Koronapandemien førte til at det ikkje kunne haldast ein tradisjonell velkomstseremoni for nye studentar på Universitetsplassen i år. I staden blei rektor Svein Stølens tale strøymd via nettet. Og der kom også forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Ashem med ei helsing til dei nye studentane ved UiO. Det var ein del tekniske problem, og derfor var det ikkje lett å fylgja sendinga. Det seier UiO seg lei for, og lovar å leggja ut eit opptak av sendinga på nettsidene sine, så snart som mogleg.
Tidlegare på dagen fylgde derimot dei nye studentane tradisjonen med å samla seg i faddergrupper. Denne gongen kunne inga faddergruppe vera på meir enn 20 personar. Etter det Uniforum kunne observera i formiddag, heldt alle gruppene seg strengt til den grensa.
I morgon held fadderveka på UiO fram med ein debatt om ytringsfridom. I den debatten deltar Anine Kierulf, førsteamanuensis på Det juridiske fakultetet og leiar for Ytringsfridomskommisjonen, Kjersti Løken Stavrum. Debatttleiar er Aftenpostens politiske redaktør Kjetil Bragli Alstadheim. Då skal det mellom anna handla om forskarar som er meir opptekne av teljekantar enn å driva med formidling til grasrota. Og panelet får også spørsmål om kva det gjer det med målet om å å få til ein god og opplyst samtale når offentleg tilsette trur lojalitetsplikta hindrar dei i å delta i debattar. Sendinga start klokka 15.00 og går frå eit nyrigga studio som står på Universitetsplassen.
Les meir på universitetsplassen live
Logg inn for å kommentere