UiO og OsloMet starta Oslo Pride frå Botanisk hage

Prorektor Gro Bjørnerud Mo heldt appell og gjekk i front då UiO og OsloMet marsjerte til Oslo Pride i dag. 

UiO og OsloMet marsjerer gjennom Botanisk hage på veg til Oslo Pride

PÅ VEG: UiO og OsloMet på veg til paraden til Oslo Pride. Marsjen begynte i Botanisk hage.

UiO og OsloMet - storbyuniversitetet markerte seg i Oslo Pride med banneret «Fryktløs kunnskap». Svært mange dukka opp då tilsette og studentar samla seg i Botanisk hage.

– Nokre har gått føre

Universitetet i Oslo og OsloMet-storbyuniversitetet hadde felles avmarsj frå Tøyen hovedgård, før dei skulle slutta seg til resten av paraden under Oslo Pride på Grønland.  Prorektor Gro Bjørnerud Mo heldt først ein kort appell:

– Nokre har gått føre. Me skal gjera dette for å senda denne fridomen vidare. Det er symboltungt og fint at me går saman for saka, akkurat no når Noreg er på sitt lysaste. Happy Pride! sa Bjørnerud Mo.  

Så overlet ho ordet til leiar for Studentparlamentet ved OsloMet, Ola Gimse Estenstad.

– Det å vera her i dag er for å hylla historia som har vore,  den som går føre seg no og den som kjem i framtida. Takk for at de stiller opp.  Me på OsloMet er stolt over det mangfaldet som er i Noreg.  Saman lyftar me fram dei gode stemmene i samfunnet.  Stemmer som tar ordet for fridom og mangfald.  For eit einsforma samfunn er ganske keisamt, sa han.

FAMILIEUTFLUKT: Carina Rose og Asgeir Berland er i UiO og OsloMets gruppe saman med barna Andrea og Ariom på veg til paraden til OsloPride. (Foto: Martin Toft)

– Gjer det mindre skummelt å vera seg sjølv

– Det er først gong er går i Pride, og eg er glad for at eg går saman med utdanningsinstitusjonar. Markeringa her viser at ein ikkje skal skjemma seg over den ein er.  Denne markering a gjer det mindre skummelt å vera seg sjølv, slo han fast.

– Noreg er eit land der du kan kjempa for dine rettar utan frykt for å bli drepen. Det er likevel ikkje så enkelt i Noreg heller. To menn går i gata i Oslo og dei er homofile og dei held hendene til kvarandre. Dei blir overfalne av tre andre mannfolk. Ein av dei tiltalte sa: Det var ikkje så naturleg for meg å sjå to menn halda hendene til kvarandre. Kva skade gjorde dei overfor han?, spurte Gimse Estenstad.

Så fortalte han om ei fransk, homofil  kvinne som blei drepen i Texas  og det lesbiske paret i Storbritannia som blei hundsa fordi dei nekta å svara på spørsmål om sexposisjonane sine.

  – Eg fortel ikkje desse historiene for at at de skal føla dykk ukomfortable, men for at det skal forstå realiteten som råkar mange homofile og mange skeive.  Eg har sjølv opplevd dette:  “Du er den verste homsen eg har møtt i verda. Jævla homo, du er eit null. Gå og sukk pikken til nokon, din jævla homse.”  Det er berre nokre av karakteristikkane eg har fått slengt etter meg, fortalde han. 

VARMT UTSTYR: Sondre Bjerke hadde kledd seg ut som romersk soldat og hadde med seg Adriana Salamon. (Foto: Martin Toft)

– Kjærleiken er vårt beste våpen mot hatet

– Dagen i dag handlar om å feira skilnadene mellom oss. Uansett om du er feit eller tynn, brun eller bleik, skeiv eller ikkje, så er du flott på ditt vis. Me må hugsa at kjærleiken er vårt beste våpen mot hatet, understreka han, før han ynskte alle  lykke til med Pride.

Den siste som fekk ordet var Stephen Adom (biletet). Han er leiar for Skeivt Studentforum.

 – Eg blei rørt av talen din.  For første gong går Skeivt Studentforum bak UiO og OsloMet  i Oslo Pride, og det er me veldig glade for og gler oss veldig til. Og me vil gjerne ha fleire aktive i forumet vårt,  var oppfordringa hans.

Marsjen mot Grønland

Då begynte tilsette og studentar ved Universitetet i Oslo og OsloMet-storbyuniversitetet å organisera seg i ei lang rekkje og starta marsjen mot Grønland via Tøyen for å  finna plass nummer 57 i paraden under Oslo Pride.  Dei blei akkompagnert til tonar frå studentorkesteret Bjørneblæst.  

PÅ GRØNLAND: UiO og OsloMet på Grønland  klare for å delta i paraden. (Foto: Martin Toft)

 

Der overtok etter kvart UiO-rektor Svein Stølen plassen til prorektor Gro Bjørnerud Mo som  faneberar. Paraden kom i gang rundt klokka 13.30.

OVER GRØNLAND: UiO og OsloMet marsjerer i samla flokk over Grønland under Oslo Pride. Rektor Svein Stølen fekk ikkje selskap av OsloMet-rektor Curt Rice i år. Men han fekk selskap av mellom andre likestillingsrådgjevarane Vibeke Horn frå Oslo Met og Hege Elisabeth Løvbak frå UiO. (Foto: Martin Toft)

Marsjen enda til slutt opp utanfor universitetsbygningane i sentrum. Mange av deltakarane nytta seg av tilbodet om å slappa av i baren i Frokostkjelleren. Då var klokka blitt 15.30.  (Oppdatert klokka 20.00) 

 

ENDESTASJONEN: Paraden til Oslo Pride enda opp utanfor universitetsbygningane i sentrum. (Foto: Martin Toft) 

 

 

Emneord: Menneskerettar. Akademisk frihet, Likestilling Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2019 12:52 - Sist endra 22. juni 2019 20:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere