Zeshan Shakar: – Det er kult å vera på pensum

Romanen "De kaller meg ulven" er tema for seks mikroemne på Det humanistiske fakultetet studieåret 2023/24. – Eg skulle gjerne ha meldt meg på, men det hadde vore synd om eg ikkje hadde bestått, smilte forfattaren Zeshan Shakar på bokbadet på  Niels kaffebar i går. 

FLEIRE IDENTITETAR: – I Noreg identifiserer jo oss med den bygda eller byen me kjem frå eller med ein klasse. Om me ser i media, så skulle me tru at det normale er at me har berre ein identitet, sa Zeshan Shakar på bokbadet på  Niels kaffebar. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I slutten av juni kunne Uniforum fortelja at HF-fakultetet lanserer  romanen «De kaller meg ulven» av Zeshan Shakar som både ei velkomstgåve til alle nye studentar og som  utgangspunkt for seks mikroemne over to semester. Kvart mikroemne gir 2,5 studiepoeng. 

Studiedekan Gunn Enli var svært nøgd med at fakultetet hadde fått det til. 

– Me valde denne boka fordi den viser det nye Noreg og korleis Oslo er blitt ein heilt ny by. Og så viser den korleis det er å veksa opp i Noreg og forholdet til islam som er familiereligionen medan samfunnet utanfor er sekulært, men påverka av kristendommen, fortalde ho. 

Gunn Enli viste også til at eit viktig kriterium for å velja denne romanen, er at den er frå samtida, er skriven på norsk, og at det er mogleg å treffa forfattaren. 

Og det siste ynsket blei realisert på eit bokbad med Zeshan Shakar på Niels kaffebar i Niels Treschows hus på Blindern i går ettermiddag. Og det var nettopp studiedekan Gunn Enli som kunne ynskja han velkommen. Kafeen var stappfull av studentar som ville høyra på forfattaren av romanen "De kaller meg ulven", som alle førsteårsstudentane på HF har fått i velkomstgåve. 

– For meg var Blindern ein plass eg drog til og vende heim frå

Ein av dei første tinga mediestudenten og intervjuaren Maria Schjerven ville ha svar på, var kva Zeshan Shakar tykte om at romanen var tema for seks mikroemne på  HF. 

 – Det er kult å vera på pensum. Eg skulle gjerne ha meldt meg på, men det hadde vore synd om eg ikkje hadde bestått, spøkte han. 

Då han sjølv var student på UiO, studerte han statsvitskap på SV-fakultetet. 

– For meg var Blindern ein plass som eg drog til og vende heim frå kvar dag. Og så var eg saman med dei vennene eg hadde hatt heilt sidan ungdommen. Eg skulle gjerne ha utforska verda på Blindern meir, syntest han i ettertid. 

Intervjuaren Maria Scherven ville også vita kvifor han hadde kalla hovudpersonen i romanen for "ulven". 

– Ulven er eit dyr som  flyttar seg heile tida , så det kan spela på det  å vera rastlaus og ikkje vera bunden til ein bestemt stad, var svaret hans.

Zhakar peika på at hovudpersonen er godt etablert med fast jobb, einebustad, kone og ei dotter.  Men så ser han seg tilbake og konstaterer at han har ein litt annan bakgrunn enn mange andre. – Og når du har klart å bevisa noko for deg sjølv, så er det vanskeleg å slå av denne delen av livet ditt, og du blir ganske rastlaus, trekte han fram. 

UTFORSKA VERDA: – Eg skulle gjerne ha utforska verda på  Blindern meir, sa Zeshan Shakar som heldt saman med den gamle venneflokken sin på Stovner, også etter at han blei student. (Foto: Ola Gamst Sæther)
 

– Berre tull

Zeshan Shakar var heilt open på at karakterane i bøkene hans er sette saman av trekk og opplevingar frå personar han har møtt eller kjenner. 

– Når forfattarar seier at karakterane deira lever sine eigne liv, og ikkje er påverka av folk eller livet til forfattaren, så er det berre tull, meinte Sakar. Han la ikkje skjul på at personane i bøkene hans, er prega av hans eigne opplevingar.  

– Eg har også gått gjennom ei klassereise, og i bøkene mine viser eg delar av denne klassereisa, la han til. 

"En mann av to land, men turte bare å gå på do i ett av dem"

Romanen "De kaller meg ulven"  tar også opp tema som kultur og utanforskap. Det var Zeshan Shakar heilt einig med intervjuaren Maria Schjerven, i.  Ho viste til ei setning i boka: "En mann av to land, men turte bare å gå på do i ett av dem". 

– Det viser til hovudpersonen i boka som har ein far frå Pakistan og så er dei  saman på tur der. Og dei som har vore på reise i Asia og vore på rasteplassar der lastebilsjåførar samlar seg,  har sikkert lagt merke til at dei kanskje ikkje har ein så høg standard for reinhald som dei som bur i Noreg. Og der er doen eit hol i golvet som du må setja deg på huk over. På ein måte er det eit bilete på at han har  pakistansk bakgrunn, men han føler seg ikkje slik i alle situasjonar, konstaterte han. 

Zeshan Shakar meinte at det  å ha fleire identitetar ikkje er tilfellet berre for dei som har bakgrunn frå to land. 

– I Noreg identifiserer me oss med den bygda eller byen me kjem frå eller med ein klasse. Om me ser i media, så skulle me tru at det normale er at me har berre ein identitet. Om du har fleire, er du på ein måte illojal mot den andre, var inntrykket hans.  

Hele HF leser!

Bokbadet er ein del av prosjektet Hele HF leser!

- dei første mikroemna om "De kaller meg ulven" vil HF tilby denne hausten. Det blir i faga nordisk litteratur, religionsvitskap og tverrfaglege kjønnsstudium.

- til våren blir det eit emne i medievitskap om bok som medium og romanlesing i eit historisk perspektiv.

(Kjelde: Det humanistiske fakultetet, UiO)

– Eg saknar historiene om dei som ikkje klarte seg så bra

Zeshan Shakar har far frå Pakistan og ei mor frå Finnmark, og har vakse opp på Stovner.  Han har hatt nær kontakt med norskpakistanarar som i 2021 markerte 50-års minnet for dei første arbeidsinnvandrarane frå Pakistan. 

– Det var mange historier om suksessrike pakistanarar som kom med to tomme hender og i dag kjører Mercedes, og om dei som i dag er fedrar og mødrer til legar og bioingerniørar. I stor grad viser det at norskpakistanarane har klart seg godt og det tener både dei og Noreg til ære. Men eg saknar historiene om dei som ikkje klarte seg så bra, fortalde Zeshan Shakar. 

Etter gårsdagens bokbad gjekk mange studentar glade ut igjen med romanen "De kaller meg ulven" i handa.

 

• Les meir om litteratur i Uniforum:

Romanen "De kaller meg ulven" skal lokka nye grupper til HF

Håpar Ordfestivalen vil løfta fram rikdommen i språkfaga på HF

Opna Demokratidagane: – Det må vera høgt under taket


 

Emneord: HF, Litteratur (skjønn-) og forfattere Av Martin Toft
Publisert 1. sep. 2023 16:23 - Sist endra 4. sep. 2023 10:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere