Unikor sang jula inn på UiO

Med "Et barn er født i Betlehem" som inngang og med "Deilig er jorden" som allsong, sang Unikor jula inn på Universitetet i Oslo i formiddag. 

FULLSETT: Det var fullsett i vestibylen i Georg Sverdrups hus, då Unikor heldt julekonsert i dag. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var fullt i vestibylen i Georg Sverdrups hus, då universitetskoret Unikor inviterte til den tradisjonelle julekonserten.  33 sangglade UiO-tilsette kvinner og menn tok det sitjande og ståande publikummet med på eit repertoar gjennom ein god knippe tradisjonelle julesongar som "Glade jul" og "Her kommer dine arme små", saman med nokre litt meir utradisjonelle som "Arbeidsløs jul" og "Vinternatt".

JULESTEMNING:  Koristane i Unikor skapte julestemning for alle dei frammøtte i Georg Sverdrups hus i dag. (Foto Ola Gamst Sæther)

Då dirigent  Ketil Grøtting etter  vel ein times konsert for siste gong bukka for publikum, fekk han og Unikor velfortent applaus tilbake. Med Unikors julekonsert og det etterfylgjande snøvêret var julestemninga sikra på Universitetet i Oslo i dag.  Det som også er sikkert, er at det blir ein ny julekonsert med Unikor i 2023, truleg også inne som i dag, og ikkje ute som  i 2021 som ein konsekvens av pandemien. 

JULESONGAR: Unikor sang jula inn med  blant andre "Det lyser i stille grender" saman med publikum, og med "Maria durch ein Dornwald ging" på eiga hand. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

 

Emneord: Musikk, Kultur, Georg Sverdrups hus Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2022 17:24 - Sist endra 16. des. 2022 17:26

Logg inn for å kommentere