Korona og Livsvitskapsbygget vert tema i Universitetsstyret

Både status for arbeidet til UiO med covid-19 og status for Livsvitskapsbygget etter at vanskelege grunnforhold trugar med å sprengja dei økonomiske rammene,  kjem opp som informasjonssaker når Universitetsstyret skal ha møte på Zoom 9. september.

Ei kvinne og to menn sit rundt eit møtebord medan dei kikar på ein storskjerm  på veggen.

DIGITALT: Også onsdag 9. september vert det eit digitalt møte i Universitetsstyret. Det var det også  sist det var samla  til eit ordinært møte den 23. juni. Då var det berre prorektor Gro Bjørnerud Mo, rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen som var samla rundt møtebordet. Dei andre var i det virtuelle rommet til Zoom. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Alle styremedlemane tjuvstartar denne samlinga ein dag før, den 8. september, med eit fysisk seminar bak stengde dører i Professorboligen.

Det skal i stor grad handla om kommersialisering av offentleg forsking, innovasjon og om IPR-regelverket, altså ikkje-immaterielle rettar, også kalla for åndsrett.

Om ettermiddagen tar dei avskil med kvarandre, før dei møtest igjen digitalt på  Zoom dagen etter til eit ordinært styremøte. Då er det heller få saker som skal vedtakast, men det er derimot mange saker det skal informerast om. Heile møtet vert det også strøymd over internett. 

Leirgrunn skapte problem

Den største saka er truleg status for Livvitskapssbygget. I slutten av august blei det kjent at Statsbygg og UiO har fått beskjed frå regjeringa om å setja ned foten for vidare utgiftsvekst etter at vanskelege grunnforhold har ført til ein risiko for at heile prosjektet kan få ein stor budsjettsmell. Derfor har UiO og Statsbygg fått ein frist fram til 30 september med å leggja fram ein plan for korleis prosjektet kan halda seg innanfor det vedtatte budsjettet på 6,145 milliardar kroner, trass i at leirgrunnen på tomta trugar med å få utgiftene til å renna over. 

• Les også i Uniforum: 

Livsvitenskapsbygget: Mer kvikkleire enn undersøkelsene viste

Vanskelige grunnforhold fører til budsjettsmell for Livsvitenskapsbygget

Også status for UiOs arbeid med covid-19 skal Universitetsstyret få siste nytt om. Også alle andre kan få med seg siste nytt om desse aktuelle temaene. For begge desse sakene skal handsamast for opne digitale dører. 

Det gjeld derimot ikkje når det gjeld bedømmingskomiteen si innstilling om merittering av utdanningsfagleg kompetanse. Det er ein diskusjon som berre Universitetsstyret kan ta del i.

Vegkart for infrastruktur for forsking

Mellom dei største sakene som det skal informerast om, er det nyleg avslutta vegkartet for forskingsinfrastruktur. Det listar opp ein strategi for korleis UiO bør prioritera innkjøp av vitskapleg utstyr i åra framover. Det kan handla om utstyr til mange millionar kroner i livsvitskap, på medisin eller på  Mat.nat. eller til naudsynt oppdatering  og digitalisering av forskingsdata i humaniora og samfunnsfag.   

Universitetsstyret skal også få på bordet informasjon om korleis det går med det europeiske samarbeidet mellom forskingsintensive universitet, The Guild, og det europeiske universitetssamarbeidet om utdanning, Circle U

Siste post på saklista er årshjulet for styresaker for Universitetsstyret .

 

Dette er den fullstendige sakslista:

 

Ordinært styremøte 9. september:


Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


V-SAK 2 Innstilling til Universitetsstyret fra bedømmingskomiteen for merittering av utdanningsfaglig kompetanse

Saksnr. 

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 14.


Saker til behandling i åpent møte

Informasjonssaker


I-SAK 1 Status Livsvitenskapsbygget

Saken legges frem i møtet


Ordinære saker


V-SAK 3 Adgang til utsatt sensurfrist ved helligdager i sensurperioden 

Saksnr. 2017/9957

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar endring av den midlertidige forskriften om tillegg til forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo.

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-SAK 2 Status for UiOs arbeid med Covid 19

Saken legges frem i møtet.


I-SAK 3 UiOs veikart for forskningsinfrastruktur

Saksnr. 

Saksdokumenter:


I-SAK 4 Fremdriftsrapport 2020 for The Guild of European Research-Intensive Universities (The Guild)

Saksnr. 

Saksdokumenter:


I-SAK 5 Status for Circle U

Saksnr.

Saken legges frem i møtet.


Orienteringssaker


O-SAK 1 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte


O-SAK 3 Eventuelt


V-SAK 4 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

 

Emneord: Universitetspolitikk, Koronavirus, Koronaviruset, Livsvitenskapsbygget, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2020 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere