UiO inngår partnarprogram med private og offentlege aktørar for å få fart på forsking og utvikling

I dag inngjekk dScience ved UiO eit partnarprogram med fire norske industriselskap, med Oljefondet og med Helse Sør-Øst.  – Me treng eit kunnskapsbasert næringsliv, sa UiO-rektor Svein Stølen då avtalen blei markert.

PÅ STORLEIK MED FLYINDUSTRIEN: – For karbonavtrykket til alle verdas IT-løysingar er på same storleik som flyindustrien. Me må derfor laga meir effektive algoritmer og sjå på datareduksjon, sa direktør for dScience, Morten Dæhlen under markeringa av partnarprogrammet. 

Foto: Martin Toft

dScience – senter for data og utrekningsvitskap blei etablert oktober 2021 på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Målet er at senteret skal driva forsking som skal gjera folk i stand til å forstå, mogleggjera og utnytta dei store datamengdene som omgir oss, noko som skal bidra til det beste for ei berekraftig samfunnsutvikling. Tidlegare dekan Morten Dæhlen har vore tilsett som direktør sidan starten.

• Les meir: Kommunalministeren opna UiOs nye toppsenter for dataforsking

Digitalisering i den grøne omstillinga, energi og korleis det vil vera mogleg å gjera det grøne skiftet best mogleg for alle overalt, er moglege forskingsområde senteret kan setja i gang, sa senterleiar Morten Dæhlen under markeringa av partnarprogrammet i Forskingsparken i ettermiddag.  

Dit hadde han invitert representantar for dei nye partnarane, DNB, DNV, Equinor, Kongsberg, Helse Sør-Øst og Oljefondet.

Dette er  dScience partnarprogrammet: 

- vert etablert for å utvikla og gjennomføra prosjekt, og driva langsiktig kapasitetsbygging på område som er særleg viktig for Noreg. Formålet er å kopla framifrå forsking ved UiO med partnarar for å:

  • skapa større verdiar av data og digitale ressursar
  • bidra til grøn omstilling av samfunns- og næringsliv
  • bidra i utviklinga av lønnsame arbeidsplassar
  • ta sterke internasjonale posisjonar på utvalde fagområde (Kjelde: dScience)

– Det er gjensidig befruktande

Det var UiO-rektor Svein Stølen som heldt opningstalen. 

– Av og til vert dei ulike forskings- og utviklingssystema sette opp mot kvarandre. Det må me slutta med.  Det me må gjera er å kopla saman økosystemet for forsking og utvikling. Me må snakka opp forsking og me må snakka opp kunnskap. Me er heilt avhengige av sterk forsking og sterk kunnskap for å utvikla oss som nasjon. Og me treng eit kunnskapsbasert næringsliv, understreka Stølen, som meinte det var bra for UiO å få inn impulsar utanfrå.

– Det er gjensidig befruktande.  Og når me ser på nabolanda våre Sverige og Danmark, er dei begge sterkare forskingsnasjonar enn Noreg. Hovudgrunnen til det er at det blir forska mykje meir i næringslivet i dei to landa enn i Noreg.  Frå 2013 til 2019 har det svenske næringslivet auka sin del av forsking og utvikling frå 14 til 25 prosent, peika han på.

Svein Stølen trekte også fram at det var den grunnleggjande forskinga det blei satsa på. 

– For å løysa utfordringane innanfor klima, IT og energi treng me meir nyfikendriven forsking som opnar nye moglegheitar for næringslivet, var han overtydd om.

 MÅ SNAKKA OPP: – Det me må gjera er å kopla saman økosystemet for forsking og utvikling. Me må snakka opp forsking og me må snakka opp kunnskap, sa UiO-rektor Svein Stølen. (Foto: Martin Toft)

Som døme viste han til satsinga på 450 millionar  svenske kroner som Wallenberg-fondet har satsa på sju svenske universitet for at dei skal utvikla grunnleggjande forsking.  

– dScience vil utforska dette moglegheitsrommet. Også dette senteret er ein viktig del av Oslo Science City. Dette er ein merkedag, merk mine ord, sa Svein Stølen som også er styreleiar for  innovasjonsdistriktet Oslo Science City.

– Her må universitetet vera best

Også statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel var invitert.

– Eg reknar med at de er litt skuffa over at det blei meg og ikkje forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe som kom. Men dette arrangementet kolliderte med regjeringas budsjettkonferanse, og derfor trur eg at det er viktig for heile sektoren at han er der,  sa han med eit smil. 

Løkensgard Hoel viste til Universitetet i Oslos kompetanse på området.

– UiO er leiande på området data- og utrekningsvitskap. Her må universitetet vera best. Og store utfordringar må møtast på tvers av einingar og miljø, både i Noreg og internasjonalt. Derfor treng UiO kontakten med næringslivet.  Det trengst både for at kunnskap skal vera til nytte på kort sikt, men også for å utvikla  langsiktig kunnskap som kan tena heile samfunnet. Slik får me eit tryggare og grønare samfunn, trudde han.   

Og han lova også at  regjeringa skulle setja i gang  arbeidet med å auka forsking og utvikling i næringslivet.

– I Hurdalsplattforma har me som mål å auka det til 2 prosent av brutto nasjonalproduktet. Eigentleg har det vore eit mål sidan 2005. No må me ta det meir på alvor, sa Oddmund Løkensgard Hoel.

– dScience er vår våte draum

Begeistringa for dScience og partnarprogrammet delte statssekretæren med administrerande direktør Ole Erik Almlid i NHO.  

– Det er viktig at både arbeidsgjevarsida og arbeidstakarsida er med i arbeidet med å få til ei grøn omstilling innan 2030. Kunnskap er løysinga på dette. Partnarskapsprogrammet til dScience går ut på å få folk  til å jobba saman som vanlegvis ikkje jobbar saman til dagleg.  dScience er vår våte draum,  avslutta Ole Erik Almlid med.

– Det er småskummelt

dScience-direktør Morten Dæhlen peika i sitt innlegg på kor stor del av verdas energi som blei brukt av IT.

– I 2021  lagra me  ein enorm mengde med data. I 2023 har me behov for å lagra dobbelt så mykje. Det er småskummelt. For karbonavtrykket til alle verdas IT-løysingar er på same storleik som flyindustrien. Me må derfor laga meir effektive algoritmer og sjå på datareduksjon. Og korleis skal me laga nye og betre digitale løysingar, auka  effektiviteten og gi betre pasientbehandling i helse- og omsorgssektoren? Det er nokre av dei spørsmåla me vil vera med på å svara på,  sa Morten Dæhlen.

• Les meir: Fire UiO-einingar er no samlokaliserte i Forskingsparken

– Noreg er ikkje god på vegen frå idé til faktura

Forskingsrådets administrerande direktør Mari Sundli Tveit var full av lovord over partnarskapsavtalen til dScience. 

– Me heier på dette av heile vårt hjarte.  Og me vil avspegla denne måten å tenkja på, sa ho.

 Administrerande direktør i Innovasjon Noreg Håkon Haugli var opptatt av å trekkja fram det Noreg ikkje var gode på. 

– Noreg er ikkje god på vegen frå idé til faktura, altså når det gjeld kommersialisering av forsking, slo han fast.

Etter at ulike forskargrupper på UiO hadde presentert område dei jobbar med innanfor data, språkteknologi, klima, politikk og maskinlæring, inviterte nytilsett NHO-direktør Idar Kreutzer som også er leiar for dSciences råd, alle dei nyslåtte partnarane sine representantar opp på scenen for å presentera dei for eit fullsett forum i Forskningsparken.

 PARTNARSKAP: Dette er representantar for dei seks eksterne samarbeidspartnarane til dScience. Frå venstre; Birgitte Bryne, direktør for teknologi og drift i Oljefondet,Torbjørn Folgerø, senior visepresident i Equinor, Maria Ervik Løvold,konserndirektør i DNB, Astrid Kristoffersen, forskingsdirektør i DNV, Ivar Olerud, konserdirektør i Kongsberg og Terje Rootwelt, administrerande direktør i Helse Sør-Øst. Lengst til høgre står Idar Kreutzer  som presenterte representantane for dei nye partnarane til dScience.  (Foto: Martin Toft) 


 

 

 

 

 

Emneord: Forskning, Næringsliv, Oslo Science City Av Martin Toft
Publisert 6. mars 2023 21:27 - Sist endra 30. mars 2023 16:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere