Menneskerettsdirektør gir Andreas Føllesdal støtte i kritikken av Eigedomsavdelinga

–Avgjerda om å lata mange tilsette jobba i ope landskap i Domus Juridica har ført til fleire vanskar, spesielt kom det på spissen etter at koronapandemien starta. Det seier direktør Gentian Zyberi på Norsk senter for menneskerettar.

Ein mann ser mot kameraet

STØTTAR KRITIKK: Direktør Gentian Zyberi på Norsk senter for menneskerettar, UiO støttar kritikken professor i politisk filosofi, Andreas Føllesdal kjem med mot Eigedomsavdelinga ved UiO. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Dermed støttar  Gentian Zyberi kritikken professor  i politisk filosofi Andreas Føllesdal har kome med mot Eigedomsavdelinga ved UiO.

Det var sist fredag Andreas Føllesdal kom med ei verbal kraftsalve mot Eigedomsavdelinga på Universitetet i Oslo i eit debattinnlegg i Uniforum. Hovudkravet hans var at Eigedomsavdelinga måtte bli meir lydhøyre for behova til dei tilsette. Han oppfordra derfor UiOs styre til å koma på bana, for etter hans meining, ser ikkje UiO-leiinga ut til å forstå kva som er på spel.

Kritiserer behandlinga av SFF

Dei to døma som han trekkjer fram som bevis på at Eigedomsavdelinga ikkje har fylgt opp dei ynska tilsette har hatt, er behandlinga av Senteret for framifrå forsking, (CSMN-senteret) på Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) og etableringa av arbeidsplassar i ope landskap i Domus Juridica.

Samtidig gratulerer han Eigedomsavdelinga med den vellykka strategien som hindra at Statsbygg fekk overta forvaltingsansvaret for eigedomane til UiO og dei andre sjølvforvaltande universiteta og høgskulane.

Åtvarar mot å etablera SFF-ar på UiO

Som tidlegare leiar for eit senter for framifrå forsking, PluriCourts, åtvarar han derfor no andre som søkjer å etablera slike miljø om å gjera det på UiO. Etter hans meining ser andre norske universitet ut til å vera betre vertskap for både SFF-ar og for ERC-prosjekt, går det fram av debattinnlegget hans.

Andreas Føllesdal stiller også mange spørsmål som han vil ha svar på frå Eigedomsavdelinga. Mellom dei er korleis dei vil grunngi at kontorlandskap står fram som den beste løysinga og kva delar av UiOs samfunnsoppdrag meiner Eigedomsavdelinga dei tilsette utfører betre ved å sitja i eit stort kontorlandskap i staden for i einekontor eller mindre felleskontor med mindre støy.

Ingen kommentar frå Eigedomsavdelinga

Uniforum har tatt kontakt med eigedomsdirektør John Skogen og bede han og dei andre i UiO-leiinga om å svara på innlegget til Andreas Føllesdal. «Vi har registrert Føllesdal sitt innlegg og velger å ikke kommentere dette nærmere», svarar han i ein epost til Uniforum. Heller ikkje når Uniforum spør om me kan få ein kommentar i ein redaksjonell artikkel, vil Eigedomsavdelinga på bana i denne saka. Då viser John Skogen på nytt til at dei som sagt ikkje vil gå inn i nokon debatt om dette eller gi fleire kommentarar i denne saka.

– Håpar at UiOs styre får vita om dette

Uniforum har kontakta Andreas Føllesdal og fortalt han at Eigedomsavdelinga har valt ikkje å kommentera kritikken han kjem med.

– Eg synest det er leit at dei ikkje vil svara på spørsmåla mine, seier Andreas Føllesdal til Uniforum.

No stolar han på at nokon i universitetsstyret vil ta grep og svara han.

– Eg håpar at UiOs styre får vita om dette. Eg overlet til dei å trekkja konklusjonar om dei generelle problema eg peikar på, seier han til Uniforum.

– Har ført til fleire vanskar

Derimot får Andreas Føllesdal klar støtte for kritikken sin mot Eigedomsdavdelinga frå Gentian Zyberi som er direktør for Norsk senter for menneskerettar.

– Avgjerda om å lata mange tilsette jobba i ope landskap i Domus Juridica har ført til fleire vanskar, spesielt kom det på spissen etter at koronapandemien starta, er konklusjonen hans. Han meiner at dette er ein situasjon som dei ikkje føler seg komfortabel med.

– Kan berre ha ein tredel av staben på arbeidsplassane sine

– Akkurat no kan me ikkje ha meir enn ein tredel av staben vår tilbake på arbeidsplassane sine i Domus Juridica. Men utfordringa blir mykje større til hausten når endå fleire gjerne vil tilbake, varslar han.

Sjølv har han prøvd å ha heimekontor så lenge som mogleg.

 – No begynte eg å få litt problem med nakken og ryggen, så difor har eg begynt å koma på jobben i Domus Juridica to til tre gonger i veka, fortel han.

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 26. mai 2020 05:30 - Sist endra 27. mai 2020 11:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere