige språk og sin eigen kultur

– Dei samiske språka skal synast i samfunnet

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartement representerte regjeringa under møtet.

– Dei samiske språka skal synast i samfunnet. Opplæringstilbodet på og om samisk skal styrkjast, og dei samiske språka skal brukast på alle samfunnsarenaer. Det er både store, viktige og  realistiske mål, meinte han. 

Hoel viste også til korleis FN gjennom Unesco har erklært åra frå 2022 til 2032 som FNs urfolkstiår. I tillegg peika han på korleis Noreg må fylgja opp Europarådets vern om nasjonale minoritetar, inkludert urfolk og religiøse og språklege minoritetar.

– Gjennom dette internasjonale rammeverket har norske styresmakter forplikta seg til at samiske, kvenske og norskfinske barn skal kunna læra å praktisera språka sine og at dei og alle dei nasjonale minoritetane skal få utøva kulturen sin, slo han fast. 

OVERREKKINGA: Leiaren for Sannings- og forsoningskommisjonen, Dagfinn Høybråten overrekkjer rapporten til stortingspresident Masud  Gharakhani i Stortinget 1. juni i år. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– Me må ha tilsette i skulen og i barnehagen 

Statssekretæren kom også inn på kva konsekvensen av det blir. 

Medlemar i kommisjonen: 

Dagfinn Høybråten, generalsekretær for Kirkens Nødhjelp, leiar

Professor Ivar Bjørklund, Tromsø

Forsker Håkon Hermanstrand, Kolvereid

Biskop emeritus Per Oskar Kjølaas, Tromsø

Professor Pia Lane, Oslo

SeniorrådgivarAnne Kristin Gurák, Hamarøy

Forskar Marit Myrvoll, Evenes

Professor emeritus Einar Niemi, Vadsø

Professor Anne Julie Semb, Oslo

Direktør Liv Inger Somby, Kautokeino

Professor emeritus Aslak Syse, Oslo

Førsteamanuensis Ketil Zachariassen, Tromsø

– Me må ha tilsette i skulen, i barnehagen og i andre kulturinstitusjonar som kan hjelpa dei på vegen med det. Og ikkje minst gode fagmiljø  på universitet og høgskular som kan utdanna lærarar, barnehagetilsette og kulturarbeidarar med kompetanse i samisk, kvensk og norskfinsk språk og kultur, understreka han.  

I dag er det mangel på ressurspersonar innanfor desse språkgruppene. 

– Og situasjonen er endå dårlegare for den skogfinske nasjonale minoriteten, la han til.

For å visa fram kva regjeringa har tenkt å gjera, brukte han som døme ei tildeling på 15,6 millionar kroner i budsjettforslaget for 2024. Dette er pengar som skal gå til tiltak som kan styrkja samisk språk og kultur frå barnehage til universitet. 9 millionar skal gå til høgare utdanning og forsking, spesielt øyremerkt Senter for samisk leksikografi ved Universitetet i Tromsø. Dessutan skal ein del av pengane gå til styrking av lulesamisk og sørsamisk. 

– Me vil også oppretta to nye stillingar som samiske vegvisarar ved Samisk høgskole i Kautokeino, lova han.

–Vil likestilla norsk og samisk fagspråk

Med det same han var inne på politikk for høgare utdanning og forsking, nemnde han eit anna grep regjeringa har gjort. 

– I revideringa av Universitets- og høgskulelova har me gått inn for å likestlilla norsk og samisk fagspråk. Forslaget går ut på å lovfesta at norske universitet og høgskular har ansvaret for å utvikla norsk og samisk fagspråk. Derfor skal undervisningsspråket som hovudregel vera norsk eller samisk, slo han fast. 

Men retten til å få samisk undervisning er enno ikkje lovfesta  i opplæringslova.

– På det området er regjeringa og Sametinget ueinige. At retten til samisk opplæring må utvidast, er me derimot einige om. Men me meiner situasjonen må endrast på bakken, før me endrar lova, forklarte han.

Når det gjeld situasjonen for kvensk og norskfinsk, så såg han teikn til framsteg.

– Retten til opplæring i kvensk og norskfinsk er innført i alle grunnskular i Troms og Finnmark uavhengig av kor mange elevar dei utgjer i klassen, sa han. Samtidig så var han uroleg for at talet på elevar med den språkbakgrunnen var gått ned frå 554 i skuleåret 2015/16 til 407 i skuleåret 2022/23.

– Den viser at fornorskinga har råka breitt

Etter hans meining har Sannings- og forsoningskommisjonens rapport gitt oss ei påminning av konsekvensar av fornorskingspolitikken for samar og andre nasjonale minoritetar. 

– Den viser at fornorskinga har råka breitt og vore svært inngripande på mange samfunnsområde, konstaterte han.

Til slutt kom han med ei formaning til universiteta og høgskulane.

– I ei kvar studentgruppe over heile landet kan det vera samiske, kvenske, norskfinske eller skogfinske studentar. Både undervisninga og mottaket av nye studentar må  ta omsyn til det, var bodskapen hans. 

– Har sagt seg lei for at lærarar har deltatt som fotsoldatar

Sametingsråd Mikkel Eskil Mikkelsen overtok talarstolen etter statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel.

Han inviterte alle til å vera til stades når Sametinget skal diskutera den 700 sider tjukke rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen i mars neste år.

Mikkelsen fortalde at innhaldet i rapporten har ført til konkrete handlingar. 

– Utdanningsforbundet har sagt seg lei for at lærarar har deltatt som fotsoldatar i fornorskinga. Me håpar fleire vil fylgja det dømet, sa Mikkel Eskil Mikkelsen.

– Historisk urett er viktig å inkludera

Han peika på korleis universitet som NTNU i Trondheim og Universitetet i Oslo har spelt mindre glamorøse roller overfor samane i Noreg. 

– Eit døme på dette var teorien om at det samiske folket hadde innvandra. Det blei gjort til ei «sanning», og den blei derfor lagt til grunn for høgsterettsdommar og stadfesta av NTNU. Og det førte til  at store delar av det sørsamiske folket blei dømde bort frå områda sine, konstaterte han.

Universitetet i Oslo slapp heller ikkje unna kritikk.

– Hovudskallemålingane av samar på Anatomisk institutt på 1930-talet er eit anna døme. Historisk urett er viktig å inkludera i den forteljinga og i den oppfylginga me skal gjera, meinte han.  

Samtidig nemnde han også positive ting som forskarar på norske universitet har gjort gjennom utvikling av ortografi i samiske språk. 

– Problemet var at dei gjorde det for å dokumentera språka før dei forsvann. Anna forsking har vore reine gode for både samar, norskfinnar og skogfinnar, syntest han.

Mikkel Eskil Mikkelsen meinte det var viktig å vera klar over urettferd som skjer mot det samiske folket i dag. 

– Korleis møter me urett i dag som til dømes det som skjer på Fosen-halvøya? spurte han.

– Sametingspresidenten har bede oss om å ta stilling til dette pågåande menneskerettsbrotet. For urett er ikkje noko som berre skjer i historisk perspektiv, men også i dag. Me inviterer universitet og høgskular til å tenkja nytt i tida framover, sa han.

– Litt avgrensa kor nyttig det var

Også dekan Anne Julie Semb ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet på UiO deltok på seminaret. Ho var medlem i Sannings- og forsoningskommisjonen, og på seminaret fekk ho oppdraget med å gå gjennom funna i rapporten. 

TRENGST IKKJE TILGJEVING: SV-dekan og kommisjonsmedlem Anne Julie Semb trudde det var mogleg med forsoning utan tilgjeving. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

 

– Det var ikkje berre fornorsking, men også annan urett mot samar og nasjonale minoritetar som blei tatt opp, framheva ho.

– Mogleg å få til forsoning utan at det trengst tilgjeving

Sannings- og forsoningskommisjonen hadde dessutan sett på liknande kommisjonar i andre land, før dei starta arbeidet sitt.

 – Det var litt avgrensa kor nyttig det var. For i andre land var kommisjonane ofte noko som blei oppretta etter valdelege konfliktar.

– I Sør-Afrika leia biskop Desmond Tutu kommisjonen, og der hadde den også sterke religiøse overtonar. Han var opptatt av tilgjeving. Me meiner at det er mogleg å få til forsoning utan at det trengst tilgjeving.

Så peika ho på kjenneteikn ved eit forsona samfunn.

– Det måtte vera eit solid kunnskapsgrunnlag om dei gruppene rapporten vår omhandla og om fornorskingspolitikken som fenomen. Erkjenninga av det er gjort urett og ein høg grad av tillit, oppsummerte ho.

Fem pilarar for vidare forsoning

I arbeidet for vidare forsoning har kommisjonen kome med tiltak som blir danna av fem pilarar:

Kunnskap og formidling, språk, kultur, førebygging av konfliktar og gjennomføring av regelverk.

Eit av dei forslaga kommisjonen har kome med, er at det blir oppretta eit nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett. Modellen er HL-senteret på Bygdøy.(Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar)  Dessutan vil dei at norske styresmakter skal styrkja undervisninga om fornorskingspolitikken, urfolk og nasjonale minoritetar på alle nivå.  Den føreslår også at det blir utvikla tiltak i lys av funna frå liknande kommisjonar i Sverige og i Finland.

• Les meir om Sannings- og forsoningskommisjonen: 

– Dei skulle bli norske og gløyma sitt eige språk og sin eigen kultur

Emneord: Menneskerettar, Statsvitskap, diskriminering Av Martin Toft
Publisert 1. nov. 2023 17:22 - Sist endra 1. nov. 2023 22:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere