Dei gjer plastsøppel til nye plastprodukt

Plastsøppel blir no smelta om til andre ting av plast. Nyleg var det ein demonstrasjon på biblioteket ved Institutt for informatikk på UiO.

Fleire personar står framfor ei plastattvinningsmaskin i eit bibliotek

ATTVINNING: Stipendiat Ines Junge og forskargruppeleiar Andrea Alessandro Gasparini inspiserer maskina som omdannar plastsøppel til nye plastprodukt. Studentar og forskarar ved Institutt for informatikk fylgjer med på det som skjer.

Foto: Martin Toft

Av plast er du komen og til plast skal du bli. Det kan bli det nye mantraet til forskargruppa «Regenerative Teknologiar» på Institutt for informatikk ved UiO. For inne på biblioteket i Ole-Johan Dals hus står det no ei maskin som kunne ha vore bygd av Noregs mest kjente oppfinnar, Reodor Felgen, Kjell Aukrusts hovudperson frå mellom anna Flåklypa Grand Prix. Men denne maskina er sett saman på Kanariøyane i Spania, etter instruksjon og teikningar frå Precious Plastic-rørsla. 

Det grøne skiftet i praksis

Det er forskarane Ines Junge og Andrea Alessandro Gasparini ved Institutt for informatikk som har tinga maskina. Begge tilhøyrer forskargruppa «Regenerative Teknologiar», Gasparini som gruppeleiar og Junge som stipendiat. Dei deltar også i forskinga på Berekraftslaboratoriet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. For dei er dette  det grøne skiftet i praksis.

– Dette er ein del av forskinga vår som er berekraft innanfor teknologi. For nokre år sidan fekk me ein idé om å melda oss inn i «Precious Plastic»-rørsla. Det er ei verdsomfemnande rørsle med over 30 000 einingar over heile verda som medlemar. Dei gir ut masse planar og teikningar med opne kjelder, slik at me kan byggja maskiner som kan resirkulera plast i ein liten skala, fortel Ines Junge og Andrea Alessandro Gasparini til Uniforum.  

Sjølv var Ines Junge på eit anna initiativ av rørsla Precious Plastic i Tyskland, då dei fekk god fødselshjelp til å ta i bruk maskina som kan resirkulera plast.

– Ja, då møtte med ein mann frå Kanariøyane i Spania som sa seg villig til å laga ei slik maskin for oss, fortel ho.

REINSKAR FORM: Stipendiat Ines Junge reinskar forma som blir brukt for å forma nye plastrprodukt. (Foto: Martin Toft)

– Kan kanskje starta ei lita bedrift

 Ines Junge ser føre seg mange moglegheiter for dei som vil sata på dette.

– Dei kan kanskje starta ei lita bedrift, Det er mogleg å byggja opp maskiner som smeltar plast og omformar plasten til eit nytt plastprodukt i det det kjem opp i forma,  fortel ho. 

Då Uniforum er på besøk, står maskina plassert borte ved vindauget i informatikkbiblioteket i Ole-Johan Dals hus.  Det var for å visa fram maskina og forskinga til andre på Institutt for informatikk og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Maskina  er sett saman av tre hovuddelar.

– I den første delen kan me knusa plastikken, i den andre delen kan me smelta plastikken og i den tredje delen har me forma som bestemmer kva produkt med skal ha, fortel Junge.

Initiativtakarane har også sett opp namn på ulike plastprodukt og ber dei frammøtte om å finna ut kva type plast dei har stilt ut. 

• Les også i Uniforum: 

Vinnarane av utdanningsprisen: – Me deler lidenskapen og interessa for fornybar energi

– Får plasten frå havet

Ines Junge meiner det i dag står altfor dårleg til med resirkulering av plast i Noreg.

– Og kvar får de plasten frå?

– Me får den frå firmaet Oceanize som er eit relativt nytt firma, og det får plasten frå havet. Me skal etter kvart involvera studentane, fortel ho.  

Dei har allereie gitt inspirasjon nok til at ein masterstudent vil skriva masteroppgåva om temaet. No håpar dei at dei kan få studentar frå robotikk-miljøet til å bli med på prosjektet.

– Og i framtida kan dette blir ein bra forretning?

– Me driv det i svært liten skala førebels.Men når me får kopla plastresirkuleringsmaskina til ein 3D-printar og ei datamaskin, finst det nesten ingen grenser for kva nye plastprodukt me kan laga, fortel Ines Junge og Andrea Alessandro Gasparini svært optimistiske. 

• Les i Uniforum: Kanskje blir det likevel ikke noe "bærekraftsenter" på Nedre Blindern

Kan få plastavfall frå UiO

Eit mål for dei og Plastic Precious-rørsla er at det skal vera mogleg å resirkulera plasten så lokalt som mogleg.

– Den må ikkje sendast verda rundt heile tida. Det kan også skapast arbeidsplassar lokalt. 

 – Så vil det vera mogleg for dykk å resirkulera plastavfallet frå Universitetet i Oslo også?

– Viss me får til kverning av litt reinare plast frå Institutt for informatikk, så kan me bruka det direkte. Inntil vidare har me skaffa oss eit kommersielt «plastresyklat», sidan de står att å organisera innsamlinga på Institutt for informatikk, fortel Ines Junge.

Så set dei  i gang maskina.

Etter ein time har Ines Junge og dei gode medhjelparane hennar klart å utvikla det rersirkulerte plastproduktet frå storleiken til ein tiøring og ein tjuekroning til ein liten kopp like stor som eit drammeglas. 

– Dette viser at det er mogleg å få til, konstaterer dei to forskarane.

RESULTATET: Det ferdige resultatet av attvinninga av plastsøppelet blir ein plastkopp på same storleik som eit drammeglas. (Foto: Martin Toft) 

 

 

 

 

 

Emneord: bærekraft, Miljøforskning, Informatikk Av Martin Toft
Publisert 11. okt. 2022 16:03 - Sist endra 11. okt. 2022 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere