UiO-styrevalet: Danial Ali Akbari har motet til å ta opp ubehagelege saker

– Eg har evna til å driva fram saker, også der det kanskje finst motstand. Det er ein av grunnane til at Danial Ali Akbari meiner han vil bli ein god representant for dei mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.

Ein mann med skjegg og briller ser ut over Blindern

SIKTAR MOT STYREVERV: Danial Ali Akbari håpar veljarane gir han tillit og stemmer han inn i Universitetsstyret som representant for dei mellombels vitskaplege tilsette.  

Foto: Ola Gamst Sæther

Postdoktor Danial Ali Akbari (36) ved Økonomisk institutt er ein av dei seks som har meldt seg som kandidat i valet på ny representant for dei mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.

Uniforum møter postdoktoren på kontoret i 11 etasje i Eilert Sundts hus. Der forskar han på vekstteori, arbeidsdynamikkar, ulikskap, teknologisk endring og dei sosiale kostnadane ved karbonutslepp.

Politisk og universitetspolitisk ballast frå Sverige

Før Danial Ali Akbari kom til Universitetet i Oslo, var han både stipendiat og student ved Lunds universitet i Sverige. Dit kom han med bakgrunn frå Karlstad og Shiraz i Iran. Han drar også med seg både politisk og universitetspolitisk ballast frå nabolandet. Både verv i Miljøpartiet og i instituttstyret ved Økonomisk institutt ved Lunds universitet og verv for doktorstudentar er ein del av porteføljen hans. På Universitetet i Oslo er han 2. vararepresentant til fakultetstyret på SV.

– Eg har erfaring med studentliv, eg har hatt plass i styret, også for organisasjonen for doktorstudentar i Sverige. Der har eg bidrege til at kollektive avgjerder blei tatt. Det går an å påverka. Og dessutan, og eg håpar det ikkje høyrest ut som skryt; Eg har evna til å driva fram saker, også der det kanskje finst motstand, der det er ubehagelege saker, og på det punktet trur eg at eg har noko å koma med, seier han.  

Val til Universitetsstyret* Universitetsstyret er UiOs øvste organ. Styret har elleve medlemar og er sett saman av styreleiar (rektor), to fast vitskaplege tilsette, éin mellombels vitskapleg tilsett (vert vald årleg), éin teknisk-administrativ tilsett, to studentar (vert vald årleg) og fire eksterne medlemar (vert oppnemnde av Kunnskapsdepartementet).
* Det årlege valet av representant for dei mellombels vitskaplege tilsette går føre seg frå 22. til 26. mai og gjeld for perioden 1. august 2023 til 31. juli 2024.
* Stemmerett har mellombels vitskaplege tilsette i minst 50 prosent stilling og mellombels professor II.
I år er det seks kandidatar til vervet

 Vil redusera talet på mellombels vitskaplege tilsette

– Og kva saker frå Lunds universitet kan du ha med som inspirasjon inn i Universitetsstyret til UiO?

–Eg har berre vore her i litt over eitt år, eg har tatt nokre kurs her, og eg har forsøkt å setja meg inn i korleis kollektive avgjerder blir tatt i Noreg, Det er mange likskapar, og eg kjenner igjen mange av dei same rutinane. Det blir kanskje tatt for gitt at ein kan påverka, og det faktum at eg har røter frå Iran, har gitt meg motet til å ta opp saker, driva dei fram, og ofte bringa dei fram til eit resultat. Kvar gong eg tar opp saker, leier det til ei viss medieverksemd, til ein diskusjon og på lengre sikt kan det føra til ei forandring, er erfaringa hans.

Då Uniforum spør han om kva som blir den viktigaste saka for veljargruppa hans i Universitetsstyret, er han ikkje i tvil om svaret.

– Det aller viktigaste er å redusera talet på mellombels vitskaplege tilsette, slik at det kan bli lettare å få fast tilsetjing. Det handlar også om å skapa tillit, gjennomsiktigheit i kva reglar og kriterium som gjeld for å få fast tilsetjing for mellombels tilsette. Det er viktig å ha ei god fordeling mellom jobb og privatliv, understrekar han.

– Integriteten til vitskapen må ikkje underminerast

I valplattforma hans går det fram at etter Danial Ali Akbaris  oppfatning kan mange i denne gruppa hamna i ei fallgruve der dei arbeider for mykje.

– Som mellombels tilsett føler ein at ein heile tida må visa seg fram, og det kan føra til at ein druknar i oppgåver og til sist handlar det om integriteten til vitskapen. Det handlar om store selskap som er ute etter omdømmevasking, og som gjerne vil finansiera og knyta seg til forsking på til dømes prestisjetunge universitet som Harvard og MiT i USA. Akkurat no gjeld det spørsmål som handlar om tilknyting til Russland, Kina eller USA, trekkjer han fram.

Han synest det er viktig å tenkja over kvar finansieringa kjem frå.  

– Det må vera gjennomsiktigheit, men også ei tydeleg haldning til desse sakene. Derfor tenkjer eg at integriteten til vitskapen ikkje må underminerast. Den andre delen av fridom er å utføra den forskinga ein vil, og det må spegla seg i samfunnet, men også på universitetet gjennom å ha ulike røyster, uavhengig av kva som blir sagt. Det er viktig at alle synspunkt kjem fram utan av det får konsekvensar for stillinga deira, understrekar han.

Og for dei mellombels vitskaplege tilsette meiner han at dette ofte kan vera ekstra vanskeleg.

– Det gjer det problematisk for dei å ta fram saker som kan vera ubehagelege for folk å høyra om og stå for saker. Dette er også svært viktige aspekt innanfor vitskapen. Situasjonen kan bli forverra om det er mange vitskaplege tilsette utan fast stilling, slik som er tilfelle både i Noreg og i Sverige no, peikar han på.

Det han er overtydd om, er at dette er ein fare både for ytringsfridomen og den akademiske fridomen.

 – Ja, det har den effekten at dei tenkjer gjennom om det er smart å uttala seg om visse spørsmål, dersom dei gjerne vil ha ei vidare tilsetjing eller ein fast jobb. Det kan skapa skepsis mot innhaldet til vitskapen. Det er ikkje bra for vitskapen og det er ikkje bra for samfunnet heller om ein ikkje har tillit til kunnskapsproduksjonen.

– Eit rimeleg krav å ha

HJELPER: – Det hjelper meg at eg snakkar og les og skriv svensk. Derfor er det lettare for meg å finna fram til saker på UiO enn det er for dei som ikkje har eit anna nordisk språk med seg i bagasjen, seier styrekandidat Danial Ali Akbari. Her tar han seg ein kopp kaffi i kjøkkenkroken i 11. etasje i Eilert Sundts hus. (Foto Ola Gamst Sæther)

– No skal Universitetet i Oslo snart bestemma seg for ein ny språkpolitikk etter det tidlegare vedtaket frå 2010. For to år sidan representerte Elisabet García Gónzalez dei mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret, og ho var dermed den første ikkje-skandinaviskspråklege som gjorde det. Og då blei ho simultantolka frå engelsk til norsk og vice verca på møta. Kva synest du om det?

– Eg synest at når du er ny, skal det likevel vera mogleg for deg å kunna påverka. Det er kjempebra at det har vore mogleggjort for Elisabet. Kravet om at ein skal læra seg norsk og kunna undervisa på norsk når ein bur i Noreg på lengre sikt, er eit rimeleg krav å ha. Elles blir konsekvensen at mange fine språk vil forsvinna, og engelsk vil dominera endå meir. Det må vera mogleg for forskarar som kjem til Noreg for å forska på Ibsens verk å kunna lesa han på originalspråket, insisterer han på.

Men om fleire mellombels tilsette blir fast tilsette, trur han det vil bli lettare å få til.

– Ja, då veit dei at dei vil bli verande her, og då får dei eit godt motiv for å kunna læra seg norsk utan at dei tenkjer at det vil vera bortkasta tid, trur han.

Danial Ali Akbari tenkjer sjølv at det er fint at utanlandske forskarar slår seg ned i Noreg.

– Innvandring er positivt, og det vil vera fleire som lærer seg språket og språket blir endå meir levande og det kjem nye impulsar til språket.

– Ein av dei andre kandidatane, Stian Kogler, meiner det er for lite informasjon på engelsk om det som går føre seg i Universitetsstyret til dei mellombels vitskaplege tilsette. Er du einig i det?

 – Ja, eg trur det stemmer. Det hjelper meg at eg snakkar og les og skriv svensk. Derfor er det lettare for meg å finna fram til saker på UiO enn det er for dei som ikkje har eit anna nordisk språk med seg i bagasjen. Då eg kom hit, prøvde eg å orientera meg litt på engelsk via nettsidene til UiO, men det var ikkje like lett. Og det er heilt klart at det er problematisk i eit internasjonalt arbeidsmiljø der mange mellombels vitskaplege tilsette vil vera her i eitt eller to år.

– Eg hadde ikkje takka nei

No ser han det som ei plikt og eit privilegium å engasjera seg i valet for å bli representant i Universitetsstyret. Han håpar at det blir ein debatt mellom alle dei seks kandidatane før valet tar til 22. mai.

 – Dess meir debatt, dess meir diskusjon, dess meir direkte tale. Det er alltid betre enn sensurering, Og dess større moglegheit folk har til å få informasjon, dess betre er det, slår han fast.

– Og du sjølv, har du planar om bli verande på Universitetet i Oslo?

– Ja, om det er høve til det, vil eg sjølvsagt det. Akkurat no er eg mellombels tilsett, og så får me sjå. Eg hadde ikkje takka nei til ei fast tilsetjing, vedgår han.

• Les meir om styrevalet i Uniforum:

UiO-styrevalget: – Rammevilkårene må være konkurransedyktige

 UiO-styrevalget: Stian Kogler er ikke redd for å bli upopulær

 

 

 

Emneord: Valg 2023, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2023 04:30

Logg inn for å kommentere