Kina-forskar vil boikotta Zoom

Fleire Kina-forskarar oppfordrar UiO og andre institusjonar til å vurdera å slutta å bruka den digitale plattforma Zoom. Det skjer etter at selskapet har fylgd krav frå Kina om å sensurera møte om drapet på demonstrantar på Tiananmen-plassen. 

Eit bilete viser deltakarane i eit Zoom-møte på  UiO

URO: Mange forskarar er uroleg etter at Zoom sensurerte møte om sensitive tema på oppfordring frå kinesiske styresmakter. Biletet viser eit Zoom-møte med leiinga ved UiO. 

Foto: UiO

Det var i går Aftenposten publiserte ein artikkel som viser korleis eigarane av den digitale plattforma Zoom samarbeider med kinesiske styresmakter for å sensurera opposisjonelle stemmer. Det blir vist til korleis selskapet avbraut fleire digitale møte der massakren av demonstrantar på Tiananmenplassen 4. juni 1989 var eit tema.

Dette er Zoom:

- eit selskap grunnlagt av den kinesiske gründaren Eric Yuan, som i dag bur i California.

- 2/3 av selskapet er registrert som amerikansk og blei notert på New York-børsen i april i fjor som Zoom Video Communications Inc. Utviklingsdelen av selskapet har hovudsete i Kina. 

- selskapet står bak eit digitalt kommunikasjonsverktøy som har fått stort gjennomslag i både Noreg, USA og andre land etter stenginga av dei høgare lærestadene på grunn av koronapandemien den 12. mars.

- 2532 tilsette

- den første kunden var Stanford University i  California

- medan ei aksje i selskapet var verdt 70 dollar i januar 2020, er den i dag verdt 150 dollar. Den samla verdien av selskapet er på 45 milliardar dollar. 

- sidan 1. april har Zoom hatt 300 millionar daglege brukarar medan selskapet i desember hadde 10 millionar daglege brukarar.

Aktuelt:

Selskapet avbraut fleire møte der drapet på demonstrantar på Tiananan-plassen i 1989 var tema. Har skapt stor uro i forskarmiljø.

(Kjelder:Wikipedia, Harald Bøckman, Mette Halskov Hansen, Torbjørn Færøvik, James Millward, UiO, Zoom)

Det gjorde selskapet etter å ha fått ein instruks frå dei kinesiske styresmaktene som hadde fått kjennskap til at også kinesarar på fastlands-Kina deltok i debatten.

I Noreg skaut bruken av Zoom som digital plattform fart hos universiteta og høgskulane etter at alle måtte utestengjast frå institusjonane frå 12. mars på grunn av koronapandemien. No dominerer Zoom på desse lærestadene. 

Ein av dei som er svært kritisk til den utstrekte bruken av Zoom i akademia er UiOs eigen Kina-ekspert, emeritus Harald Bøckman, på  Senter for utvikling og miljø. Han er ikkje i tvil om kva råd han vil gi til sin eigen arbeidsgjevar.

– Eg synest UiO bør slutta å bruka Zoom, seier han til Uniforum i ein epost.

– Meir enn problematisk for fri akademisk meiningsutveksling

Og han listar opp fleire grunnar til at han konkluderer med det.

– Zooms kinesiske hovudselskap etterfylgde i førre veke den kinesiske regjeringa sitt pålegg om å stengja ned tre minnemarkeringar om Tiananmen-hendingane i 1989 som tema - fordi dei også hadde kinesiske deltakarar og fordi dei tilsynelatande «overtrådte kinesisk lov». Slikt er meir enn problematisk for fri akademisk meiningsutveksling, slår Harald Bøckman fast.

Han viser til at det tette forholdet mellom kinesiske selskap og kinesiske styresmakter fører til store problem for kinesiske forskarar og studentar som arbeider og studerer i utlandet.

– Slike tette band mellom selskap og kinesiske sensur- og overvakingsstyresmakter gjer at kinesiske studentar og forskarar i utlandet, vil måtta ta sine atterhald, og ikkje vera i stand til å ta del i den same frie meiningsutvekslinga. Det opnar også for sjølvsensur frå lærarkrefter hos oss om korleis det vert undervist om Kina, trekkjer han fram.

–Sensur finn stad i Kina

Kina-ekspert Harald Bøckman tykkjer heller ikkje det talar til fordel for selskapet at grunnleggjaren og administrerande direktør for Zoom, Eric Yuan har slått seg ned i Santa Clara i California.

– Det er heller eit god døme på korleis kinesiske gründerar er dyktige til å «mjølka» begge systema, konstaterer han.

Samtidig peikar han på at Zoom Video Communications er eit amerikansk selskap som blei registrert med brask og bram på New York-børsen 18. april i fjor.

– Men utviklingsverksemda og sensur når naudsynt, finn stad i Kina, legg han til.

Ein mann med skjegg og  briller  ser mot kameraet
YNSKJER BOIKOTT AV ZOOM: Emeritus Harald Bøckman ved SUM meiner at UiO bør slutta å bruka Zoom. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther) 

Harald Bøckman minner om at det i lengre tid har vore uro over kor sentral rolle Zoom har fått i akademia på grunna av korona-pandemien Ein av dei som er svært kritisk er historieprofessor James Millward ved Georgetown University i Washington. I eit ope brev James Millward har publisert i Medium.com skriv han at mellom anna  alle dei amerikanske universiteta må gjera det klart for Zoom at dersom politikken deira er å halda fram med å avbryta møte og sletta kontoar på grunn av ordre om sensur frå Det kinesiske kommunistpartiet, FBI eller andre einingar, så kan ikkje amerikanske universitet lenger ha kontraktar med Zoom.

For det andre meiner han at alle universiteta må ha ein plan B med andre plattformer, slik som Microsoft Teams, Google Meeting med fleire.

Harald Bøckman går endå lenger enn den amerikanske historieprofessoren.  

– Eg synest UiO bør slutta å bruka Zoom.

 

– Totalt uakseptabelt

I kritikken av Zoom, står Harald Bøckman heller ikkje åleine.

For også professor i Kina-studiar Mette Halskov Hansen på UiO har registrert at Zoom har sletta brukarar som har deltatt på møte om sensitive hendingar. Det meiner ho ikkje kan aksepterast.

– Zoom har ved fleire kjende høve, etter krav frå kinesiske styresmakter, sensurert Zoom-møte om politisk sensitive tema som Tiananmen og Hongkong, og dei har sletta brukarar som organiserte møta. Desse møta blei organiserte og haldne utanfor Kina, og det er sjølvsagt totalt uakseptabelt at dette skjer, gir ho uttrykk for i ein epost til Uniforum.

– Zoom har sidan beklaga dette, og dei seier no at det ikkje skal skje igjen, samtidig som dei held fast på at dei ved møte organiserte av brukarar i Kina, vil følgja opp den sensuren kinesiske styresmakter krev. Zoom vel dermed samme veg som ein del andre utanlandske teknologi-bedrifter som Yahoo, Skype og andre, nemleg å kjøra med forskjellige standardar i Kina og i resten av verda, konstaterer ho.

REAGERER: – Mange forskarar reagerer kraftig på dette, og det er blant anna uro for om me i desse online-tidene kan løpa inn i problem når me underviser via Zoom, Skype, Microsoft Teams osv. med studentar som på grunn av korona berre kan delta i undervisning frå Kina, seier Mette Halskov Hansen, professor i Kina-studier ved UiO. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther).

 

 

– Mange forskarar reagerer kraftig

Mette Halskov Hansen viser til at det er stor uro i forskarmiljøet om dette problemet.

–Mange forskarar reagerer kraftig på dette, og det er blant anna uro for om me i desse online-tidene kan løpa inn i problem når me underviser via Zoom, Skype, Microsoft Teams osv. med studentar som på grunn av korona berre kan delta i undervisning frå Kina. Mange har reist spørsmålet om me skal boikotta Zoom totalt, andre har spurt om me då ikkje også burde boikotta veldig mykje anna, seier ho til Uniforum.

Akkurat som Kina-ekspert Harald Bøckmann viser ho til det opne brevet som historieprofesser James Milward ved Georgetown University har publisert.

–Me er einige med professor James Milward som har sendt eit ope brev til amerikanske universitet om dette, understrekar ho.

– Bør gå ei tydeleg og utvetydig melding til Zoom

Etter hennar meining er det ikkje noko tvil om kva universiteta og høgskulane bør gjera no.

 – Det bør gå ei tydeleg og utvetydig melding til Zoom frå universitet og høgskular som abonnerer på Zoom. Det bør meldast at det som skjedde var heilt uakseptabelt, at me må få ei forsikring om at data om brukarar og deltakarar på våre Zoom-møte ikkje vert overleverte til styresmakter, verken kinesiske, FBI, eller andre, og at alt Zoom og andre av desse firma gje,  vil bli fylgt nøye. Det vil løpande bli vurdert om me skal stoppa abonnement, er oppfordringa hennar.

– Bør ha fleire alternativ

Mette Halskov Hansen åtvarar også mot at akademia gjer seg avhengig av berre ei digital plattform.

– Samtidig bør me som universitet, forskarar og lærarar uansett ikkje gjera oss for avhengige av berre ei plattform eller eit firma, som til dømes Zoom. Me bør ha fleire alternativ og me bør raskt kunna stoppa bruken av dei om nødvendig, meiner ho.

– Det er betenkeleg

Kina-kjennaren Torbjørn Færøvik er journalist og har skrive fleire bøker om Kina. Han er kritisk til at akademia i så stor grad brukar Zoom som digitale plattform, når det har vist seg at selskapet har fylgt ordre om sensur frå kinesiske styresmakter.

– Det er betenkeleg, for no og då vil norske universitetsfolk ha behov for å oppretta videokonferansar som også omfattar kinesiske deltakar busette i Kina. Og om temaet er av sensitiv art som Taiwan, Tibet, Dalai Lama, 4.juni og slike ting, så kan det oppstå svært kinkige situasjonar. Det viser at det finst grenser for kva bruk dette systemet har, seier Torbjørn Færøvik til Uniforum.

– Globaliseringsdilemmaet

Han peikar på at nærare ein tredel av dei tilsette i selskapet arbeidet i Kina. Og for dei er det Kinas lover som gjeld. Derfor tykkjer han at dei siste episodane med Zoom, illustrerer svært godt eit spesielt problem.

– Dette viser svært godt globaliseringsdilemmaet. Me vil så gjerne ha med Kina på laget, men så viser det seg gong etter gong at Kina er ein vanskeleg samarbeidspartnar fordi landet rett og slett er eit diktatur. Kina fylgjer sine eigne kjørereglar, og då oppstår slike konfliktar, poengterer han.

Færøvik trekkjer fram at det er grunnen til Google og Skype har trekt seg delvis ut av Kina medan andre operatørar i i høgteknologibransjen har vald å bli verande og føya seg etter dei kinesiske styresmaktene sine lover og interesser.

– Må ta ein diskusjon om Kina

For Torbjørn Færøvik er det no viktig at norske akademikarar og institusjonar kjem på bana og tar ein debatt om bruken av Zoom. Han peikar på at problemet oppstår når norske universitetsfolk skal kommunisera med Kina og ikkje kan gjer det på fritt grunnlag fordi dei kinesarane dei kommuniserer med, vil vera underlagt kinesisk sensur og kan dermed setja seg sjølve og lærestadene sine i fare.

– Dette er ein diskusjon som norske akademiske institusjonar må ta. Diskusjonen om Kina ligg der og ulmar, men mange kvir seg for å ta tak i den. Grunnen er at heile feltet er så kjenslevart. Det er friskare ordskifte om Kina i media og blant journalistane og andre faggrupper enn hos akademikarar. Det synest eg er betenkeleg. For me tenkjer om dei intelektuelle og akademikarane at når alle andre sviktar, er det godt at me har akademikarar som kan stå opp for sanninga. Men når sjølv dei kvir seg for å ta desse diskusjonane, ja då har me eit nokså stort problem. Derfor bør dette setjast på dagsordenen utan at eg har noko sesam-sesam-svar på det heile, seier Torbjørn Færøvik til Uniforum.

 

– UiO har tatt opp den uheldige oppførselen til Zoom

Me har også tatt kontakt med leiinga på Universitetet i Oslo for å høyra om dei vil ta opp bruken av Zoom etter dei dokumenterte overtrampa selskapet stod bak overfor kinesarar som deltok i ein debatt om drapet på demonstrantar på Tiananmen-plassen 4. juni 1989.

IT-direktør Lars Oftedal på Universitetet i Oslo reagerer også på at Zoom har sensurert og avbrote møte der det har vore diskutert tema som har vore sensitive for kinesiske styresmakter.

– UiO synest det er ein svær uheldig oppførsel frå Zoom som elles har gått langt i å beklaga hendinga. Det var både bra og nødvendig, seier han i ein epost til Uniforum.

Ei bereddskapsøving på UiO
UHELDIG OPPFØRSEL:  – UiO synest det er ein svært uheldig oppførsel av Zoom, seier IT-direktør Lars Oftedal. (Arkivfoto: Ola Sæther) 

Lars Oftedal fortel at Universitetet i Oslo no har gripe tak i den saka.

– UiO har tatt opp den uheldige oppførselen til Zoom med leverandøren vår, Uninett, som igjen har tatt det opp med sin leverandør, NORDUnet, som har tatt det opp med Zoom, fortel han.

– Veldig nøgde

IT-direktøren forsvarar likevel avgjerda om å bruka Zoom som ei digital plattform.

– UiO valde Zoom fordi dette er eit val som er gjort for heile UH-sektoren i Noreg gjennom ein fellesavtale og fordi Zoom har god funksjonalitet i høve til dei behova UiO har. Me har gjennomført ei spørjeundersøking blant undervisarane våre som viser at dei har tatt verktøyet i bruk og er veldig nøgde.

Zoom tar sjølvkritikk

Kritikken mot Zoom har også fått selskapet til å ta sjølvkritikk. I ein tekst som det la ut på nettsidene sine den 11. juni vedgår dei at dei sletta to vertskontoar  i USA og ein i Hongkong. Dei avbraut også fleire møte i staden for å blokkera deltakarar frå nokre land. I alle desse tilfella var hovudgrunnen at dei diskuterte drapa på demonstrantar på Tiananmen-plassen i Beijing 4. juni 1989. Fleire av deltakarane heldt til i Kina.

– I tida framover vil me ikkje tillata den kinesiske regjeringa å be oss om å  setja i verk tiltak som kan råka folk utanfor det kinesiske fastlandet, lovar Zoom på nettsidene sine. Men selskapet lovar ikkje å lata vera å gripa inn dersom deltakarar i Kina deltar i politiske diskusjonar om tema som dei kinesiske styresmaktene har lagt ned forbod mot å debattera.

Det var ei forklaring som ikkje var god nok for historieprofessor James Millward ved Georgetown University i Washington. Det var grunnen til at han sende eit ope brev til alle dei amerikanske universiteta den 15. juni, og bad dei om å stilla Zoom eit ultimatum. "Dersom politikken deira er å halda fram med å avbryta møte og sletta kontoar på grunn av ordre om sensur frå Det kinesiske kommunistpartiet, FBI eller andre einingar, så kan ikkje amerikanske universitet lenger ha kontraktar med Zoom". 

 

 

Emneord: Kina, Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2020 17:08 - Sist endra 18. juni 2020 17:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere