UiO avlyser Pride-paraden i Botanisk hage etter drapa i Oslo

I natt blei to personar drepne og ti alvorleg skadde etter at ein mann begynte å skyta mot folk utanfor to utestader i Oslo sentrum.  På oppfording frå politiet er heile Pride-paraden i Oslo avlyst. Det blir heller inga markering i Botanisk hage i formiddag. 

MARKERER PRIDE: Pride-flagget vaier på den gamle universitetsbygningen Domus Media i sentrum. Etter drapa i Oslo sentrum er dagens Pride-parade i Oslo avlyst. 

Foto: UiO

Universitetet i Oslo  avlyser arrangementet  i Botanisk hage som skulle ha markert starten på Pride-paraden i Oslo sentrum. I ei melding UiO har lagt ut på nettsidene sine står det fylgjande: 

"I lys av nattens grusomme hendelser, har Oslo Pride avlyst paraden og alle andre arrangementer i tilknytning til Pride i dag, etter anbefaling fra politiet. Dermed er også vårt arrangement og deltakelse i paraden avlyst. Våre tanker går til de etterlatte og berørte".

Og UiO-rektor Svein Stølen har i ei twittermelding oppfordra alle til å markera dagen åleine, saman.  "Usigelig trist! I dag markerer vi @OsloPride, hver for oss men likevel sammen, for å hedre de døde og de skadde - og for å hylle mangfold og kjærlighet" 

Til Uniforum fortel Svein Stølen at UiO fylgjer situasjonen nøye. 

– UiO er i kontakt med Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) i tilfelle studentar  er berørte av det som skjer. Derfor er det viktig med oppfylging både av studentar og tilsette, seier Svein Stølen til Uniforum. 

• Les om tidlegare Pride-arrangement ved UiO: 

UiO og OsloMet starta Oslo Pride frå Botanisk hage

UiO- og HiOA-toppane gjekk i samla tropp i Pride-paraden i Oslo

 

 

Emneord: Pride, mangfold, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 25. juni 2022 11:04 - Sist endra 25. juni 2022 11:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere