Sentralbanksjefen: – Tillit er den viktigaste kapitalen vår

– Me har fått eit klart mandat frå styresmaktene, og me veit også at det nokre gonger inneber å ta avgjerder som  ikkje er populære, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache til Uniforum.  I går besøkte ho Universitetet i Oslo.

Portrett av ei kvinne

OLJEFONDET: – Folk må ha tillit til pengeverdien og til Oljefondet og måten det blir forvalta på, understreka sentralbanksjef Ida Wolen Bache i årstalen til lydhøyre studentar på SV-fakultetet. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var nesten smekkfullt i Ragnar Frischs auditorium på SV-fakultetet i god tid før sentralbanksjef og tidlegare samfunnsøkonomistudent Ida Wolden Bache tysdag ettermiddag skulle gå på talarstolen for å halda repetisjonen av årstalen sin for 2024.

– Me er privilegerte som bur i eit land med rettferd

I talen la ho vekt på tillit. Eit velfungerande demokrati er fundamentert på tillit til politikarar og institusjonar, begynte ho talen med.

 – Me er privilegerte som bur i eit land med rettferd. Tillit er den viktigaste kapitalen vår., slo ho fast. 

Ida Wolden Bache trekte lange linjer tilbake i historia.

– Frå den gongen betalingsmiddelet var skjel til me i dag har elektroniske pengar, byggjer det  på tillit. I år er det også 750-årsjubileet for Magnus Lagabøters landslov.

På den tida var det kongemakta som stod som garantist for verdien av pengane. I dag er  ansvaret gitt til sentralbanken.  Lovnaden er å fylgja opp med handling. Målet er å få inflasjonen tilbake til to prosent, Så langt har me hatt prisvekt utan høg arbeidsløyse, peika ho på.

– Me vil ikkje at Oljefondet skal bli ein politisk aktør

Ida Wolden Bache er også styreleiar for Oljefondet, og ho svinga også innom fondet i årstalen sin. Den 31. desember 2023 hadde fondet ein  verdi på 15 765 milliardar kroner, og utgjorde 1,5 prosent av dei samla investeringane i verdas børsnoterte selskap. I Europa åleine var dei samla investeringane frå Oljefondet i dei børsnoterte selskapa på 2,7 prosent. Til saman har fondet investert i 8859 selskap i 72 land.

– Stortinget har bestemt at fondet skal ha høgast mogleg avkasting innanfor ein akseptabel risiko, minna ho om.

Så kom ho inn på fleire dilemma. 

– Me kan ikkje overlata eigarstyringa til andre, der Oljefondet er ein stor eigar. Me vil ikkje at Oljefondet skal bli ein politisk aktør. I ei meir konfliktfylt verd kan skiljet mellom politikk og økonomi bli viska ut. I USA har store selskap gått tilbake frå klimaavtalar, peika ho på. 

For henne er det klare rettesnorer å styra etter.

– Me må  vera opne, etterrettelege og tydelege. Folk må ha tillit til pengeverdien og til Oljefondet og måten det blir forvalta på, understreka ho i årstalen til lydhøyre studentar.

 GODE; – Det var veldig mange gode spørsmål, frå studentane, synest sentralbanksjef Ida Wolden Bache (Foto: Ola Gamst Sæther)

Etterpå fekk ho spørsmål frå studentane. Dei handla om korvidt Noregs Bank har nok tillit til partane i arbeidslivet, om det alltid er Raudt og SV som kritiserer henne når det blir renteheving og om det hadde vore lettare under pandemien å ha koordinert pengepolitikken med Statsministerens kontor. Dessutan fekk ho spørsmål om Noregs Bank tar spesielt omsyn til finansiell stabilitet.  Og alle fekk svar på spørsmåla sine frå ein tolmodig sentralbanksjef.

– Det var veldig mange gode spørsmål

Etter spørjerunden møtte Uniforum ei godt nøgd Ida Wolden Bache som for andre året på rad hadde halde årstalen sin også for studentane på Det samfunnsvitskaplege fakultetet på UiO.

– Eg synest det er eit privilegium å få lov å koma hit. Og det var veldig mange gode spørsmål, frå studentane, seier Ida Wolden Bache til Uniforum.

– Var det nokre spørsmål du følte du hadde problem med å svara på enn andre?

-- Nei, men det er mange spørsmål som eg ikkje har svar  og som ikkje har to strekar under svara. Og slik skal det vera.

– Eit sunnheitsteikn

– Korleis har det vore for deg å vera sentralbanksjef i rundt to år og heile tida vera hoggestabben for sjefsøkonomane i bankane for at du ikkje set ned renta?

– Det er klart det har vore debatt om rentepolitikken. Det tenkjer eg er eit sunnheitsteikn i eit demokrati. Og eg tenkjer at det heller ikkje er verken unaturleg eller uventa i lys av den spesielle situasjonen me har vore i i ei tid med så høg prisvekst, og dermed også behov for raske og store renteaukingar, seier ho.

Ida Wolden Bache viser også til oppdraget Noregs Bank har fått frå styresmaktene.

– Me har fått eit klart mandat frå styresmaktene som me held oss til, og me veit også at det nokre gonger inneber å ta avgjerder som  ikkje er populære, slår ho fast.

– Trur du spådommen din om at det blir rentenedgang i år, blir meir sann enn spådommen du kom med i fjor?

– Me lagar alltid prognosar for det som er den beste vurderinga, basert på den informasjonen me har, og så understrekar me også i årets tale at me må vera førebudde på å revidera prognosane våre, dersom økonomien blir utsett for nye forstyrringar, seier ho til Uniforum.

– Me ser etter engasjerte, fagleg dyktige menneske

Ida Wolden Bache set altså stor pris på å treffa studentane på Universitetet i  Oslo, og ho håpar at dei gjerne blir jobbkandidatar  i Noregs Bank.

FÅ GLEDE AV: – Her trur eg det er mange dyktige økonomar som både Noregs Bank og andre arbeidsgjevarar  kan få glede av i framtida, varslar sentralbanksjef Ida Wolden Bache. (Foto: Ola Gamst Sæther).

– Det håpar eg etter kvart. No hadde me jo delfinale i vårt årlege case-NM. Og eg skjønte at laga var såpass dyktige at me valde å ta med fleire lag til finalen i år enn tidlegare. Dei ansvarlege peika på eit svært høgt fagleg nivå, så her trur eg det er mange dyktige økonomar som både Noregs Bank og andre arbeidsgjevarar  kan få glede av i framtida.

Og ho er ikkje i tvil om kva kvalitetar dei er på jakt etter hos kandidatane.  

– Me ser etter engasjerte, fagleg dyktige menneske med stort fokus på samarbeid. 

– Påverkar ulike delar av folket ulikt

Målet til Noregs Bank er å få inflasjonen tilbake til to prosent i året. I media blir det framstilt som ein katastrofe om matvareprisane stig, men også om bustadprisane og hytteprisane går nedover. Ida Wolden Bache ser ikkje noka motsetning i det.

– No blir dei påverka ulikt av ulike prisar. Matvareprisane påverkar mest dei som har minst å gå på, medan eigedomsprisar er i større grad er knytt til folk sine formuar og verkar på ein annan måte på økonomien. Prisar og renteendringar påverkar ulike delar av folket ulikt, konstaterer ho.

Sjølv har Ida Wolden Bache studert samfunnsøkonomi på Universitetet i Oslo.

– Det kan eg rå alle til å gjera, avsluttar ho.

• Les meir om dei tidlegare besøka til sentralbanksjefane på UiO:

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache: – Absolutt alt eg lærte på UiO, har eg fått bruk for

Sentralbanksjefen trur ikkje på eit samfunn utan kontantar

Sentralbanksjef Øystein Olsen: – Ingen bankar bør lovast evig liv

Sentralbanksjefen repeterte årstalen for studentane

Sentralbanksjefen talte til studentene

Emneord: Økonomi, SV-fakultetet Av Martin Toft
Publisert 28. feb. 2024 13:49 - Sist endra 28. feb. 2024 14:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere