Kronprinsesse Mary av Danmark besøkte Universitetet i Oslo

– Ei av dei store utfordringane i framtida er å arbeida mot ulikskap i helsevesenet. Det sa kronprinsesse Mary av Danmark då ho i formiddag deltok på eit seminar  på UiO om framtidas helsevesen i Danmark og Noreg.

Fleire personar på veg inn ein korridor

PÅ BESØK: Kronprinsesse Mary av Danmark deltok i dag på eit seminar i Forskningsparken om framtidas helsevesen i Noreg og Danmark . Her er ho flankert av UiO-rektor Svein Stølen og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Kronprinsesse Mary kom til Forskningsparken ved Universitetet i Oslo i ein svart limousin. Der blei ho tatt imot av UiO-rektor Svein Stølen og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol. Så gjekk dei vidare inn i lokala til Forskningsparken og ned trappa til seminarrommet Forum, der dei skulle delta på seminaret om framtidas robuste helsevesen i Danmark og Noreg. Og der venta administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye i Oslo Science City som saman med UiO og Danmarks ambassade var arrangørar av seminaret.  

 

PÅ VEG INN: Kronprinsesse Mary av Danmark på veg inn i Forskningsparken i samtale med rektor Svein Stølen. Til høgre helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Ser ut som eit fyrtårn

Kronprinsesse Mary tok utgangspunkt i det gode omdømmet helsevesenet har både i Danmark og Noreg. 

– Noreg og Danmark har utruleg mykje til felles. Internasjonalt ser helsevesenet i vår nordiske region ut som eit fyrtårn, når det gjeld organisering og leiarskap. Ei  av dei store utfordringane i framtida er å arbeida mot ulikskap i helsevesenet, understreka ho.  

– Må vedlikehalda helsevesenet og fremja innovasjon

For henne var det viktig å  sørgja for at helsevesenet blir robust, får lang haldbarheit og motstandskraft.

– Og når me har denne debatten på nytt om 20 eller 30 år, vil me ha eit helsevesen i toppklasse. Me må derfor vedlikehalda helsetenestene og fremja innovasjon. Og me må jobba for arbeidsdeling og samarbeid, sa ho.

Kronprinsesse Mary meinte at både  Danmark og Noreg har eit sterkt utgangspunkt.

- Men me står også overfor store utfordringar. Danmark vil ha 30 prosent fleire personar over 70 år i 2030 enn i dag.  Det vil krevja meir behandling, og derfor treng me meir rekruttering av personell til sjukehusa. Noreg har mange av dei same utfordringane som me ser i  Danmark, hadde ho registrert.

– Nordisk samarbeid innan innovasjon og forsking er nødvendig.  For me kan ikkje finna opp den djupe tallerkenen kvar for oss, la ho til. 

– No skal me ikkje berre lytta, men også handla

Før kronprinsesse Mary slapp til med talen sin, presenterte dei to studentleiarane Oline Sæter frå Universitetet i Oslo og Puk Aslaug Willemoes Jensen frå Aarhus Universitet sine framtidsvisjonar for helsevesenet.  Det beit kronprinsesse Mary seg merke i.

– Når me høyrer dei unge studentane tala, så er det openlyst at den yngre generasjonen ynskjer å ta dette ansvaret. No skal me ikkje berre lytta, men også handla, sa ho og håpa at seminaret gjennom personlege møte og nettverksbygging kunne føra til gode synergiar i samarbeidet mellom Noreg og Danmark innanfor helsevesenet.

– Me må ta kunnskapen i bruk

I talen sin peika UiO-rektor Svein Stølen  på korleis Norden som region er eit godt startpunkt. Han trekte fram at det er eit av verdas eldste og best integrerte regionale samarbeid.

– UiO aukar samarbeidet med danske universitet, ikkje minst med Aarhus Universitet som me samarbeider nært med gjennom alliansen Circle U, framheva han.

Stølen varsla også at det ville bli store endringar i helsevesenet nokre år lenger fram.

– Framtidas helsevesen vil sjå annleis ut enn i  dag. Me må henta inn ny kunnskap og ta kunnskapen i bruk, understreka han. 

– Begge landa treng fleire fagfolk

I innlegget sitt var helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol  opptatt av likskapane mellom det danske og det norske samfunnet. 

– Me har nesten like høgt folketal, Danmark rett nok litt høgare, me har same verdiar og høg tillit til styresmaktene. Og begge landa treng fleire fagfolk, slo ho fast. 

– Det er grunnen til at regjeringa har sett ned ein eigen helsepersonellkommisjon, fortalde ho.

Etter hennar meining handlar dette i stor grad om utdanning.

– Me må  bruka ressursane til fagfolka på ein best mogleg måte.Tillitsreforma vår tar utgangspunkt i pasientane, deira pårørande og fagfolka for at dei skal bli endå betre i yrket sitt, understreka ho.  

Ingvild Kjerkhol trekte fram at regjeringa ville leggja fram ei eiga stortingsmelding om folkehelse i 2023. 

– Me skal også redusera skilnadene mellom folk på helseområdet, lova Ingvild Kjerkhol.

– Styrking av den psykiske helsa er like viktig som å styrkja den fysiske helsa. Me jobbar med ein oppfylgingsplan for psykisk helse, opplyste ho. 

– Velferdsteknologi kan løysa fleire problem

Den danske næringsministeren Simon Kollerup var opptatt av korleis helse, næring og universitet fungerer som ein trekant.

– Det er eit godt utgangspunkt for å utvikla framtidas nye teknologiar og helsevesen. 

– I Danmark blir det fleire og fleire eldre og færre og færre varme hender. Det er allereie mangel på helsepersonell.  Velferdsteknologi kan løysa fleire problem både for dei sjuke og for helsearbeidarane. Folk kan bu heime i lengre tid enn i dag i staden for å flytta på sjukeheim. Og det kan føra til færre tunge løft og annan slitasje for dei som jobbar på helseinstitusjonane, sa han.

Kollerup hadde også stor tru på at dei store samlingane med helsedata i Danmark, kan brukast til forsking.

 – Ja, det skal me få til utan å bryta personvernet, trudde Danmarks næringsminister Sven Kollerup.

Heile seminaret heldt på fram til klokka 15.30. Kronprinsesse Mary med fylgje drog vidare på Noregsturen sin etter lunsj.

VARM VELKOMST: Rektor Svein Stølen og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol sørga for å gi kronprinsesse Mary av Danmark ein varm og god velkomst då ho kom til Forskningsparken ved UiO i formiddag. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Danmark, Norge, Helse, Forskningssamarbeid, Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 10. juni 2022 17:06 - Sist endra 10. juni 2022 17:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere