Første spadetak tatt for utgraving av vikingskipet på Gjellestad

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn tok i dag det første spadetaket for utgravinga av vikingskipet på  Gjellestad i Halden. Sist eit vikingskip blei grave ut, var for 100 år sidan. 

Ein mann tar ei spadetak medan tre andre står bak og ser på.

EIT LITE SPADETAK: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn tok eit lite spadetak for seg, men eit stort for historia, då han markerte starten på utgravinga av vikingskipet på Gjellestad i formiddag. Det er det første vikingskipet som blir grave ut  i Noreg på over 100 år. 

Foto: Snorre Tønset/Klima- og mijøverndepartementet

– Det er ei stor ære for meg å starta denne kunnskapssikringa ved å gjera det aller første spadestikket, seier Sveinung Rotevatn i ei pressemelding frå Klima- og miljødepartementet.

Den 11.mai kom klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn sjølv med lekkasjen om at regjeringa ville løyva 15.6 millionar kroner til utgraving av restane etter Gjellestadskipet i Halden i revidert budsjett.

I dag tok han spaden i begge hender og spadde i gang utgravinga. Resten av jobben skal utførast av arkeologar frå Kulturhistorisk museum på Universitetet i Oslo i samarbeid med arkeologar frå Viken fylkeskommune.

1200 år gammal

Skipsgrava på Gjellestad i Halden er frå tida mellom år 700 og 900 e.Kr.  Det viste årringsdatering frå kjølen til skipet. som først blei gjort kjent på ein pressekonferanse i Klima- og mijødepartementet den 17. januar i år. 

Det var prøven av kjølen til skipet som gjorde det mogleg å finna ut maksimumsalderen for skipet ved hjelp av årringsdatering (dendrokronologi).I fylgje undersøkinga frå Kulturhistorisk museum ved UiO svarar årringsmønsteret i denne delen av kjølen til vekstmønsteret for eik i perioden 603 -724 e.Kr. 

Prøven viser også at eika ikkje har vakse på Austlandet, men har kome frå Agder eller Sogn og Fjordane. Det viser at skipsgrava er frå tidleg vikingtid nett som Osebergskipet, Gokstadskipet og Tune-skipet, er konklusjonen til arkeologane.

Soppangrep hadde ført til store skader og Kulturhistorisk museum rådde derfor til at det straks blei starta utgraving av skipet. Og med løyvinga på 15.6 millionar kroner i revidert budsjett, kunne utgravinga starta opp i dag.

– Eineståande

– Gjellestadskipet er eit funn av eineståande nasjonal og internasjonal tyding, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.

– Funnet er veldig sårbart overfor menneskelege inngrep og klimaendringar, og me veit at det er under aktiv nedbryting.  Derfor var det nødvendig at regjeringa sørgde for ei ekstraordinær løyving over revidert statsbudsjett for å få stansa nedbrytinga og sikra funnet og kunnskapspotensialet så hurtig som mogleg, seier klima- og miljøministeren.

100 år sidan sist

Bevaringsforholda og bevaringstilstanda for skipet er ekstremt dårlege. Det hastar med å få dokumentert funnet før det blir heilt øydelagt. Ved undersøkingar i 2019 blei det konstatert at berre kjølen på skipet er bevart og intakt, men sterkt nedbroten  av sopp. Det er over 100 år sidan sist eit gravskip frå vikingtida blei undersøkt i Norge, går det fram av pressemeldinga.

Arkeologane skal jobba på Gjellestad i fem månader. Det er knytt store forskings- og formidlingsinteresser til funnet både nasjonalt og ikkje minst internasjonalt. Skipa var ein føresetnad for det som me  karakteriserer som vikingtida i Noreg, melder Klima- og miljødepartementet.

Under opningsseansen var også museumsdirektør Håkon Glørstad og rektor Svein Stølen til stades på vegner av Universitetet i Oslo som har ansvaret for utgravinga av funna knytte til skipet.

Oppdaga med georadar

Det var oktober 2018 nyhendet kom om at det var gjort eit funn av noko som kunne vera eit vikingskip på Gjellestad i Halden kommune. Forskarar frå Norsk institutt for kulturminneforskning, NIKU, hadde gjennom målingar med georadar oppdaga ei tydeleg skipsform under bakken. Dei hadde også oppdaga stolpehol og avtrykk etter langhus, men også fleire mindre gravplassar.

Utgravingane, som er eit samarbeid mellom  Kulturhistorisk museum og Østfold fylkeskommune (no Viken fylkeskommune), starta opp i august i fjor. Museet har hatt hovudansvaret for funna knytte til skipet, medan fylkeskommunen har hatt ansvaret for utgravingane av dei andre funna.

Emneord: Vikinger, Arkeologi, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 26. juni 2020 13:07 - Sist endra 26. juni 2020 13:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere