Torsdag 24. august gjekk ein mann i tjueåra til åtak på to kvinner ved avdelinga til Farmasøytisk institutt på UiO i Gydas vei på Majorstua. Ei av dei måtte leggjast inn på Ullevål universitetssykehus med alvorlege skader etter knivstikk, medan den andre kvinna blei sendt til Legevakten med mindre skader. Mannen blei straks tatt hand om av politiet etter at tilsette hadde klart å overmanna han. Nokre dagar etterpå blei han varetektsfengsla for fire veker.
– Alle tilsette skal få tilbod
Valdshendinga har fått Universitetet i Oslo til å vurdera kva tiltak dei kan setja i verk for å ta vare på tryggleiken til dei tilsette på UiO.
– Me tilbyr allereie fleire sikkerheitskurs for dei tilsette. Alle dei tilsette skal no få betre og meir informasjon om dei sikkerheitskursa me har, lovar universitetsdirektør Arne Benjaminsen på bakgrunn av det som skjedde på Farmasøytisk institutt.
Universitetsleiinga vil også sjå om det er mogleg å gjera endringar.
– Ja, me vurderer om det er behov for å ha eit supplerande opplegg til sikkerheitskursa våre, seier Arne Benjaminsen til Uniforum
Dei vil ikkje prioritera nokre einingar på UiO framfor andre.
– Nei, alle tilsette skal få tilbod om dette uavhengig av kvar dei arbeider. Når me har dette klart, vil me ta kontakt med alle einingane våre, seier Arne Benjaminsen.
Ubehagelige situasjoner, trusler og vold
Ein gjennomgang av kurstilboda til UiO viser at universitetet i dag tilbyr eit kurs som heiter «Ubehagelige situasjoner, trusler og vold» . Av nettsidene til UiO går det fram at det handlar om førebygging, ein gjennomgang av UiOs rutinar og system, korleis dei tilsette skal handla i situasjonen, og kva som skal gjerast etterpå. Det fysiske kurset varer i tre timar, og den digitale versjonen kan gjerast unna på to timar. Kurset blir halde av Bedriftshelsetenesta og Vakt- og alarmsentralen. Nettsida blei oppretta i februar 2021, så kurset har allereie eksistert i over to år.
Eit anna kurs ber namnet Sikkerhetskurs for førstelinjepersonell. Det tilbyr eit nytt kurs den 14. september. Det er i første rekkje retta inn mot tilsette som sit i skranken, omvisarar, arrangementsvertar og undervisarar, og alle andre som har kontakt med publikum, går det fram av UiOs nettsider.
Det finst eit liknande kurs for alle som er tilsette på Universitetsbiblioteket sine ulike avdelingar på UiO. Der er det annonsert eit nytt kurs 26.september.
På denne nettsida finst det eit oversyn over endå fleire sikkerheitskurs.
• Les meir i Uniforum:
UiO-rektor Svein Stølen: Me hadde møte med mykje alvor
Ein mann i 20-åra er sikta for drapsforsøk etter knivstikkinga i lokala UiO leiger
Valdshending i eit UiO-lokale på Majorstua
UiO-leiinga bestod katastrofeøving
Logg inn for å kommentere