Fire UiO-einingar er no samlokaliserte i Forskingsparken

Veksthuset for verdiskaping, dScience – Senter for data- og beregningsvitskap, UiO:Livsvitskap og UiO:Energi og miljø er no nesten heilt samlokaliserte i Forskingsparken i Oslo. 

STERKARE BRU: – Med dette blir det bygt ei sterkare bru mellom UiO, dei akademiske miljø våre og med studentar, og me gir tilgang til den fantastisk spennande forskinga og infrastrukturen ved UiO, sa Hilde Nebb (lengst til venstre) under markeringa av at fire UiO-einingar no flyttar inn i felles lokale i Forskingsparken. 

Foto: Ola Gamst Sæther

30 personar kjem no til å ha den daglege arbeidsplassen sin i dei nyinnflytta felles lokala til dei fire UiO-einingane i andre etasje i Forskningsparken i Oslo. Førebels ber lokala namnet H2 UiO. 

Av desse fire einingane er det berre UiO:Livsvitskap som no flyttar heile organisasjonen til ein ny stad. Dei har så langt halde til i Sogn Arena. UiO:Energi og miljø og Veksthus for verdiskaping (tidlegare  Veksthus for livsvitskap) har begge halde til i Forskningsparken, men skal no flytta inn i nye lokale i den same bygningen. 

Blir også verande på Blindern

Når det gjeld dScience -Senter for data- og beregningsvitskap, skal store delar av verksemda framleis halda til i Penalet mellom Georg von Morgenstiernes hus og Kristine Bonnevies hus  på Blindern. For der skal forskarane og dei som er engasjerte i ph.d.-progamma til senteret, framleis halda til, opplyste senterdirektør Morten Dæhlen til Uniforum rett før opninga fredag ettermiddag. Ei nysatsing frå senteret skal halda til i dei nye lokala i Forskingsparken. 

Klokka 14.00 i dag blei det halde ei markering av innflyttinga for både dei tilsette og gjestar frå UiO sentralt, frå Det medisinske fakultetet, frå Det matermatisk-naturvitskaplege fakultetet og frå Forskingsparken. 

– Me har alle ein grenseflate mot kvarandre

Direktør Vebjørn Bakken i UiO:Energi og miljø ser fram til å få arbeidsfellesskap saman med dei tre andre UiO-einingane. 

– Det er fint at me kan vera på ein stad, for me har alle ein grenseflate mot kvarandre. Det er fint å kunna ta den daglege diskusjonen over ein kaffikopp. Det vil ha mykje å seia for å få informasjon til å flyta. På UIO kan det vera ei utfordring å få tak i slik informasjon når alt går på tvers. Dette er ein  fin måte å smørja drifta av alle desse tilpassingane, sa han til Uniforum under markeringa av innflyttinga.

– Har hatt ein kongstanke

Hilde Nebb er direktør for Veksthuset for verdiskaping, som tidlegare heitte Veksthuset for livsvitskap. Ideen til samlokaliseringa plasserte ho hos dScience-direktør Morten Dæhlen og seg sjølv.

– Me to har hatt ein kongstanke ei stund, faktisk over eitt år, om at det ville vera fint å samlokalisera oss her i Forskingsparken, fortalde ho i opningstalen sin.

Også ho ser fram til fellesskapet med dei andre einingane. 

– Først og fremst var det viktig for oss å leggja desse satsingane her i Forskingsparken saman med det pulserande, innovative miljøet som ligg her, understreka Hilde Nebb.

– Vil stimulera til auka samarbeid mellom satsingane

Ho viste til at desse fire einingane frå akademia kjem til eit unikt miljø med ein annan kompetanse enn den dei har sjølve. 

– Her møter me eit vekst-og kompetansemiljø som me treng, og som også treng oss. Med dette blir det bygt ei sterkare bru mellom UiO, dei akademiske miljøa våre og med studentar, og me gir tilgang til den fantastisk spennande forskinga og infrastrukturen ved UiO, sa Hilde Nebb. 

– Me er sikre på at ei slik samlokalisering stimulerer til auka samarbeid mellom satsingane også, la ho til. 

– No tenkjer me konvergens i den daglege drifta

Direktør for UiO:Livsvitskap Carl Henrik Gørbitz la ikkje skjul på kor glad han var for at satsinga han leier, no kan flytta ut av Sogn Arena og inn i Forskingsparken.

– Det grunnleggjande ordet me brukar om Livsvitskapsbygget som folk assosierer oss med, er konvergens. Me skal bringa folk saman frå ulike fagfelt, og summen skal bli noko endå større. I Sogn Arena har me halde til saman med studieavdelinga ved Det medisinske fakultetet, Det har vore hyggeleg å vera saman med dei, men når det gjeld konvergensen med dei, så har den i beste fall vore liten og i verste fall heilt fråverande. Men me er glade for at fakultetet har gitt oss plass der dei åra me har vore der, sa han under markeringa.  

– Det å koma hit no, det er eit stort løft for oss, og takk for at me blei  inviterte til å bli med her, sa ein svært nøgd Carl Henrik Gørbitz. 

– No tenkjer me konvergens i den daglege drifta vår på ein heilt annan måte enn før, konstaterte han. 

– Handlar om forsking på senteret vårt

Og direktør Morten Dæhlen ved dScience - Senter for data- og beregningsvitskap peika på at senteret han leier skiljer seg litt frå dei andre einingane som skal samlokaliserast i det nye lokalet i Forskningsparken.  

 

DEKANAR OG DIREKTØRAR: Direktørane kom med lovord om satsinga på samlokaliseringa frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Det medisinske fakultetet og UiO sentralt.  Frå venstre Hilde Nebb, direktør for Vekshuset for verdiskaping, MN-dekan Solveig Kristensen, direktør Vegjørn Bakken i UiO:Energi og miljø, direktør Morten Dæhlen i dScience- Senter for data- og beregningsvitskap, prodekan Jan G. Bjaalie på Det medisinske fakultetet og direktør Carl Henrik Gørbitz ved UiO:Livsvitskap.  (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Medan veksthuset legg vekt på innovasjon, handlar det om forsking på senteret vårt. Men me treng ei innovasjonseining saman med oss, så når me flyttar hit, så blir det utmerka og komplementært. Saman med dei to satsingane som flyttar inn her, så har også den tredje satsinga UiO:Demokrati utfordringar når det gjeld datavitskap. Når det gjeld UiO:Energi har me vore heldige, for aktive faggrupper der har også vore aktive i dScience, slo han fast.

Han peika på at når dScience flyttar inn, så flyttar dei samtidig ikkje ut av Penalet ved Kristine Bonnevies hus. 

– Her i Forskingsparken skal me etablera eit stort og omfattande partnarprogram mellom private bedrifter og einingar i offentleg sektor, avslørte han. 

– Gevinsten blir heilt klart større

Vebjørn Bakken, direktør for UiO:Energi og miljø, ser fram til arbeidskvardagen i dei nye lokala.

– No får me tilgang til mykje felles infrastruktur. Så dette blir kjempemessig.  

Tidlegare har UIO:Energi og miljø halde til i ein annan del av Forskingsparken.

– Då var me litt meir bortgøymde, men me sat nærmare forskarane ved Senter for materialvitskap og nanoteknologi. Desse lokala er både lysare og meir praktiske. Så gevinsten no blir heilt klart større, fordi me får tilgang til mykje kompetanse og felles infrastruktur.sa han til Uniforum under opninga i ettermiddag.   

(Oppdatert 9. 01. 23 kl. 09:05)

 

Emneord: Innovasjon, Forskning, Forskningsparken, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 6. jan. 2023 16:54 - Sist endra 9. jan. 2023 09:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere