Kjersti Løken Stavrum: – Facebook må halda seg til nasjonal lovgjeving

– Me har akseptert at Facebook er ein global aktør. Det synest eg ikkje me skal gjera, for me har vår nasjonale lovgjeving.  Det sa leiaren for Ytringsfridomskommisjonen Kjersti Løken Stavrum i ein debatt på UiO denne veka.

To kvinner og to menn står på Universitetsplassen

FØR DEBATTEN: Leiar for Ytringsfridomskommisjonen, Kjersti Løken Stavrum og førsteamanuensis i  jus ved UiO, Anine Kierulf saman med politisk redaktør i Aftenposten, Kjetil Bragli Altstadheim (nummer tre frå venstre)  før debatten om ytringsfridom starta i studioet på Universitetsplassen. Seniorrådgjevar Arild Blomkvist i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt tok imot hovudpersonane. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Ein debatt om ytringsfridom innleidde den digitale panelsamtalen under Fadderveka på Universitetet i Oslo denne veka.

I eit studio rigga opp på Universitetsplassen inviterte politisk redaktør Kjetil Bragli Alstadheim i Aftenposten til ein debatt om ytringsfridom. Deltakarane var leiar for Ytringsfridomskommisjonen Kjersti Løken Stavrum og førsteamanuensis i jus ved UiO, Anine Kierulf.

I stor grad kom debatten til å dreia seg om sosiale media og korleis Facebook gjennom Sørlandsnyhetene hadde opna for eit politisk jordskjelv under kommunevalet i Kristiansand i fjor haust.

– Eit mikrokosmos

Kjersti Løken Stavrum meinte det var viktig for alle å setja seg inn i kva Sørlandsnyhetene i Kristiansand er for noko:

– Det er faktisk eit mikrokosmos for mange av dei store sakene som handlar om ytringsfridom i dag. I Kristiansand var det stor folkeleg misnøye med tre saker: Den eine var bygginga av den såkalla kunstsiloen som Nicolai Tangen stod bak. Han som no er på veg til å bli leiar for Oljefondet. Og så var det ei bompengesak og flyttinga av hamna i Kristiansand. Mange følte at motstanden mot dei tre prosjekta ikkje fekk godt nok utløp i dei tradisjonelle media. Så kom grunnleggjaren av nettselskapet Bli vakker, Einar Øgrey Brandsdal og sa at han ville sponsa desse nettsidene, og så begynte dei å posta innhald, fortalde ho. 

– Skapte utruleg vanskeleg debattklima

Kjersti Løken Stavrum tykte det hadde gått litt over stokk og stein med den etableringa.

– Hovudproblemet var at det kom mange, anonyme skuldingar, ofte laust funderte, og sjikane. Det skapte eit utruleg vanskeleg debattklima i Kristiansand, men det førte også til at Demokratane med Vidar Kleppe i spissen fekk over 13 prosent ved kommunevalet i fjor haust, medan Høgre mista ordførarposten sin. Og den hadde dei hatt sidan 1947. Det fekk derfor store politiske konsekvensar. Det blei full fyr og det er framleis full fyr rundt Sørlandsnyhetene i Krisitansand, konstaterte Kjersti Løken Stavrum.

Då lurte debattleiar Kjetil B. Alstadheim på om dette er eit døme på at sosiale media gir meir rom for ytringsfridom eller om det heller gir eit avgrensa rom for ytringsfridomen gjennom til dømes konspirasjonsteoriar og det nokon oppfattar som hets.

Det spørsmålet fekk Anine Kierulf svara på først:

– Det er vel eit typisk Ole Brum-svar på det. Det er ei enorm utfordring for ytringsfridomen gjennom den breie utbreiinga dei sosiale media har. Alle kan koma til orde, også dei som ikkje slepp til i redigerte media. Styrken er at me kan nå ut langt breiare enn før. Informasjonsfridomen som gir oss høve til å fortelja endå meir om samfunnet rundt oss, er endå større. Der me tidlegare måtte slå opp i leksikon, treng me no berre eit tastetrykk for å få tak i masse informasjon, slo ho fast.

– Meir ekstreme variantar av det synet du hadde

– Så er spørsmålet om informasjonen er god. Er det eit ekkokammer der alle meiner det same og som stadfestar det du allereie trudde? Dei gir oss det me trur me vil ha, men ikkje det me treng. Det skjer ei grupperadikalisering dersom du berre er saman med likesinna. Då viser studiar at du tenderer til litt meir ekstreme variantar av det synet du hadde.

– Då blir det ytringar som ikkje handlar om å vera opne, og å oppfordra til dialog. Det blir ikkje mindre ytringsfridom av det, men mindre utveksling av ytringar og mindre realisering av ytringsfridomen si grunngjeving i sanningssøking og demokrati. Det er ikkje noko ynskje om å utveksla standpunkt, berre ynske om å slå kvarandre i hovudet, meinte Anine Kierulf.

Fædrelandsvennen fekk kritikk

Kjetil B. Alstadheim viste til at det i samband med Sørlandsnyhetene har vore kritikk av Fædrelandsvennen, den etablerte storavisa i Kristiansand.

– Dei er ikkje her for å svara for seg, men det var ein grunn til at Sørlandsnyhetene poppa opp som ein alternativ kanal for dei synspunkta.

Kjerst Løken Stavrum var einig i at den avisa var ein del av grunnlaget for diskusjonen.

 – Me skal vera varsame med å kritisera Fædrelandsvennen, men det har vore eitt av dei argumenta som er blitt framført. Det vil seia misnøya med at offentlege pengar er brukte på kunstsiloen, og at dei som gjekk imot det, ikkje fekk eit ordentleg talerøyr. Det andre er at den informasjonen som skulle vera tilgjengeleg låg bak ein betalingsmur, for det er inntektsmodellen for dei redigerte media, trekte ho fram.

– Eg veit at eg trakkar meg sjølv på foten, men for at dei redigerte media skal overleva,  må dei ha ei betalingsløysing ettersom annonseinntektene i stor grad er borte og forsvunne til Facebook, Det gjer at mange ikkje får den tilgangen på informasjon som dei trur er der ute,   for dei har vakse opp med at alt på nettet er gratis. Det er akkurat som med den sunne og næringsrike maten. Den må du betala for, peika ho på.

Anine Kierulf var heilt einig i at dette var vanskeleg.

–Det er eit kjempeproblem det der. Desinformasjon og konspirasjonsteoriar er gratis, medan nyansert meiningsjournalistikk kostar pengar. Dette passar ikkje så godt inn i det egalitære samfunnet vårt. Det er eit tydeleg problem, understreka ho.

– Skal mykje til for at Facebook har rettsleg ansvar  

– Kva er Facebooks ansvar for ein slik situasjon som dømet med Sørlandsnyhetene skisserer? lurte debattleiar Alstadheim på.

– Det er eit vanskeleg spørsmål, tykte Anine Kierulf.

– Me kan snakka om eit rettsleg spørsmål. Men det skal svært mykje til for at Facebook har eit rettsleg ansvar for noko. Forretningsmodellen til dei sosiale media og søkjeplattformene og teknologigigantane er at dei fungerer som ein slags nøytrale plattformer der andre menneske kan generera inn innhaldet. Så blir dei som genererer inn innhaldet dei ansvarlege, viste ho til.

Og etter hennar synspunkt er desse plattformene avgjerande for at dette innhaldet kjem langt ut.

– Men dei hadde ikkje hatt den same gjennomslagskrafta utan desse plattformene, og dei algoritmane som dei har der. YouTube kan vera ei bra plattform for unge artistar. Men samtidig er det ein vanskeleg situasjon der dei ikkje har eit rettsleg ansvar, samtidig som dei er ei medverkande årsak både til dei positive, men også til dei negative konsekvensane av denne måten som det offentlege må fungera på.

I STUDIO PÅ UNIVERSITETSPLASSEN: Kjersti Løken Stavrum og Anine Kierulf deltok i ein debatt om ytringsfridom i eit studio på  Universitetsplassen. Debattleiar var politisk redaktør Kjetil Bragli Alstadheim i Aftenposten. Panelsamtalen innleidde Fadderveka på UiO. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Elendig

– I Aftenposten har sjefredaktøren ansvaret for det som blir publisert i avisa. Burde Facebook ha ein redaktør som var ansvarleg for alt som blir publisert i verda?

– Ja, det er det som er problemet, svarte Anine Kierulf.

– For dei har heile tida jobba med utgangspunkt i at dei ikkje er redaktørar. Dei opererer likevel i sterkare grad som om dei er redaktørar. Sjølv den modereringa som dei må gjera etter sine eigne brukarvilkår, er jo heile tida ein stor redaktørjobb som dei gjer jamt over elendig, var dommen hennar.

– Svært utspekulert av Facebook

Kjersti Løken Stavrum sakna meir gjennomsiktige rutinar og opplysningar frå Facebook om kven som driv og bestemmer innhaldet i Noreg.

– Facebook burde eigentleg gi oss den vesle transparensen av kven det er som sit og redigerer det norske innhaldet. Det hadde vore nyttig og viktig å vita. Eg synest det er festleg å sjå korleis Facebook drar beina opp etter seg når det handlar om å ta ansvar. Dei vil tena mindre pengar om dei går ut av skuggen og seier at me har tatt vekk dette og dette. Det blir så problematisk for dei å visa ansikt, syntest ho. 

– Det viser dei når dei nyleg  har stansa eit innlegg frå Trump. Dei har kjørt faktasjekkarane framfor seg fordi dei ikkje vil vera ein sjølvstendig redaktør. Dette blir meir og meir problematisk, også om me går tilbake til Sørlandsnyhetene. Eg forstår ikkje kvifor dei får ha anonyme administratorar når alt anna på Facebook skal ha namn. Dette er svært utspekulert av Facebook, sa Løken Stavrum.

Norske lover må gjelda

Ho meinte at norske lover også bør gjelda for det selskapet.

– Skal Mark Zuckerberg ha ansvaret for alt som blir publisert på Facebook i heile verda? Me har akseptert at Facebook er ein global aktør. Det synest eg ikkje me skal gjera, for me har vår nasjonale lovgjeving. Og då må Facebook halda seg til det.

Tyskland gir bøter

Anine Kierulf drog fram Tyskland der dei hadde prøvd å få Facebook til å rydda opp.

– I Tyskland har dei innført reglar som gjer at Facebook må betala høge bøter om dei ikkje fjernar ulovleg innhald i løpet av 24 timar. Det har ført til at selskapet har tilsett ei rekkje nye moderatorar. Så langt har dei berre slått ned på dei som har brote dei vanlege brukarvilkåra, konstaterte Anine Kierulf.

Ein mann og ei  kvinne i  eit studio på Universitetsplassen
KUNNE BLITT LEIAR: Anine Kierulf sa nei til å bli leiar for Ytringsfridomskommisjonen. - Eg sa nei fordi eg akkurat hadde starta i  ei fast stilling som førsteamanuensis på Det juridiske fakultetet ved UiO, fortalde ho til debattleiar Kjetil Bragli Alstadheim. Då hadde ho utsett jobbstarten med to år. (Foto: Ola Sæther)

Sa nei til leiarverv

Kierulf kunne også forklara kvifor ho hadde sagt nei til å leia Ytringsfridomskommisjonen.

– Det sa eg nei til for eg hadde akkurat starta opp i ei fast stilling som førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet på UO. Og då hadde eg allereie utsett jobbstarten med to år, sa ho.

– Og eg sa ja med ein gong eg blei spurt om å ta dette vervet. For dette er noko som engasjerer meg, fortalde Kjersti Løken Stavrum.

Emneord: Akademisk frihet, Media, Facebook, Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 13. aug. 2020 12:55 - Sist endra 13. aug. 2020 12:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere